Statens vegvesen

På måndag startar utbedringa av E14

28.8.2026 07:55:00 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Trafikantane må rekne med mellombelse trafikkendringar og periodar med lysregulering gjennom anleggsområdet dei neste to månadene.

dronebilde av E14
Frå måndag 31. august startar arbeidet med å utbetra E14. Arne Skjelvan / Statens vegvesen

Måndag 31. august startar arbeidet med omlegging og utbedring av E14 på strekninga Håvreina-Bøstad. Arbeidet vil gå føre seg i fleire fasar:

  • I første fase vert det sett opp sikringsutstyr langs eksisterande E14, og det vert gjennomført førebuande arbeid for ny avkøyrsle og vegløysing.
  • Når fase 2 startar, vert trafikken lagd om. Køyretøy vil då bli leia gjennom anleggsområdet. Trafikken vert regulert med trafikklys i begge endar av arbeidsområdet, og det må påreknast noko ventetid.
  • I dei vidare fasane vil trafikken gradvis bli flytta over på den nye vegen etter kvart som delstrekningar vert ferdigstilt.

Nye løysingar

Arbeidet vil pågå i to månader og omfattar etablering av nye køyrefelt på E14, samtidig som det vert bygd ny gang- og sykkelveg langs strekninga.

– Når prosjektet nærmar seg ferdigstilling vil trafikken gå i begge retningar på den nye E14, medan det siste arbeidet med gang- og sykkelvegen vert fullført, fortel byggjeleiar Kristian Hauståker.

– Vis omsyn

– Vi oppmodar alle trafikantar til å følgje skilting og signalregulering på staden, vise omsyn til anleggsarbeidarane og setje av litt ekstra tid ved passering av området, seier Hauståker.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye