Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

NIBIO har kartlagt jorda langs framtidige vegtrasear på Vestlandet

29.9.2026 11:36:02 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding

Del

NIBIO har kartlagt jord langs fleire framtidige vegtrasear frå Sørlandet til Nordmøre. Kartlegginga skal gje vegplanleggjarane eit betre grunnlag for å vurdera konsekvensane for jordbruksareala når nye vegar vert planlagde.

Vegprosjekt på jordbruksareal på Austlandet. Her har vegplanleggjarar hatt tilgang til jordsmonnkart lenge.
Vegprosjekt på jordbruksareal på Austlandet. Her har vegplanleggjarar hatt tilgang til jordsmonnkart lenge. Foto: Kjetil Fadnes

Store delar av Vestlandet har mangla jordsmonnkart, i motsetnad til Austlandet. I Vestland fylke er berre om lag 15 prosent av det fulldyrka og overflatedyrka arealet jordkartlagt, mot rundt 95 prosent i Akershus, Vestfold og Østfold.

– Utan jordsmonnkart kunne me ikkje vurdera jordbruksareal på lik linje med andre tema. Difor har me leigd inn NIBIO der økonomien i vegprosjekta har tillate det, seier Hilde Sanden Nilsen frå Statens vegvesen.

Kartlegginga har mellom anna vore viktig i planlegginga av E16 og Vossebanen mellom Arna og Stanghelle, og i samband med E39-utbygginga i Bergen kommune.

– På Vestlandet har me registrert mykje grunn jord og mange areal med dårleg evne til å bli kvitt overflødig vatn. Samstundes viser kartlegginga at mange areal har større produksjonspotensial enn dagens tilstand kan gje inntrykk av. Mange av areala kunne ha produsert meir om dei hadde vorte drenert, seier Siri Svendgård-Stokke, avdelingsleiar i NIBIO.

Kartgrunnlaget er tilgjengeleg gjennom NIBIO sine opne kartløysingar og kan nyttast av kommunar, landbruksnæringa og andre som treng kunnskap om jordsmonn.

Denne pressemeldingen er basert på en artikkel publisert på NIBIO.no. Medier kan fritt benytte både innholdet i pressemeldingen og tilhørende bilder mot kreditering av fotograf og henvisning til NIBIO.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Vegprosjekt på jordbruksareal på Austlandet. Her har vegplanleggjarar hatt tilgang til jordsmonnkart lenge.
Vegprosjekt på jordbruksareal på Austlandet. Her har vegplanleggjarar hatt tilgang til jordsmonnkart lenge.
Foto: Kjetil Fadnes
Last ned bilde
Hilde Sanden Nilsen frå Statens vegvesen (SVV).
Hilde Sanden Nilsen frå Statens vegvesen (SVV).
Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Siri Svendgård-Stokke på regulær jordkartlegging i Skaun kommune, ikkje på oppdrag for SVV.
Siri Svendgård-Stokke på regulær jordkartlegging i Skaun kommune, ikkje på oppdrag for SVV.
Foto: Helen Stav
Last ned bilde
Tusenvis av dekar jordbruksareal har gått tapt på grunn av vegutbygging. Her frå E16 i Sør-Odal i Hedmark.
Tusenvis av dekar jordbruksareal har gått tapt på grunn av vegutbygging. Her frå E16 i Sør-Odal i Hedmark.
Foto: Oskar Puschmann
Last ned bilde
Fastsetjing av innhald av sand, silt og leir under jordkartlegging. Dette er jord med meir enn 40 % leir og resten silt.
Fastsetjing av innhald av sand, silt og leir under jordkartlegging. Dette er jord med meir enn 40 % leir og resten silt.
Foto: Helene Stav
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye