Velkomen til pressevisning: "Adrián Villar Rojas. The End of Imagination" på Nasjonalmuseet
9.11.2026 13:48:46 CET | Nasjonalmuseet | Presseinvitasjon
Nasjonalmuseet inviterer til pressevising med den argentinsk-peruanske kunstnaren Adrián Villar Rojas tysdag 17. november.

Deltakarar:
- Adrián Villar Rojas, kunstnar
- Nora Ceciliedatter Nerdrum, avdelingsdirektør for samling
- Ingvild Krogvig, kurator
- Ingvild Hammervoll, kurator formidling
Pressevising blir halde tysdag 17. november kl. 11.00–13.00. Påmelding til sigurd.lamark@nasjonalmuseet.no innan 16. november.
Påmelde blir bedne om å møte ved hovudinngangen. Vi ønskjer at større jakker og vesker blir lagde i garderoben. Gje beskjed dersom det er behov for å ta med kamerastativ eller anna større utstyr.

Om utstillinga:
Adrián Villar Rojas. The End of Imagination
Dei monumentale skulpturane til Adrián Villar Rojas tar over to av lyshallane på museet.
- 19. november 2026–7. mars 2027
- Nasjonalmuseet, Lyshallen
Kva skjer med kunsten om menneska ikkje lenger eksisterer? Er kunstnarleg produksjon nødvendigvis knytt til menneska som art, eller kan han overleve utan oss? Korleis vil verda sjå ut når vi ikkje lenger er her? Dette er nokre av spørsmåla som gjerne dukkar opp i møte med kunsten til Villar Rojas.
Utstillinga samlar tre kolossale skulpturar frå serien «The End of Imagination» – skulpturar med heimsøkande og overjordiske former som ser ut som dei er gravne ut frå ei ubegripeleg framtid.
«Adrián Villar Rojas. The End of Imagination» er den første utstillinga til den argentinsk-peruanske kunstnaren i Noreg og den første større presentasjonen av desse verka i Europa.
I 2020 utvikla Villar Rojas og medarbeidarane hans «Time Engine», eit programvaresystem som er laga for å utforske forholda i førestilte verder. Ved å kombinere prosessmodellering, simuleringar av miljømessige- og materielle prosessar og spekulative modellar for simulering av økonomi, samfunn og konfliktar skaper systemet detaljerte kunstige verder.
I løpet av tidsperiodar som strekker seg frå timar til millionar av år, blir organismar, arkitektur, maskiner og geologisk materiale forma av vekslande klima og handelssystem, kamp om ressursar og framvekst og fall av sivilisasjonar. Kunstnaren skaper rammevilkåra der desse verdene utviklar seg, og hentar skulpturelle former frå historiene som utspeler seg i dei.
Jorda skaper sjølv forbløffande komplekse former: insekt, tre, bergartar, ja, til og med maskinene som gir opphav til nye former. Ved hjelp av dei digitale økologiane til Villa Rojas strekker denne generative logikken seg inn i tenkte verder. Kunstnaren hentar gjenstandar frå desse realitetane og tek dei inn i vår verd. Som Villar Rojas seier: «Eg modellerer verder, og desse verdene modellerer ‘skulpturar’ for meg.»
Når ein skal omsette desse digitale formene til fysiske skulpturar, krevst det ein lang utforskings- og produksjonsprosess. I ein mellombels verkstad i Rosario i Argentina utvikla kunstnaren og medarbeidarane hans materiale, verktøy og konstruksjonsteknikkar for å tilpasse desse digitale formene til tyngdekrafta, storleiksforholda og den strukturelle stabiliteten på jorda.
Betong, glas, salt, voks, harpiks, plast, tre, motordelar og organisk materiale er sett saman i ulike lag. Resultatet er overflater som minner om mineralformasjonar, slagg frå industri og restar av monument. Den tilsynelatande alderen til skulpturane og den ukjende anatomien deira kjem til syne gjennom dei mange avgjerdene og arbeidet til menneska som utformar dei.
Kva skjer når ein institusjon som er bygd for å tolke fortida, står overfor gjenstandar som stammar frå historier som aldri har funne stad? Skulpturane har den fysiske tyngda og kompleksiteten som kjenneteiknar verkelege ting, men har likevel ingen plass i den tidsrekninga vi nyttar for å forstå verda. Her blir museet sjølv både ei ramme for denne undersøkinga og eit av temaa i henne.
«The End of Imagination» skriv seg inn i ei lang historie der menneska har prøvd å tenke utanfor grensene sine. Gudar, kunst og matematikk har gjort det mogleg for sinn med klare grenser å sjå føre seg verkelegheiter ein ikkje kan oppleve direkte. Samtidig er alle skulpturane avhengige av menneskeleg dømmekraft, materialkunnskap og samarbeid for å bli til.
I ei tid då kunstig intelligens både lovar og trugar med å automatisere skapingsprosessen, framhevar Villar Rojas på ein påtrengande måte sjølve handlinga der noko blir bringa til verda. Kven som ser føre seg, kven som skaper, og kven som fastset vilkåra for skapinga, er framleis djupt menneskelege spørsmål.
«Eg valde å gå heilt utanfor den menneskelege tidsrekninga.»
Adrián Villar Rojas
Kontakter
Sigurd LamarkKommunikasjonsrådgiver
Tel:41574172sigurd.lamark@nasjonalmuseet.noBilder





Om oss
Nasjonalmuseet har ansvaret for å utvikle, forvalte, forske på, tilgjengeliggjøre og formidle Norges største samling av kunst, arkitektur og design.

Følg pressemeldinger fra Nasjonalmuseet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalmuseet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonalmuseet
Vinnerne av Scheiblers priser er klar4.11.2026 10:30:00 CET | Pressemelding
Kunstner Åsne Kummenje Mellem og møbelsnekker og designer Julia Conley får Scheiblers priser for 2026.
Frida Kahlo inntar Nasjonalmuseet i 20273.11.2026 08:26:28 CET | Pressemelding
Frida Kahlo fyller hele Lyshallen neste år i det som blir en av museets største satsinger noensinne. Årsprogrammet byr også på utstillinger om norsk natur, kunsthåndverk, samtidsmote, mystisisme og nedbrytbar arkitektur.
Arkitekturpriser til nytenkere, biblioteker, bolighus og turistveganlegg15.10.2026 19:00:35 CEST | Pressemelding
To av landets viktigste arkitekturpriser, Groschmedaljen og Houens Fonds diplom, er delt ut.
Forsker på 1990-tallets alternative kunstmiljøer14.10.2026 12:25:35 CEST | Pressemelding
På 1990-tallet utviklet kunstnere nye måter å vise og sirkulere kunst utenfor etablerte utstillingsrom. Dette er utgangspunktet for den tredje stipendiatstillingen finansiert av Fredriksen Family Art Company (FFAC).
Norsk tradisjonshåndverk til Venezia-biennalen13.10.2026 10:10:35 CEST | Pressemelding
Dekormaling er en sterk tradisjon i Norge. Dette er utgangspunktet for utstillingen Malte materialer, som utforsker hvordan tradisjonelle håndverksteknikker kan kaste nytt lys over spørsmål om bærekraft, materialbruk og arkitektonisk uttrykk. Utstillingen er kuratert av Nasjonalmuseet, som i 2027 har ansvaret for Den nordiske paviljongen under arkitekturbiennalen i Venezia.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom