Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og havministeren til Nor-Fishing 17.–20. august

14.8.2026 08:24:52 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

Del

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss deltek på den internasjonale fiskerimessa Nor-Fishing 17.–20. august. Messa blir arrangert annakvart år i Trondheim.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss. Foto: NFD

- Nor-Fishing er ein svært viktig møteplass for fiskeri- og sjømatnæringa. Med deltakarar frå over 50 land er messa ein sentral arena for ny teknologi, innovasjon og internasjonalt samarbeid, samtidig som den viser fram norsk kompetanse og verdiskaping, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Arbeidet med ein framtidsretta sjømatindustri er ein av hovudprioriteringane til fiskeri- og havministeren. Under Nor-Fishing inviterer fiskeri- og havministeren til dialogmøte tysdag 18. august, der statsråden ber om innspel til korleis fiskerireguleringane kan formast ut for å styrkja sjømatindustrien. Det krevst ikkje påmelding for å lytta til innspelsmøtet.

Fiskeri- og havministeren skal også ha politiske samtalar med dei politiske kollegaene sine frå Storbritannia og Irland under messa.

Sjå: Fiskeri- og havministeren inviterer til dialogmøte under Nor-Fishing - regjeringen.no

I tillegg til å delta på Nor-Fishing vil fiskeri- og havministeren besøke Maritime Robotics AS og halde eit innspelsmøte om regjeringa sin maritime strategi i Trondheim torsdag 20. august. Innspelsmøtet er eitt av fleire møte statsråden gjennomfører rundt om i landet i samband med strategiarbeidet.  

Program for fiskeri- og havministeren (atterhald om endringar)

Måndag 17. august

16.15–16.45 | Bilateralt møte med Storbritannia

Fiskeri- og havministeren møter parlamentarisk statssekretær Stephen Morgan frå Department for Environment, Food and Rural Affairs.

Stad: Clarion Hotel

18.00–19.30 | Mottaking i regi av Trondheim kommune

Stad: Trondheim rådhus

Tysdag 18. august

08.15–09.45 | Frukostmøte: Regional verdiskaping

Fiskeri- og havministeren innleier og deltek i samtale om rammevilkåra for sjømatnæringa og betydninga sjømat har for norsk og global matforsyning.

Stad: SpareBank 1 SMN, Søndre gate 2

10.15–10.45 | Bilateralt møte med Irland

Fiskeri- og havministeren møter minister for fiskeri- og marine saker, Timmy Dooley.

Stad: Nor-Fishing-messa, møterom Kalvskinnet

11.30 | Offisiell opning av Nor-Fishing 2026

Fiskeri- og havministeren står for den offisielle opninga av Nor-Fishing.

Held opningstale og deler ut innovasjonsprisen til Nor-Fishing.

Stad: Mendelsohn, Trondheim Spektrum

12.20–12.50 | Runde på messeområdet

Statsråden deltek på omvising på messeorådet saman med internasjonale gjester.

Stad: Messeområdet, Trondheim Spektrum

15.00–16.30 | Dialogmøte om sjømatindustrien

Tema: reguleringar, verdikjeda og kvalitet i sjømatindustrien.

Stad: Møterom Sagbruket Ytre, Trondheim Spektrum

17.30–19.00 | Seminar i regi av Sjømat Norge

Statsråden deltek i open samtale om aktuelle tema for sjømatnæringa.

Stad: Rockheim

Onsdag 19. august

09.15–10.00 | Nor-Fishing Youth

Statsråden møter ungdom som deltek i Nor-Fishing sitt rekrutterings- og kompetanseprogram.

Stad: Skansen

10.00–10.30 | Utdeling av prisen «Trygg fiskar»

Deltaking under prisutdeling i regi av Redningsselskapet.

Stad: Skansen

12.20–12.55 | Fiskeridebatt: Sjømaten si rolle i norsk matvareberedskap

Statsråden deltek i paneldebatt og held innlegg.

Stad: Mendelsohn konferansesal, Trondheim Spektrum

14.00–14.30 | Nordea-seminar: «Mindre fisk, høgare prisar»

Om rammevilkår for norsk fiskerinæring og utfordringar knytte til låge kvotar.

Stad: Scandic Nidelven Hotel

Kontakter

Om oss

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på LinkedIn og Flickr, og regjeringa på X/Twitter og Facebook 

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye