Linja

Store investeringar og godt årsresultat for Linja

8.4.2026 15:04:24 CEST | Linja | Pressemelding

Del

Linja AS investerte for om lag 441 millionar kroner i 2025 og leverte eit resultat etter skatt på 458 millionar kroner. Det er 280 millionar kroner betre enn året før. Ein vesentleg del av auken kjem av eingongsinntekter på 269 millionar kroner, knytt til fusjonsprosessen mellom Mørenett og Linja.

Resultatet speglar den innsatsen som blir lagt ned kvar dag i heile verksemda, seier administrerande direktør i Linja, Helge Robert Midtbø.
Resultatet speglar den innsatsen som blir lagt ned kvar dag i heile verksemda, seier administrerande direktør i Linja, Helge Robert Midtbø. Foto: Morten Wanvik Linja

-    Resultatet for 2025 gir Linja eit godt økonomisk utgangspunkt for dei store investeringane som ligg framfor oss på mellom 800 og 900 mill. kroner i året. Skal vi gjennomføre dei planlagde prosjekta i åra som kjem er det avgjerande at vi held fram med å levere gode resultat. Resultatet speglar den innsatsen som blir lagt ned kvar dag i heile verksemda, seier administrerande direktør i Linja, Helge Robert Midtbø.

Driftsinntektene i 2025 vart 1 982,2 millionar kroner, medan driftsresultatet vart 758,4 millionar kroner. Det er 346,1 millionar kroner betre enn året før. 

Årsaka til auken kjem hovudsakeleg frå eingongsinntekter, men kostnadsreduksjonar i den underliggande drifta har òg  bidrege positivt. Selskapet har ein nettkapital på om lag 6 250 millionar kroner.

- Investeringane i 2025 er retta mot både auka straumbehov og fornying av straumnettet. Det er avgjerande for å sikre kundane ei trygg og stabil straumforsyning i møte med nye behov og aukande forbruk. Samstundes skal vi levere gode resultat og langsiktig verdiskaping for eigarane, seier Midtbø. 

Aukar kapasiteten i nettet

Linja eig og driftar distribusjonsnettet frå Askvoll i sør til Ålesund i nord, og har om lag 107 500 kundar i distribusjonsnettet. I 2025 vart det levert 2 935 GWh til kundane i distribusjonsnettet, med ein auke på 35 GWh frå året før.

For å møte auka forbruk og nye behov har Linja siste tida styrka kapasiteten i nettet gjennom ei rekkje tiltak i ulike delar av regionen frå Indre Sogn til grensa mot Trøndelag. 

- Eitt viktig satsingsområde er spenningsoppgradering frå 66 kV til 132 kV på Søre Sunnmøre og i Indre Nordfjord. Arbeidet held fram i 2026 og 2027 og vil styrke forsyninga i to store regionar, seier Midtbø

Samstundes er arbeidet med kapasitetsauke i regionalt distribusjonsnett frå Indre Sogn til Florø i gang, noko som markerer ein viktig milepæl for forsyningstryggleiken i området.

I 2025 vart òg utviding og fornying av Giskemo transformatorstasjon avslutta. Dette gir betre driftssikkerheit for Sunnmøre.

I det lokale distribusjonsnettet vart det same år ferdigsilt fleire mindre og mellomstore anlegg, både som del av fornying av eksisterande nett og for å gi straumtilknyting til nye kundar. 


Straum til folk og kraft til utvikling 

Linja er eitt av dei største nettselskapa i landet, med 282 tilsette som kvar dag arbeider for trygg og stabil straumforsyning på ein berekraftig måte. Selskapet er ei viktig lærebedrift, og har i 2026 18 læreplassar. Gjennom kompetansebygging, drift og utvikling av nettet skal Linja bidra til forsyningstryggleik og langsiktig verdiskaping i lokalsamfunna selskapet er ein del av.

-    Linja har ei sentral rolle i totalberedskapen i samfunnet – noko vi tek på største alvor. Vår viktigaste jobb er å sikre straum til folk der dei bur, og kraft til det nye som skal skapast i regionen. Det skal vi gjere med ansvar for både natur, samfunn og framtidige behov, avsluttar Midtbø.


Styret i Linja godkjente 26. mars 2026 årsrapporten for 2025. Årsrapporten er tilgjengeleg på Linja si heimeside. www.linja.no 

Meir informasjon:
Helge Robert Midtbø adm. direktør i Linja AS, tlf. 907 64 403

Kontakter

Dokumenter

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye