Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Rett hausting gir plommer som held lenger

11.9.2026 15:04:11 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding

Del

Norske plommer kan sjå fine ut når dei kjem frå kjølelageret, men byrja å ròtna etter berre eit par dagar i varmen. NIBIO-forsking viser korleis rett haustetidspunkt og god handtering kan gje plommene lengre liv i butikk.

Forskar Jorunn Børve syner fram ròtne Reeves-plommer i plommehagen til NIBIO Ullensvang. Ròte i felt kan gjera at det vert meir problem med ròte på lager også. God agronomi er viktig for haldbarheit på lager og i butikk.
Forskar Jorunn Børve syner fram ròtne Reeves-plommer i plommehagen til NIBIO Ullensvang. Ròte i felt kan gjera at det vert meir problem med ròte på lager også. God agronomi er viktig for haldbarheit på lager og i butikk. Foto: Hege Ulfeng

Den norske plommesesongen er kort, og i år er det venta om lag 1000 tonn norske plommer i marknaden. For nokre år sidan var det vanleg at store parti med plommer blei avvist fordi frukta vart overmoden eller ròten før ho nådde forbrukar. No har situasjonen betra seg.

– Det har vorte mykje, mykje betre dei siste åra. No har me nesten ingen avvisingar lengre, seier Ken Johannessen, innkjøpar av frukt og grønt hjå Coop Norge.

NIBIO-forskar Jorunn Børve har leia forskinga i samarbeid med Ullensvang fruktlager og Hardanger Fjordfrukt. Forskarane har undersøkt korleis mogningsgrad ved plukking påverkar kvaliteten under lagring og i butikk.

Resultata var tydelege: Sjølv om alle plommene såg fine ut då dei vart tatt ut frå kjølen, var det to til ti gonger så mykje ròte i dei godt mogne plommene etter to dagar i romtemperatur. I nokre parti vart halvparten av plommene øydelagt av ròtesoppar.

– Desse resultata var så tydelege at me kunne gje klåre råd til dyrkarar og fruktlager. Det aller viktigaste var å instruera plukkarane til å plukka plommene til rett tid, seier Børve.

Rett hausting er ein hårfin balansegang. Plommene må ikkje plukkast for tidleg, fordi dei då kan få lite smak og bli mindre søte. Samstundes er godt modne plommer meir utsette for ròte. Fruktlagera kan sortera dei mest mogne plommene for seg og selje dei raskt, medan høveleg mogne plommer kan halda seg på lager eit par veker.

Forskarane fann også at tiltak som reduserer soppsmitte i felt, verkar positivt på haldbarheita etter hausting.

– Som vanleg er god agronomi også bra for haldbarheita på lager og i butikk. Skal me sikra kvalitet heilt fram til forbrukar, må ein jobba for det gjennom heile vekstsesongen, avsluttar Børve.

Denne pressemeldingen er basert på en artikkel publisert på NIBIO.no. Medier kan fritt benytte både innholdet i pressemeldingen og tilhørende bilder mot kreditering av fotograf og henvisning til NIBIO.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Forskar Jorunn Børve syner fram ròtne Reeves-plommer i plommehagen til NIBIO Ullensvang. Ròte i felt kan gjera at det vert meir problem med ròte på lager også. God agronomi er viktig for haldbarheit på lager og i butikk.
Forskar Jorunn Børve syner fram ròtne Reeves-plommer i plommehagen til NIBIO Ullensvang. Ròte i felt kan gjera at det vert meir problem med ròte på lager også. God agronomi er viktig for haldbarheit på lager og i butikk.
Foto: Hege Ulfeng
Last ned bilde
Opal-plommer med ulik farge og mogningsgrad. Opal har god evne til ettermogning.
Opal-plommer med ulik farge og mogningsgrad. Opal har god evne til ettermogning.
Foto: Jorunn Børve
Last ned bilde
På labben vert fastleiken til plommene målt med eit eige instrument. Fastleik er eit viktig teikn på mogningsgrad, saman med grunnfarge og dekkfarge.
På labben vert fastleiken til plommene målt med eit eige instrument. Fastleik er eit viktig teikn på mogningsgrad, saman med grunnfarge og dekkfarge.
Foto: Hege Ulfeng
Last ned bilde
Vert plommer ståande for lenge i romtemperatur ròtnar dei lett. NIBIO og norske fruktlager har jobba saman og funne gode løysingar slik at forbrukarar i dag kan få norske kvalitetsplommer gjennom heile plommesesongen.

Lenker

Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye