Her tømmer Statens vegvesen søppel kvar dag om sommaren. Likevel ser det slik ut
22.7.2026 11:18:44 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Slik ser det ut når folk grisar til rasteplassar.

Bildet er frå Digernes rasteplass på Stord, like nord for E39 Stordabrua.
– Den vanlege sommarrutinen har vore at vi tømmer fleire gongar i veka. Auka søppelmengd gjer at vi har gått over til å tømma kvar dag. Likevel får vi inn klager på at rasteplassen er overfylt av søppel, og at det ikkje ser ut, seier byggeleiar Gunn K Skjærbekk i Statens vegvesen.
Det viser seg at mange tømmer sitt private hushaldningsavfall i søppeldunkane på staden.
Avfallsdunkane på rasteplassen er berekna på turistar, understrekar Skjærbekk.
No set Statens vegvesen ut større avfallsdunkar på staden for å bøta på problemet.
Avføring langs buskar og kratt
Forsøplinga på Digernes handlar ikkje berre om dunkane.
– Det verste er at det er folk som gjer frå seg inntil buskar og kratt og langs stien. Dette er absolutt ikkje greitt. Det er veldig lite kjekt for entreprenøren å plukka opp avføring, seier Skjærbekk alvorleg.
I løpet av august set Vegvesenet opp eit skilt der det blir opplyst om kor næraste toalett er.
– Andre plassar vi slit med avfall er ved Toskatjørn i Haugesund, Austrheim i Vats i Vindafjord, og litt i Suldal, seier Skjærbekk.
Slik kan alle bidra til reine og ryddige rasteplassar
Ho kjem med ein tydeleg appell til alle trafikantar og andre brukarar av Statens vegvesen sine rasteplassar.
– Vi ønsker å ha rasteplassar og stopp langs vegen som ser fine ut, og som freistar til ein stopp der ein kan nyta ein kaffi og strekka på beina.
Statens vegvesen er opptekne av at rasteplassane skal gi trafikantane gode opplevingar. Entreprenørane gjer eit stort og samvitsfullt arbeid for å halda rasteplassane reine, fine og innbydande.
Men også dei som brukar plassane må bidra.
– For sjølv om vi tømmer søppel oftare på sommaren enn elles i året, kan ikkje våre dyktige entreprenørar vera overalt heile tida. Er det fullt i dunken når du kjem, ber vi deg ta med søppelet videre til neste stoppestad.
– Ring gjerne 175. Då kjem du til næraste vegtrafikksentral, som varslar videre slik at entreprenør kan rykka ut så raskt som mulig, avsluttar byggeleiar Gunn K Skjærbekk i Statens vegvesen.
Nøkkelord
Kontakter
Gunn K SkjærbekkByggeleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95 08 86 11gunn.karin.skjaerbekk@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95 24 58 39lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Arbeid på E18 i Fornebukrysset også kommende helg4.11.2026 13:54:28 CET | Pressemelding
Det blir arbeid og innsnevringer i Fornebukrysset også kommende helg. Granfosstunnelen vil være åpen, men det vil fortsatt bli kø ut av Oslo.
Arbeid på E39 Ognasundet bru4.11.2026 13:53:58 CET | Pressemelding
Statens vegvesen skal reparere ei fuge på Ognasundet bru i Bokn kommune.
Test stenger Stavanger-tunnelar4.11.2026 13:42:21 CET | Pressemelding
Statens vegvesen skal natt til fredag 13. november gjennomføre ein test på ventilasjonssystemet i Eiganes-, Hundvåg- og Byhaugtunnelen.
Arbeid på E39 i Vestnes4.11.2026 13:32:06 CET | Pressemelding
Arbeidet skjer mellom Furnes og Vestnes kyrkje.
Styrker vinterdriften på riksveg 3 i Østerdalen4.11.2026 12:11:12 CET | Pressemelding
Statens vegvesen vil styrke vinterdriften på riksveg 3 i Østerdalen. Hensikten er å bedre framkommelighet og beredskap vinterstid.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom