Hormon frå frøa avgjer om epletreet ber frukt neste år
3.7.2026 10:00:00 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Nokre epletre gir berre god avling annakvart år. Forskarar i NIBIO forklarer dette med hormonelle signal frå frøa i utviklande eple, og peikar på tynning som det viktigaste tiltaket for å unngå vekselbering.

Har du eit epletre i hagen som berre gir frukt annakvart år? Då har du nok ein sort med tendens til det me kallar for vekselbering. Dei får masse blomar og stor avling eitt år, for så å ha inga eller berre lite frukt året etter.
Men kvifor er det slik? Ifølgje NIBIO-forskar Darius Kviklys ligg svaret i hormona som blir produserte i frøa i dei utviklande epla. Meir om det seinare.
Tynning: naudsynt, men arbeidsamt
Harald Alvavoll er fruktbonde på Lofthus i Hardanger og driv om lag 100 dekar med eple, pære, plomme og morell. På garden hans har sesongarbeidarar vore i gong med tynning i fleire veker allereie.
Tynning er det viktigaste tiltaket for å unngå vekselbering. Det betyr at ein fjernar ein del av dei unge fruktene (eller blomane). Målet er å tilpassa talet på frukter til bereevna til treet.
– I år ser det ut som det vert litt mindre manuelt tynnearbeid enn i fjor, fortel Alvavoll.
– Tynning er likevel heilt naudsynt for å unngå vekselbering. Det vert håplaust å leva av dette om ein ikkje har en nokon lunde jamn, årleg avling, understrekar han.
Han fortel vidare at epletre oftast set større avling enn det trea toler. Om ein ikkje tynnar, vert trea svekka. Epla vert dessutan små, underutvikla og ofte ikkje søte nok. Samstundes er manuell tynning svært arbeidskrevjande, og tid er pengar for ein fruktbonde.
– Allereie når me skal skjera trea om vinteren, er avlingsreduksjon noko me tar omsyn til, seier han.
– I bløminga nyttar me mekanisk tynning og sprøytetynning med eit ufarleg middel som skadar ein del av blomane. Det sparar tid. Likevel må me nesten alltid gå over manuelt for å justera og få jamn årleg avling, fortel fruktbonden.
Vekselbering er sortsavhengig
NIBIO-forskar Darius Kviklys har i mange år vore oppteken av samanhengen mellom tynning og vekselbering. Nokre sortar har sterkare tendens til vekselbering enn andre. Målet hans er å finna fram til gode dyrkingsråd som dempar vekselberinga.
– Tynning er nøkkelen til suksess. Ein må tilpassa tynninga til kvar enkelt sort for å få stabil avling, tidleg modning, god kvalitet og god bløming frå år til år, seier Kviklys.
Om sommaren har frukttre fleire viktige oppgåver. Dei skal veksa, bera fram frukt og samstundes anleggja frukt og bladknoppar for året etter. I tre med mange kart og mange frø som får veksa, produserer frøa hormon som påverkar utviklinga av neste års blomeknoppar. Når treet har mange frø under utvikling, er årets reproduksjon sikra. Då vil treet heller satsa på bladknoppar og vekst for året etter.
– Ein må passa på at totalavlinga ikkje vert for stor. I hovudsak gjeld det å tynna til ein frukt per klase i riktberande sortar. I tillegg bør det vera 15 centimeter mellom epla. Færre og større eple er betre enn fleire og mindre frukter, sjølv ved same totalavling. Samstundes må bøndene passa på at epla verken vert for store eller for små, men held seg innafor dei kriteria som fruktlagera har bestemt, forklarar Kviklys.
– Ein må dessutan tilpassa fruktmengd til alder på treet. Ein kan auka avlinga etter kvart som treet veks. Høg avling på unge tre, fører til vekselbering. Fire til fem år etter planting, kan dei tola større avlingar, forklarar Kviklys.
For sortar med sterk tendens til vekselbering, forklarar Kviklys at det er viktig å tynna tidleg for å få full effekt. Aller best er det å tynna allereie under bløming. Seinare tynning gjer at ein må tynna hardare for å unngå avlingsnedgang året etter. Det vil redusera avlinga også inneverande år.
– Sist, men ikkje minst, er det viktig å halda trea i god vekst. Rett gjødsling, vatning og plantevern, gir sterke og friske tre. Då toler trea også større avlingar, avsluttar Kviklys.
Nøkkelord
Kontakter
Darius KviklysNIBIO / Divisjon for matproduksjon og samfunn
Tel:(+47) 413 24 561darius.kviklys@nibio.noBilder






Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
En over hundre år gammel timoteisort kan fortsatt være best15.7.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
En timoteisort utviklet på 1910-tallet er fortsatt høyt verdsatt av norske bønder. Kanskje skyldes det noe så enkelt – og samtidig så undervurdert – som plantenes erfaring.
Fortsatt umodent med karbonkreditter fra jordbruket14.7.2026 07:30:00 CEST | Pressemelding
Norske bønder har foreløpig begrensede muligheter til å tjene penger på salg av karbonkreditter for klimatiltak på egen gård, viser en ny rapport fra NIBIO. Interessen for slike ordninger er stor, men det er betydelige utfordringer knyttet til teknologi, økonomi og markedets modenhet.
Lerum vil kjøpe flere norske solbær13.7.2026 07:30:00 CEST | Pressemelding
Norske solbær er etterspurt, men produksjonen er for liten. Nylig møttes industri, forskere og produsenter for å diskutere hvordan flere kan satse på solbærdyrking og hvilke utfordringer som må løses.
Sjeldne orkideer får fosterhjem i Telemark10.7.2026 11:35:04 CEST | Pressemelding
Flere hundre småplanter av søstermarihånd blir denne sommeren plantet ut i utvalgte slåtteenger i Telemark. Tolv grunneiere blir «fosterfamilier» for de sjeldne orkideene. Prosjektet kombinerer avansert laboratoriearbeid med tradisjonell skjøtsel av kulturlandskapet.
Et lite insekt i salaten kan være et godt tegn9.7.2026 10:40:14 CEST | Pressemelding
Rynker du på nesen hvis du finner et lite insekt i salaten? Den lille blindpassasjeren kan faktisk være et tegn på at grønnsakene er dyrket med mindre bruk av kjemiske plantevernmidler. Nå mener forskerne vi må revurdere hva vi legger i mat av god kvalitet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom