Omfattande tiltak skal sikre E136 gjennom Sjøgata i Ålesund
9.11.2026 12:48:36 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
E136 gjennom Sjøgata er trygg å bruke. No blir belastninga redusert og arbeidet med ein midlertidig veg er forsert.

Statens vegvesen set inn fleire tiltak etter nye og grundigare undersøkingar av dei gamle konstruksjonane under Sjøgata. Målet er å redusere belastninga på kort sikt og få på plass ei midlertidig løysing som sikrar trygg og sikker framkomst gjennom Ålesund.
– Det viktigaste er at E136 gjennom Sjøgata er trygg å bruke så lenge vegen er open. Statens vegvesen har no meir detaljert oversikt for tilstanden og set inn fleire tiltak samtidig. Belastninga blir redusert, dei tyngste transportane blir handterte særskilt, og arbeidet med ein midlertidig veg er forsert, seier avdelingsdirektør Ruth Myklebust i Statens vegvesen.
Grundigare undersøkingar gir betre kunnskap
Etter at det blei avdekt svekt tilstand på dei gamle konstruksjonane under Sjøgata, gjennomførte Statens vegvesen ein spesialinspeksjon. Dette er ei grundigare undersøking enn ein vanleg inspeksjon. Sjølve konstruksjonen er undersøkt grundig for mellom anna å finne ut kor mykje armeringa er svekt av korrosjon, og kva dette betyr for bereevna.
Undersøkingane stadfestar at konstruksjonane har skadar og at belastninga må reduserast. Konsulent tilrår difor både tiltak som reduserer belastninga og at ein midlertidig veg blir etablert så raskt som praktisk mogleg.
– Sjøgata er trygg å bruke så lenge ho er open. Samtidig er det nødvendig å redusere belastninga på konstruksjonane medan arbeidet med den midlertidige løysinga går føre seg, understrekar Myklebust.
Dette blir gjort no
Statens vegvesen har parallelt med spesialinspeksjonen forsert prosjekteringa av ein midlertidig omkøyringsveg, med sikte på opning før jul.
– Den midlertidig vegen blir planlagd på fyllinga vi etablerte i fjor med tanke på dette behovet. Det gjer det mogleg å få på plass ei løysing raskare og flytte trafikken bort frå dei svekte konstruksjonane, fortel prosjektleiar Ole Kristian Birkeland. Han håper å kome i gong med arbeida allereie i slutten av neste veke.
Den gamle konstruksjonen strekkjer seg inn under Posthuskrysset. Omkøyringsvegen må derfor plasserast slik at han går klar av konstruksjonen (sjå skisse/illustrasjon).
– Forslag til trafikkløysing med ei midlertidig rundkøyring vart lagt fram for kommunen og dei andre partane i møte i dag. Vi meiner dette kan fungere godt i ei midlertidig fase, men løysinga krev ein del areal, seier Birkeland.
E136 gjennom Sjøgata var opphavleg godkjend for BK10/60. No blir strekninga midlertidig godkjent for BK10/50 ut året, utan spesialtransport. Strekninga vil bli omskilta i løpet av dei næraste dagane.
Enkelt forklart betyr det at den tillatne belastninga frå ordinære tunge køyretøy blir redusert. Talet 10 i BK10 viser til at høgste tillate aksellast er 10 tonn, medan 50 viser til tillaten totalvekt på inntil 50 tonn innanfor dei aktuelle reglane.
– For dei aller fleste trafikantane betyr endringa lite. Personbilar og ordinær tungtransport innanfor BK10/50 kan framleis bruke E136. Det er dei ekstra tunge eller store transportane som krev dispensasjon, til dømes enkelte mobilkranar, som må handterast særskilt, fortel Myklebust.
Behovet for slike transportar er avgrensa. Det er rekna med om lag éin mobilkrantransport i veka, medan annan spesialtransport skjer sjeldnare.
For spesialtransport blir det vurdert alternative ruter. Køyring på bestemte tidspunkt og anna trafikkregulering kan også vere aktuelt. Arbeidet med å finne løysingar for spesialtransportane har høg prioritet. Det blir også jobba med kva dette betyr for vinterdrifta og skilting.
Samarbeider om løysingane
Statens vegvesen har i dag gjennomført eit felles møte med Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, politiet, brannvesenet, Sørsida Utvikling og Ålesundregionens Havnevesen IKS. Målet var å få ei felles forståing av situasjonen og samordne tiltaka. Tema var mellom anna omkøyringsmoglegheiter, spesialtransport, vinterdrift og arbeidet med den midlertidige vegen.
– God samordning er avgjerande når E136 og Sjøgata har så stor betydning for Ålesund. Dialogen med kommunen, fylkeskommunen, politiet, nødetatane og hamna skal bidra til at tiltaka fungerer i praksis og at framkomsten blir teken vare på, avsluttar Ruth Myklebust.
Statens vegvesen vil kome tilbake med meir informasjon når ein veit meir om gjennomføringa av tiltaka og bygging av den midlertidige vegen.
Nøkkelord
Kontakter
Ruth MyklebustAvdelingsdirektørStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:911 16 300ruth.myklebust@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje
Bilder





Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Klage gir forseinka oppstart for første tunnelkontrakt i Fellesprosjektet Arna–Stanghelle9.11.2026 13:20:34 CET | Pressemelding
Oppstart på den første tunnelkontrakten blir forseinka på grunn av klage frå ein av tilbydarane. Planlagt byggestart for prosjektet blir forskjøvet frå 2026 til 2027.
Kø inn mot Hamar fra mandag når signalanlegg skal skiftes ut7.11.2026 10:34:46 CET | Pressemelding
Ta høyde for at kjøreturen på riksveg 25 fra E6 og Åkerkrysset inn mot Hamar sentrum vil ta lengre tid fra mandag morgen og hele neste uke.
Vegen kan være bar i det ene øyeblikket og glatt i det neste6.11.2026 14:55:55 CET | Pressemelding
Vi er i overgangen mellom høst og vinter, og føret kan skifte raskt. Vegen kan se svart og bar ut, men likevel være dekket av en tynn hinne med is.
Bergsikring på E39 i Brusdalen6.11.2026 12:13:43 CET | Pressemelding
Den 10. november skal Statens vegvesen sikre bergskjæringer langs E39 i Brusdalen i Ålesund. Vegen vil være åpen, men trafikantene må regne med noe redusert framkommelighet
Statens vegvesen rehabiliterer støyskjerm langs Trondheimsveien i Oslo5.11.2026 10:26:49 CET | Pressemelding
Statens vegvesen skal skifte ut eksisterande støyskjerm på Rv 4 Trondheimsveien ved Skillebekk i Oslo. Etter planen skal arbeidet starte i midten av november.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom