Statens vegvesen

Presseinvitasjon: Transport- og kommunikasjonskomiteen besøker Vestland

20.8.2026 12:36:46 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget besøker Vestland 24. og 25. august. Besøket skal gi komiteen eit nærare innblikk i nokre av dei viktigaste samferdselsutfordringane i fylket, frå store vegprosjekt og bytransport til næringsliv, beredskap og framkomst.

Reisa startar på Stord måndag 24., der komiteen får høyra meir om kva transport og infrastruktur har å seia for lokalsamfunn, industri og næringsliv i regionen. Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune orienterer om prosjekt og planar i fylket, før komiteen reiser vidare med hurtigbåt til Bergen.

Besøket held fram i Bergen 25. august. Tema her blir mellom anna riksvegprosjekt i fylket, samt lufthamner og hamnestruktur. Komiteen får også ei orientering om byvekstavtale, byutvikling og sykkelstamveg i Bergen, og ei synfaring med Bybanen.

Pressetreff

Måndag 24. august, kl. 13.55–14.10: Pressetreff på Leirvik kai, Stord.
Tysdag 25. august, kl. 12.45–13.00: Pressetreff ved Nygård bybanestopp i Bergen.

Pressa kan følgja delar av reisa, men møta er ikkje opne for pressa.

Meir detaljert program ligg ved. Det kan komma endringar i programmet.

Kontakter

Dokumenter

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye