Statens vegvesen

Ei mil med tryggare rv. 9 er ferdig

4.11.2026 15:16:20 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

To strekningar mellom Hoslemo og Badstogdalen langs rv. 9 nord i Setesdal er no ferdig utbetra. Om lag ei mil betre veg gir trafikantane auka tryggleik og betre framkome.

Bilete av snorklipp på riksveg 9.
Bykle-ordførar Hans Blattmann og fylkesordførar i Agder Arne Thomassen held bandet på venstre side, medan Håvard Sandkjær Fjærbu, byggjeleiar i Statens vegvesen, og Jo Breivegen frå Hovden Hytteservice held det på høgre side. Seksjonsleiar Sigurd Wiberg klipper snora som markerer opninga av rv. 9. Foto: Kari Liheim Sund / Statens vegvesen

I dag opna Statens vegvesen dei to utbetra strekningane Hoslemo–Geiskelid og Geiskelid–Badstogdalen i Bykle kommune. Til saman er ti kilometer veg ferdig utbetra.

Målet med prosjekta har vore å betre trafikksikkerheita og framkoma. Kurver er utbetra, sikta er betre og vegen har fått auka bereevne. Det er også etablert mjukt sideterreng, som kan redusere konsekvensane dersom ein køyrer av vegen.

Utbetra veg for 1,1 milliardar

Frå 2020 til og med 2026 har Statens vegvesen brukt om lag 1,1 milliardar kroner på å utbetre rv. 9, inkludert arbeid med sideterrenget. Dei to nye strekningane er ein del av den langsiktige satsinga på ein tryggare veg og betre framkome gjennom Setesdal.

– Dette er ei stor og viktig utbetring av riksveg 9. Trafikantane har fått ein tryggare og meir oversiktleg veg, og betre framkome gjennom denne delen av Setesdal. Samstundes har vi teke eit nytt og synleg steg mot målet om gul midtstripe heilt til Hovden, seier Sigurd Wiberg, seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Skikulvert og gang- og sykkelveg

Strekninga Hoslemo–Geiskelid er 6,4 kilometer lang. Her er det mellom anna bygd 1,8 kilometer gang- og sykkelveg gjennom Hoslemokleiva. Den er ein del av sykkelrute 3. Det er også bygd to nye bruer, Tverrå bru og Maurlibekken bru.

Geiskelid–Badstogdalen er 3,6 kilometer lang. Også her er det bygd gang- og sykkelveg som del av sykkelrute 3. Ved Nordli er det bygd ein skikulvert for Bykle kommune.

Hovden Hytteservice AS har vore hovudentreprenør på begge strekningane.

– Vi har ikkje berre fått ein breiare og betre veg. Utbetringa gir betre sikt, jamnare standard og tryggare forhold både for dei som køyrer, og for dei som går og syklar langs riksvegen, fortel Wiberg.

Eitt steg nærare gul midtstripe til Hovden

Med dei to ferdige strekningane er målet om «Gul midtstripe til Hovden» endå nærare. Målet om å utbetre vegen heilt til Hovden blei lansert på eit folkemøte på Furuly i 1999, og det første byggjeprosjektet starta i 2002. Sidan har vegen blitt utbetra bit for bit.

– Ambisjonen «Gul midtstripe til Hovden» har samla kommunar, fylkeskommunen, politikarar, næringslivet og Statens vegvesen om eit felles mål, seier seksjonsleiaren.

Arbeidsmåten har fått namnet Setesdalsmodellen. I staden for å vente på at heile vegen kunne byggjast ut som eitt stort prosjekt, har Statens vegvesen teke éi strekning om gongen. Medan det har vore bygging éin stad, har nye strekningar blitt planlagde andre stader. Løysingane er tilpassa behova og landskapet i dalen, og den eksisterande vegen er utbetra der det har vore mogleg.

– Setesdalsmodellen har gjort det mogleg å halde framdrift i utbetringa over tid. Når vi tek éin parsell om gongen, blir kvar opning eit synleg steg mot målet om gul midtstripe heilt til Hovden. Mange har halde merksemda på rv. 9 gjennom fleire år. Det langsiktige samarbeidet er ein viktig grunn til at vi no kan opne endå ei mil med tryggare og betre veg, seier Wiberg.

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Bilete frå riksveg 9 i Setesdal.
Nyutbetra rv. 9 mellom Hoslemo og Badstogdalen gir ein tryggare og betre veg gjennom Setesdal.
Foto: Kari Liheim Sund / Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye