Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Kan du i framtida sette berekraftig, norskprodusert mat på bordet?

12.11.2026 07:30:00 CET | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding

Del

Det kan du, men det vil krevje endringar i matsystemet. Kva som skal til kan ein lese i rapporten frå utvalet som har sett på heilskapen i det norske matsystemet.

Matsystemutvalet har hatt i oppgåve å sjå landbruket, beredskap og natur- og klimapolitikk under eitt. Desse lofotlamma veit det kanskje ikkje, men dei og det arktiske landbruket er ein del av debatten.
Matsystemutvalet har hatt i oppgåve å sjå landbruket, beredskap og natur- og klimapolitikk under eitt. Desse lofotlamma veit det kanskje ikkje, men dei og det arktiske landbruket er ein del av debatten. Foto: Lars Sandved Dalen

– Vi har levert ei rekke tilrådingar vi meiner vil kunne gje deg og barna dine mat på bordet også i framtida, og enno meir av den skal vere norskprodusert, seier Audun Korsæth, divisjonsdirektør i NIBIO og medlem i matsystemutvalet.

«Matsystemet mot 2050» er den første heilskaplege utgreiinga om det norske matsystemet. Utvalsmedlemane har balansert til dels motstridande omsyn mellom landbruks-, folkehelse- og klimapolitikk, og levert ein rapport alle stiller seg bak.

– Eg er spesielt nøgd med at vi i rapporten er så tydelege på at eit berekraftig matsystem betyr at me må ta vare på ressursgrunnlaget over heile landet. Det vil også seie at drøvtyggjarane framleis vil måtte ha ei nøkkelrolle i matsystemet også i framtida, seier Korsæth.

Den offentlege utredninga frå utvalet skal kunne vere grunnlaget for ei stortingsmelding. No er den på høyring i tre månader. Regjeringa vurderer deretter om og korleis dei vil gå vidare med arbeidet. Om det vert ei stortingsmelding skal den handsamast i komité og leggast fram til debatt og vedtak i Stortinget.

Innhaldet i utredninga vert tema for to frukostmøte på Kulturhuset i Oslo i regi av NIBIO no i november, leia av utvalsleiar Bent Høie. Program og påmelding finns i saken på NIBIO.no.

Denne pressemeldingen er basert på en artikkel publisert på NIBIO.no. Medier kan fritt benytte både innholdet i pressemeldingen og tilhørende bilder mot kreditering av fotograf og henvisning til NIBIO.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Matsystemutvalet har hatt i oppgåve å sjå landbruket, beredskap og natur- og klimapolitikk under eitt. Desse lofotlamma veit det kanskje ikkje, men dei og det arktiske landbruket er ein del av debatten.
Matsystemutvalet har hatt i oppgåve å sjå landbruket, beredskap og natur- og klimapolitikk under eitt. Desse lofotlamma veit det kanskje ikkje, men dei og det arktiske landbruket er ein del av debatten.
Foto: Lars Sandved Dalen
Last ned bilde
Audun Korsæth er divisjonsdirektør i NIBIO og har delteke i matsystemutvalet. Her saman med utvalsleiar Bent Høie under overrekkinga av rapporten.
Audun Korsæth er divisjonsdirektør i NIBIO og har delteke i matsystemutvalet. Her saman med utvalsleiar Bent Høie under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ragnar Våga Pedersen
Last ned bilde
Matsystemutvalet leverte frå seg NOUen om framtidas matsystem førre veke, til landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Usman Ahmad Mushtaq, statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Kristina Sigurdsdottir Hansen og statssekretær i Klima- og miljødepartementet Astrid Hoem.

Matsystemet er alle elementa som påverkar maten på veg frå jord, fjøs og fjord til bord, her representert ved fiskeoppdrett i Selje kommune.
Matsystemet er alle elementa som påverkar maten på veg frå jord, fjøs og fjord til bord, her representert ved fiskeoppdrett i Selje kommune.
Foto: Anette Tjomsland Spilling
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye