Veksten i utanlandsreisande held fram

11.9.2026 08:05:00 CEST | Avinor | Pressemelding

Del

Nesten fem millionar passasjerar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i august. Sterk vekst i utanlandsreisande veg opp for ein nedgang i innanlandsreisande, og dei samla tala enda berre marginalt under nivået frå same månad i fjor.

Nesten fem millionar passasjerar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i august.
Nesten fem millionar passasjerar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i august. Foto: Avinor/Øystein Løwer

Det var 4 955 162 passasjerar gjennom Avinor sine lufthamner i august 2026. Det er ein nedgang på 0,2 prosent samanlikna med august i fjor. Innanlandsreisande gjekk tilbake med 2,1 prosent til 2,52 millionar passasjerar, medan utanlandsreisande voks med 1,8 prosent til 2,39 millionar passasjerar. Offshorereisande auka svakt med 0,4 prosent. 

Så langt i år har 35,9 millionar passasjerar reist gjennom Avinor sine lufthamner. Det er ein vekst på 1,7 prosent samanlikna med dei første åtte månadene i 2025. Drivaren bak veksten er framleis utlendingar som reiser til Noreg, som har auka med nær tre prosent hittil i år. Innanlandstrafikken har samstundes stige med 0,7 prosent. 

– Det vitnar om ein robust marknad og framleis stor reiselyst, seier Eirik Wæraas, direktør for trafikkutvikling i Avinor. 

Bergen og Tromsø dreg opp 

Ein av dei mest interessante tendensane i august er at fleire store regionale lufthamner held fram den sterke utviklinga internasjonalt. Ved Bergen lufthamn auka det samla passasjertalet med 4,3 prosent samanlikna med august i fjor. Den internasjonale trafikken voks med heile 13,4 prosent. Også Tromsø lufthamn hadde ein sterk månad, med ein samla vekst på 3 prosent og ein auke i utanlandsreisande på over 21 prosent. Harstad/Narvik lufthamn hadde òg solid vekst med 8,4 prosent fleire passasjerar enn i august i fjor. 

Samstundes viser tala at fleire tradisjonelt store innanlandsmarknader framleis er prega av svakare etterspurnad. Ved Oslo lufthamn gjekk passasjertalet ned med 1,6 prosent i august, medan Trondheim lufthamn, Værnes hadde ein nedgang på 0,4 prosent og Stavanger lufthamn, Sola på 0,4 prosent. Nedgangen ved dei største innanlandsknutepunkta er med på å dra dei nasjonale tala ned. 

Store skilnader i landet 

Utviklinga varierer mykje mellom lufthamnene. Nokre mindre og mellomstore lufthamner har svært sterk vekst. Florø lufthamn auka med 14,4 prosent, medan Brønnøysund lufthamn voks med 4,5 prosent og Leknes lufthamn med 4,4 prosent. Samstundes opplevde fleire lufthamner i Sør-Noreg og Nord-Noreg markante nedgangar. Mellom dei største utslaga finn vi Molde lufthamn, Årø med ein nedgang på 11,3 prosent, Hammerfest lufthamn med 10,4 prosent og Kristiansund lufthamn, Kvernberget med 9,4 prosent. 

Talet på flyrørsler var 55 918 i august, ein nedgang på 0,3 prosent frå same månad året før. Hittil i år er det registrert 420 163 flyrørsler ved Avinor sine lufthamner, ein vekst på 0,3 prosent. 

– August stadfestar biletet vi har sett gjennom store delar av året. Det er den internasjonale trafikken som driv veksten, medan innalandsmarknaden utviklar seg meir avdempa. Samstundes held arbeidet fram med å styrkje Oslo lufthamn som nasjonalt knutepunkt og sikre eit godt rutetilbod til og frå Noreg, seie Wæraas. 

Faktaboks 

  • Totalt passasjertal august 2026: 4 955 162 (-0,2 %) 
  • Innanlandsreisande: 2 519 554 (-2,1 %) 
  • Utanlandsreisande: 2 392 108 (+1,8 %) 
  • Offshore: 43 500 (+0,4 %) 
  • Hittil i år: 35 946 256 passasjerar (+1,7 %) 
  • Flyrørsler august: 55 918 (-0,3 %) 
  • Flyrørsler hittil i år: 420 163 (+0,3 %) 

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktKun til bruk for journalister (ikke SMS)

Avinors pressevakt hjelper journalister med spørsmål om flyplassdrift, hendelser og Avinors virksomhet.

Spørsmål om forsinkelser, kanselleringer eller konkrete flyvninger må rettes til flyselskapet.

Mediehenvendelser besvares normalt på hverdager mellom kl. 08.00 og 17.00.

Ved større hendelser er pressevakten døgnbemannet. Bruk e-post for henvendelser som ikke haster.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.nowww.avinor.no

Bilder

Nesten fem millionar passasjerar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i august.
Nesten fem millionar passasjerar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i august.
Foto: Avinor/Øystein Løwer
Last ned bilde
Talet på flyrørsler var 55 918 i august.
Talet på flyrørsler var 55 918 i august.
Foto: Avinor/Øystein Løwer
Last ned bilde
Eirik Wæraas, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
Eirik Wæraas, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
Foto: Avinor/Camilla H. Walla
Last ned bilde

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye