Er Y2K-nostalgien farleg?
3.9.2026 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?

2002 NTORO YUME
URPREMIERE 11. SEPTEMBER
SCENE 2
Å komme inn på Scene 2 er som å gå tiår tilbake i tid. På skjermane rullar gjenskapingar av kjente reklamar frå tidleg 2000 og scenografien består av ein VideoNova-sjappe. Men før publikum kan sette seg, må dei ta eit val, nett som Keanu Reeves i The Matrix. Alle får utdelt eit headset, og må velge kva kanal dei vil lytte til - og kva historie dei vil følge: Vil dei sjå filmen, ei gjenskaping og ei samansmelting av nokre av dei største blockbusterane frå 2002, eller ein djup samtale som reflekterer over samtida - eller berre zoome ut frå det heile og lytte til musikk?

Året da "ingenting" skjedde?
Det er med andre ord tre kanalar og to skjermar med ulike historier å følge med på. Utgangspunktet er 2002, året Tani Dibasey og Io Sivertsen hevdar at "ingenting" nemneverdig skjedde, bortsett ifrå at Halle Berry vann Oscar. Sjølve framsyninga er ein satire og meskar seg i populærkulturelle uttrykk som dataspel, mote og filmreferansar frå 2000-talet.
Ta tak i livet
Det er underhaldande, men bodskapen deira er eit varsko. Å ikkje ta val i livet, å stikke propper i øyra og stenge alle problem ute, er også å ta eit val. Og er romantiseringa av fortida eigentleg ei døyvande pille som gjer oss blinde for å sjå verkelegheita som ho er, og ta tak i problema i livet sitt og i samfunnet?

Nøkkelord
Kontakter
Åsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noIda MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noBilder











Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
Europavisjonar inviterer publikum til å synge med20.8.2026 12:39:43 CEST | Pressemelding
22. september kan publikum stemme i med Merkels versjon av Euphoria, Putins Cha Cha Cha eller alle dei europeiske statsleiaranes Bara bada badstu.
Strømdahl, Ånnevik og Sørum tolkar Prøysen19.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nokre av landets fremste Prøysen-tolkarar løfter fram nye sider ved den folkekjære låtskrivaren og artisten i det som har blitt ei varm og sterk musikkteateroppleving.
Pride på Det Norske Teatret16.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Pride up med den britiske komikaren Morgan Rees i følge med Adam Schølberg, Isalill Kolpus og fleire er sjølve hovudattraksjonen når Det Norske Teatret held ope under Pride.
Pelicot-rettssaka som teater opnar Heddadagane8.6.2026 06:30:00 CEST | Pressemelding
Pelicot-rettssaka kjem til Oslo for berre ein kveld, og opnar med det teaterfestivalen Heddadagane på Det Norske Teatret.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom