Statens vegvesen

Klage gir forseinka oppstart for første tunnelkontrakt i Fellesprosjektet Arna–Stanghelle

9.11.2026 13:20:34 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Oppstart på den første tunnelkontrakten blir forseinka på grunn av klage frå ein av tilbydarane. Planlagt byggestart for prosjektet blir forskjøvet frå 2026 til 2027.

Illustrasjon av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Illustrasjon av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle Statens vegvesen/Bane NOR

Den 16. oktober meldte Fellesprosjektet Arna–Stanghelle at Hæhre Entreprenør AS var tildelt den første tunnelkontrakten for anleggstunnelar, sjakter og førebuande arbeid langs E16 mellom Arna og Stanghelle. Kontrakten har ein verdi på om lag 1,3 milliardar kroner utan meirverdiavgift. Fredag førre veke vart det klart at Skanska Entreprenør AS i arbeidsfellesskap med Vassbakk & Stol AS har klaga på tildelinga og kravd midlertidig forføying. Det betyr at kontrakten tidlegast kan signerast etter at saka har vore oppe i Oslo tingrett.     

– Kva tid saka kjem opp for retten er ikkje avklara. Det betyr at byggestart for prosjektet først kan skje tidleg i 2027, seier prosjektleiar Kari Bremnes.  

Utfallet i retten vil avgjere kor lang forseinkinga blir. Arbeidet skulle etter planen starte opp i desember i år. 

Fakta:

  • Kontrakten omfattar tre anleggstunnelar på til saman 3,7 kilometer, kvar med ein eigen bergsjakt til Sørfjorden. 
  • Anleggstunnelane ligg på Romslo, Langhelleneset og Gamle Fossen. 
  • Tunnelane skal brukast til å frakte og deponere tunnelstein frå bygginga av dei nye veg- og jernbanetunnelane. 
  • Kryssområdet på Trengereid skal leggast om. 
  • Det skal byggjast midlertidige rundkjøringar på dagens E16 ved Romslo, Rødberg, Langhelleneset, Fossneset og Dalehagen, for å sikre av- og påkøyring til anleggsområda. 
  • Strekninga er skredutsett, og det må gjennomførast omfattande skredsikring før delar av anleggsarbeidet kan starte. 
  • Arbeidet skal skje tett på dagens E16, og trafikantane må rekne med redusert framkomst og lengre reisetid. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bilde av prosjektleder Kari Bremnes
Prosjektleder Kari Bremnes
Karoline Rage Statens vegvesen
Last ned bilde
Illustrasjon av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Illustrasjon av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Statens vegvesen/Bane NOR
Last ned bilde

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye