Innovasjon Norge

Agrilogg vinn regional landbrukspris!

7.9.2026 09:30:07 CEST | Innovasjon Norge | Pressemelding

Del

Agrilogg AS vinn bedriftsutviklingsprisen for landbruket i Møre og Romsdal for 2026.

F.v. Anita Vik Buckley (IN), Bjørn Tore Aksnes (Agrilogg AS), Jan Øystein Aksnes (Agrilogg AS) og Jan Egil Fornes (IN).
F.v. Anita Vik Buckley (IN), Bjørn Tore Aksnes (Agrilogg AS), Jan Øystein Aksnes (Agrilogg AS) og Jan Egil Fornes (IN). Foto: Odd Arne Halaas/Dyregod Dagane

Bjørn Tore Aksnes og Jan Øystein Aksnes tok imot prisen som vart utdelt av Innovasjon Norge under Dyregod-dagane på Batnfjordsøra 6. september. 

- Dette var litt uventa, sa vinnarane.

Agrilogg AS frå Ørsta var tidleg ute med ei programvareløysing for landbruket, og dei er i dag ein leiande leverandør med eit allsidig system som er utvikla i tett dialog med brukarane. Systemet svarer ut dokumentasjonskrav, gjev meir effektiv ressursbruk og skal gjere bonden meir produktiv. 

Gründerane i Agrilogg har og andre nysatsingar under oppsegling. Mellom anna har dei på gang eit konsept som tek sikte på å løyse utfordringar knytt til sal og distribusjon av lokalmat.

- Bondebuda er eit «non-profit»-initiativ frå Agrilogg, dvs Agrilogg skal ikkje tene på forretninga. Målet er at lokale bønder skal tene meir i forhold til å levere matvarer til dei store matvarekjedene. Vi satsar på fleire Bondebuder rundt i landet! Berre ta kontakt, oppfordra vinnarane.

Juryen trekk fram føljande grunngjeving for prisen:
Agrilogg AS er ei innovativ teknologiverksemd med sterk forankring i landbruket. 
I tett samspel med næringa utviklar selskapet digitale verktøy som løyser viktige landbruksutfordringar og gjer bonden meir produktiv. Selskapet kan vise til god vekst og lønnsemd sidan oppstarten, og har skapt fleire kompetansearbeidsplassar i distriktet.

Juryen bestod av representantar frå Møre og Romsdal Bondelag, Norsk Bonde og Småbrukarlag Møre og Romsdal, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal samt representantar frå Innovasjon Noreg.

Helge Gjerde, regiondirektør i Innovasjon Noreg Møre og Romsdal, fortel at han er imponert over selskapet frå Ørsta:

- Agrilogg representerer den typen innovasjon me treng i norsk landbruk. Selskapet har identifisert eit reelt behov og utvikla ei løysing som gir praktisk nytte for brukarane, samstundes som den legg til rette for ei meir effektiv gårdsdrift og eit betre beslutningsgrunnlag for bonden, seier Gjerde.

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket
 Innovasjon Noreg deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar. Kvart år blir det kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane kjempar deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.

Nøkkelord

Kontakter

Innovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.

Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye