Statens vegvesen

Presseinvitasjon: Transport- og kommunikasjonskomiteen besøker Møre og Romsdal 26.-27. august

20.8.2026 14:52:29 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget besøker Møre og Romsdal. Besøket skal gi komiteen eit nærare innblikk i dei største og viktigaste samferdselsprosjekta og -utfordringane i fylket.

Ålesund sentrum
Ålesund sentrum Dronefoto/Statens vegvesen

Komiteen innleier besøket onsdag 26. august på Ørsta/Volda Lufthamn der dei vil bli orientert om status og utvikling av flyplassen og samferdselsutviklinga på Søre Sunnmøre før turen går til Ålesund. Der vil mellom anna Kystverket orientere om Stadt skipstunnel og NTP-porteføljen i Vestland og Møre og Romsdal, mens Jernbanedirektoratet vil gje eit innblikk i vekst, vern og framtidsutsikter for Raumabanen.

Torsdag 27. august startar dagen i Molde, der Staten vegvesen vil halde orienteringar om E39 Ålesund-Molde, riksvegnettet i Møre og Romsdal og Nasjonale turistvegar. Møre og Romsdal fylkeskommune og representantar frå næringslivet i fylke vil også halde fleire innlegg.

Reisa held fram til Campus Kristiansund og Kristiansund Lufthamn, med ein stopp på vegen ved brulageret til vegvesenet på Lønset.

Meir detaljert program ligg ved. Det kan komma endringar i programmet.

Moglegheiter for media:

Onsdag 26. august:
10:40-11:40: Pressetreff på bussen Ørsta/Volda Lufthavn-Festøya.
15:55-16:25: Pressetreff ved Kystverkets lokaler i Ålesund før avreise til Molde.

Torsdag 27. august:
10:40-11:10: Pressetreff ved Molde fjordhotell før avreise til Kristiansund.
13:00-13:15: Pressetreff ved Bjartmars favorittkro på Averøya.

På grunn av eit tett program kan berre komitémedlemmene stilla spørsmål under orienteringane. Pressa kan følgja delar av reisa, men møta er ikkje opne for pressa.

Kontakter

Dokumenter

Lenker

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye