Det Norske Teatret

Noregspremiere på stykket som forandra amerikansk teater

5.11.2026 11:10:14 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding

Del

Kva kan eit teaterstykke om ein afroamerikansk familie i Chicago på 1950-talet fortelje oss om samtida i Noreg i dag? Ein heil del, ifølge regissør Josette Bushell-Mingo.

Skodespelarar som speler familien Younger frå teaterstykket Ei rosin i sola stilt opp til eit familieportrett, kledde i klede frå 1950-talet.
Ameli Isungset Agbota, Isabell Sterling, Yusuf Toosh Ibra, Jae Nyamburah og Nathan Abreham er familien Younger i den amerikanske klassikaren Ei rosin i sola. Foto: Birgit Solhaug.

EI ROSIN I SOLA
av Lorraine Hansberry
NOREGSPREMIERE FREDAG 13. NOVEMBER KL. 19.30
SCENE 2

- Det som verkeleg engasjerer meg er å forstå, som svart kvinne, at mi eiga historie strekkjer seg langt tilbake og heng saman med andre, seier den britiske regissøren, som også har mange år i grannelandet Sverige bak seg. No skal Josette Bushell-Mingo ha regien for Ei rosin i sola, ein ukjent tittel for dei fleste i Noreg, men kjent for dei med røter tilbake til afrikanske land. 

Den amerikanske dramatikaren Lorraine Hansberry. Foto: Penguin Random House via Wikimedia Commons.

Umiddelbar klassikar

Lorraine Hansberrys banebrytande teatertekst er mellom dei store klassikarane i den amerikanske kulturarven, og blei historisk da han hadde premiere på Broadway i 1959. Aldri før hadde eit teaterstykke av ei afroamerikansk kvinne blitt sett opp på Broadway, og ho blei den yngste nokosinne og den første med afroamerikansk bakgrunn til å vinne New York Drama Critics' Circle sin pris for Best New Play. Mottakinga var formidabel, og uroppføringa blei spelt 530 gonger. Sidan har stykket blitt sett opp jamnleg verda over, er mellom dei mest spelte stykka i USA og har blitt filmatisert fleire gonger. Store stjerner har tolka rollene på film og teater, mellom andre Sidney Poitier, Sean Combs og Denzel Washington. No skal endeleg eit norsk publikum få sitt første møte med teksten på ein scene. Regissør Bushell-Mingo meiner det vil bli eit «før» og eit «etter» Ei rosin i sola. Så stor sprengkraft har teksten i seg.

Les meir om Lorraine Hansberry.

Klassekamp og borgarrettigheiter

Det handlar om ein fattig afroamerikansk familie i Chicago der ei mor, to vaksne søsken, kona til sonen og barnet deira deler husvere. Leileghieta er så lita at den vesle guten må sove på sofaen i stova. Det er ei tid der raseskiljene ikkje var lovfesta, men i praksis var det segregering på bustadmarknaden, i skolesystemet og på arbeidsmarknaden.

Livet er eit strev for å få endane til å møtast for familien Younger. Dei har lite. Men dei har draumar og kjempar for ei betre framtid. Dottera vil ta utdanning og finne sin afrikanske identitet, sonen vil slutte i jobben som sjåfør for ein kvit riking og starte ei spritsjappe for å tene store pengar. Og mor deira, Mama, vil kjøpe seg eit eige hus. Livsforsikringa etter den nyleg døde mannen hennar gjer plutseleg draumane deira oppnåelege. Mama kjøper eit hus i eit heilkvitt nabolag der dei ikkje er velkomne, og sonen gir bort resten av pengane til ein lurendreiar han trur skal hjelpe han i forretningar.

Regissør Josette Bushell-Mingo. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Strukturell rasisme i dag

Sjølv om stykket går føre seg på eit anna kontinent og i ei anna tid, er mønstra som blir blottstilte i stykket dei same. Også i Noreg i dag er det usynlege strukturar som ikkje gir like vilkår. Klassereiser er vanskelegare for dei som ikkje har mykje i utgangspunktet, som møter forskjellsbehandling i utdanningssystemet og på arbeidsmarknaden, og som mange ikkje vil ha som nabo eller sitte ved sidan av på bussen.

Derfor er stykket viktig å sette opp i dag, meiner regissør Bushell-Mingo.
- Eg brenn for å understreke kva oppgåve teateret har. Når vi ikkje fortel dei mangfaldige historiene, tek vi ifrå menneske minna deira. Vi tek vi ifrå menneske fellesskapen deira, vi tek ifrå dei språket og draumane deira. Det er derfor eg vil sette opp dette stykket.

Les intervju med Josette Bushell-Mingo.

Kjersti Horn, teatersjef ved Det Norske Teatret sidan 2025. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret. Redaksjonell bruk i media.

Viktig markering

- Som teatersjef har eg sett meg føre å fortelje historiene som ikkje blir fortalde. Og eg har eit spesielt fokus på minoritetar og utanforskap, seier teatersjef Kjersti Horn. 
- Norske scener set jamnleg opp stykke av amerikanske dramatikarar som Tennessee Williams og Eugene O'Neill, som også var nominerte til prisen Hansberry vann i 1959. Med noregspremieren på Ei rosin i sola får det norske publikummet møte eit verk som har endra amerikansk teaterhistorie, og det er ei viktig markering av at historier frå den afrikanske diasporaen høyrer heime i den norske teatertradisjonen, erklærer teatersjefen.

I rollene

Videointervju med Josette Bushell-Mingo.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Skodespelarar som speler familien Younger frå teaterstykket Ei rosin i sola stilt opp til eit familieportrett, kledde i klede frå 1950-talet.
Ameli Isungset Agbota, Isabell Sterling, Yusuf Toosh Ibra, Jae Nyamburah og Nathan Abreham er familien Younger i den amerikanske klassikaren Ei rosin i sola.
Foto: Birgit Solhaug.
Last ned bilde
Regissør Josette Bushell-Mingo.
Regissør Josette Bushell-Mingo.
Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Kjersti Horn, Teatersjef ved Det Norske Teatret sidan  2025.
Kjersti Horn, Teatersjef ved Det Norske Teatret sidan 2025.
Monica Tormassy/Det Norske Teatret. Til redaksjonell bruk i media.
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar9.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding

-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn. Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye