Nattarbeid med viktig kontroll av straumnett
3.7.2026 16:00:00 CEST | Linja | Pressemelding
Medan innbyggjarana mellom Stokkenes, Hjelle og Lote sov natt til 19. juni, var straumen kopla ut og 15 montørar frå heile Nordfjord sto klar for nattarbeid. Dei sette då i gang med å kontrollere straumnettet i området.

– Vi legg slikt arbeid til sommarnatta fordi det gir tryggare arbeidsforhold, betre lys og minst mogleg ulempe for kundane, seier Else Margrethe Larsen og Ole-Bent Søreide frå HMS-avdelinga som var til stades under arbeidet.
Det var varsla straumutkopling for alle straumkundar i området frå 23:30 til 05:30. Då var montørane klare til å klatre opp i straummaster, kontrollere dei og gjere nødvendige reparasjonar. 97 stolpepunkt vart kontrollerte. I tillegg vart det gjort kontroll og vask av fleire nettstasjonar og trafokioskar.

– Slike utkoplingar gir oss eit sjeldan høve til å komme tett på anlegga og kontrollere tilstanden på ein trygg måte. Det er viktig arbeid for å sikre ei stabil straumforsyning også i åra som kjem, seier koordinator Torbjørn Jakobsen i Linja frå Nordfjordeid.
Mannskap frå Eid, Sandane, Bremanger, Måløy, Stad og Fiskå deltok i arbeidet. I tillegg hadde driftssentralen ei sentral rolle gjennom heile natta. Dei sørgde både for trygge arbeidsforhold medan anlegget var utan straum, og for at nettet kunne koplast inn att område for område etter kvart som arbeidet vart ferdig.
– Det vart gjort ein kjempejobb både ute i felt og på driftssentralen. Folk stod på heile natta, og innsatsen frå alle involverte var avgjerande for at vi kunne gjennomføre arbeidet som planlagt, seier Jakobsen.
Arbeidet er ein del av Linja sitt kontinuerlege arbeid med å vedlikehalde og utvikle straumnettet i regionen, for å sikre ei trygg og stabil straumforsyning.
Nøkkelord
Kontakter
Christin AareFagleiar kommunikasjonLinja AS
Tel:+47 97 98 39 62christin.aare@linja.noBilder







Følg pressemeldinger fra Linja
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Linja på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Linja
Store investeringar og godt årsresultat for Linja8.4.2026 15:04:24 CEST | Pressemelding
Linja AS investerte for om lag 441 millionar kroner i 2025 og leverte eit resultat etter skatt på 458 millionar kroner. Det er 280 millionar kroner betre enn året før. Ein vesentleg del av auken kjem av eingongsinntekter på 269 millionar kroner, knytt til fusjonsprosessen mellom Mørenett og Linja.
Helge Robert Midtbø startar som ny administrerande direktør i Linja2.2.2026 08:03:35 CET | Pressemelding
Helge Robert Midtbø har i dag sin første arbeidsdag som administrerande direktør i Linja. Han kjem frå stillinga som direktør for drift og eigedom i Helse Førde. I tillegg har han vore varaordførar i Sunnfjord kommune, men har gått ut av det politiske verva i samband med jobbskiftet. Han tek no over leiinga av eit nettselskap som står framfor store investeringar og aukande krav til nettkapasitet.
Helge Robert Midtbø startar som ny administrerande direktør i Linja2.2.2026 08:03:35 CET | Pressemelding
Helge Robert Midtbø har i dag sin første arbeidsdag som administrerande direktør i Linja. Han kjem frå stillinga som direktør for drift og eigedom i Helse Førde. I tillegg har han vore varaordførar i Sunnfjord kommune, men har gått ut av det politiske verva i samband med jobbskiftet. Han tek no over leiinga av eit nettselskap som står framfor store investeringar og aukande krav til nettkapasitet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom