Frankenstein: Grøssar-teater for barn
21.9.2026 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?

FRANKENSTEIN
av og med Feil Teater
URPREMIERE 24. SEPTEMBER KL. 18.00
SCENE 3
Kva hender om ein vekker det døre til live? Victor Frankenstein er besett av å skape liv frå den krafta som tok livet av mor hans - men er ikkje klar til å møte følgane. Frå restar frå daude kroppar skapar han ein vesen som skremmer vettet av både han sjølv og alle andre.

Og dei som blir utstøytte, kan ofte ende opp med å sette seg i respekt på andre måtar. Frankensteins kreatur blir oppfatta som eit monster - og blir eit monster. Berre den blonde kona møter han med varme, og han lærer å få og ta imot kjærleik.

Halloween-teater
På Scene 3 møter publikum eit gotisk-inspirert univers og skodespelarar med krittkvite fjes og mørke ringar rundt augene. Dei får sjå hjernar, tarmar og lause armar. Feil Teater tek alltid sitt unge publikum på alvor, og når det skal skremmast - så blir det skummelt! Men bak det skumle ligg det også ein menneskeleg bodskap og filosofiske spørsmål.
Framsyninga er tilrådd frå 10 år, men er definitivt ikkje for sarte sjelar.

Feil Teater
Hausten 2026 flytta teaterkompaniet Feil Teater inn på Scene 3 på Det Norske Teatret. Her skal dei vere i eit heilt år og lage teater for barn.
- Vi ønskjer at barn skal gå heim med ei oppleving av noko heilt utanom det vanlege! seier Feil Teater. Med Frankenstein vil dei lage skrekk og humor-teater på barna sine premissar.Teatergruppa starta som eit prosjektteater medan dei enno var studentar ved Nord Universitet i 2016. I 2023 fekk dei Heddaprisen for beste framsyning for barn med framsyninga Nordpolen Magiske Trikketransport, og i 2025 blei dei nominert i same kategori for Flukten fra Botsen.
Feil Teater jobbar for at teater skal vere inkluderande og bygge fellesskap. Framsyningane tek utgangspunkt i mange ulike tema, men alle har eit leikent teateruttrykk som fengar dei som ikkje oppsøker teater til vanleg.
Første framsyning ut på Scene 3 er Frankenstein.
Seinare i haust kjem Den perfekte premieren - og det som vart litt dumt.
Nøkkelord
Kontakter
Åsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noIda MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noBilder






Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
Europavisjonar inviterer publikum til å synge med20.8.2026 12:39:43 CEST | Pressemelding
22. september kan publikum stemme i med Merkels versjon av Euphoria, Putins Cha Cha Cha eller alle dei europeiske statsleiaranes Bara bada badstu.
Strømdahl, Ånnevik og Sørum tolkar Prøysen19.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nokre av landets fremste Prøysen-tolkarar løfter fram nye sider ved den folkekjære låtskrivaren og artisten i det som har blitt ei varm og sterk musikkteateroppleving.
Pride på Det Norske Teatret16.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Pride up med den britiske komikaren Morgan Rees i følge med Adam Schølberg, Isalill Kolpus og fleire er sjølve hovudattraksjonen når Det Norske Teatret held ope under Pride.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom