Utdanningsforbundet

Stort oppmøte på streikemarkering i Bergen

1.10.2026 19:16:44 CEST | Utdanningsforbundet | Pressemelding

Del

Mange hundre hadde møtt opp på Torgallmenningen i Bergen for å vise si støtte til dei streikande lærarane ved Bergen Kristne Grunnskole torsdag ettermiddag.

Ei samla fagrørsle står bak dei streikande lærarane ved Bergen Kristne Grunnskole. Her frå streikemarkering torsdag 1. oktober.
Ei samla fagrørsle står bak dei streikande lærarane ved Bergen Kristne Grunnskole. Her frå streikemarkering torsdag 1. oktober. Helge Skodvin Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet og Unio samla fagrørsla for ei stor støttemarkering  for dei 12 streikande lærarane ved Bergen Kristne Grunnskole. Lærarane  har no stått i Noregs lengste lærarstreik for å få noko så grunnleggjande som ein tariffavtale. 

–  Då Bergen Kristne Grunnskole i sommar tilsette nye lærarar i stillingane til dei streikande, gjekk denne streiken frå å vere ein liten streik i Bergen til å bli ein streik som har rysta heile den norske fagrørsla, seier leiar i Utdanningsforbundet Geir Røsvoll. 

Han meinte det har vore lett å mobilisere til denne dagen i Bergen da ha såg utover fanane på Torgallmenningen: 

–  Heile breidda i den organiserte fagrørsla er her! Dette er eit krav alle har vilja reise fana si for! 

Røsvoll trur at dette er ei sak som engasjerer fleire enn lærarane: 

–  Denne streiken går til kjernen av kva det norske arbeidslivet er, og kva det skal vere. Han handlar om faste spelereglar og likestilling mellom partane. Han handlar om omfattande streikebryteri og han handlar om ein part som ikkje vil forhalda seg til det vi til no har trudd er heilt vanlege spelereglar i arbeidslivet. 

Han fekk full støtte frå leiar i Unio, Steffen Handal: 

–  I møte med ein arbeidsgivar står den enkelte arbeidstakaren åleine. Med lita påverknadskraft. Derfor organiserer vi oss. Vi forhandlar. Vi inngår avtalar. Og vi forpliktar oss, seier Unio-leiaren og legg til: 

 –  Tariffavtalar er noko av det klokaste vi har fått til i norsk arbeidsliv. 

Trass i regnet var det stort oppmøte får heile landet og med faner frå heile fagrørsla. 

Dei andre appellantantane var: 

  • Henriette Jevnaker, 1. nestleiar, LO 

  • Hans Erik Skjæggerud, leiar YS 

  • Eva Klokkerud, leiar Spir 

  • Marthe Hammer, stortingsrepresentant for SV 

  • Samtale med dei streikande medlemmene ved Bergen Kristne Grunnskole og musikalske innslag ved Hilde Trætteberg Serkland 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

-- Denne kampen er viktig for alle i norsk arbeidsliv, seier Geir Røsvoll i Utdanningsforbundet til dei streikande lærarane i Bergen.
-- Denne kampen er viktig for alle i norsk arbeidsliv, seier Geir Røsvoll i Utdanningsforbundet til dei streikande lærarane i Bergen.
Helge Skodvin Utdanningsforbundet
Last ned bilde
-- Denne kampen er viktig for alle i norsk arbeidsliv, seier Geir Røsvoll i Utdanningsforbundet til dei streikande lærarane i Bergen.
-- Denne kampen er viktig for alle i norsk arbeidsliv, seier Geir Røsvoll i Utdanningsforbundet til dei streikande lærarane i Bergen.
Helge Skodvin Utdanninsforbundet
Last ned bilde

Lenker

Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet er landets nest største fagforening og den største på utdanningsfeltet. Våre om lag 190.000 medlemmer jobber på alle områder og nivåer i utdanningsløpet, fra barnehage til universitet, og er med på å forme barn og elevers liv, ferdigheter og muligheter.

Utdanningsforbundets overordnede mål er å skape et godt og trygt utdanningsløp for alle, fra de minste barnehagebarna til voksne i utdanning. For å få til dette, jobber vi for at lærere og ledere i barnehage og skole får bruke sine kunnskaper og ferdigheter i jobben, og møter lønns- og arbeidsvilkår som gjenspeiler deres viktige bidrag til samfunnet.

Følg pressemeldinger fra Utdanningsforbundet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Utdanningsforbundet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Utdanningsforbundet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye