Betre lønnsemd for norske aviser i 2025
29.6.2026 07:50:00 CEST | Medietilsynet | Pressemelding
Norske aviser auka brukarinntektene i 2025, og saman med god kostnadskontroll bidrog inntektsauken til betra lønsemd. Men den underliggjande økonomiske utviklinga er framleis krevjande, viser ein ny rapport frå Medietilsynet.

Dei digitale brukarinntektene auka kraftig i 2025, og samla utgjorde dei digitale inntektene nær 60 prosent av avisenes totale driftsinntekter, mot 41 prosent i 2021.
– Avisene har kome langt i den digitale omstillinga, men papiravisa har framleis mykje å seie for driftsresultatet, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.
Ho viser til at driftsresultatet for cirka 200 abonnementsaviser som publiserer både på nett og papir, ville vore 1,3 milliardar kroner lågare dersom det bare var nettutgåver.
Annonseinntekter på historisk lågt nivå
Annonseinntektene til norske aviser blei reduserte med 48 millionar kroner eller 1,3 prosent i 2025, og var nok ein gong på eit historisk lågt nivå. Dei siste fem åra har fallet vore på 550 millionar kroner, eller nærare 13 prosent.
– Denne utviklinga viser varige strukturelle endringar i mediemarknaden, seier Velsand.
Konkurransen frå dei store globale selskapa er ei viktig årsak til at annonseinntektene til dei norske avisene held fram med å falle. Sjølv om dei globale aktørane ikkje tok ytterlegare delar av den norske annonsemarknaden i 2025, hadde dei ein marknadsdel på 47 prosent i Noreg, mens avisene berre hadde 13 prosent, viser anslag i rapporten frå Medietilsynet.
Lønsemd på det jevne i 2025
Samla hadde dei norske avisene eit betre driftsøkonomisk år i 2025 enn dei tre åra før. Driftsmarginen har utvikla seg positivt år for år etter botnpunktet på 2,1 prosent i 2022, og blei i 2025 på 5 prosent før statlege tilskot. Kostnadsauken var lågare enn den generelle prisveksten.
208 av 251 aviser som er omfatta av rapporten frå Medietilsynet gjekk med overskot før skatt i 2025.
– Norske aviser har evna å tilpasse seg ein krevjande marknad, men inntektsgrunnlaget er framleis under press og vidare omstilling blir nødvendig. Dette stiller krav til evna bransjen har til å utvikle seg, samstundes som dei mediepolitiske rammevilkåra må støtte opp under den demokratiske funksjonen som dei redaktørstyrte media har, seier Velsand.
Heile rapporten “Medieøkonomi: Økonomien i norske aviser 2021–2025” finn du her.
Fakta om økonomien i avisene for 2025:
- Det samla driftsresultatet til avisene var på litt over 615 millionar kroner før statlege tilskot i 2025. Dette var ein auke på 156 millionar kroner, nær 34 prosent, frå 2024.
- Samla var lønsemda for avisene betre i 2025 enn dei tre åra før, med ein driftsmargin på 5 prosent.
208 av 251 aviser gjekk med overskot før skatt i 2025, mot 201 av 252 aviser i 2024. - Driftsinntektene var på 12,4 milliardar kroner i 2025, ein oppgang på 265 millionar kroner, 2,2 prosent, frå 2024.
- Brukarinntektene auka med 3,3 prosent i 2025, til vel 8,1 milliardar kroner. Desse inntektene utgjorde 65,5 prosent av dei totale driftsinntektene til avisene, mot 64,8 prosent i 2024.
- Annonseinntektene gjekk ned med 48 millionar kroner i 2025, tilsvarande 1,3 prosent, til 3,7 milliardar kroner. Avisene hadde i 2025 13 prosent av den norske annonsemarknaden, mot 14 prosent i 2024. I 2013 hadde avisene 37 prosent av denne marknaden.
- I 2025 var inntektene til avisene frå nettutgåvene 7,4 milliardar kroner, og inntektene frå papirutgagåvene 5,0 milliardar kroner.
- Driftskostnadene var på vel 11,7 milliardar kroner i 2025, ein auke på 109 millionar kroner, 0,9 prosent, frå 2024.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil Ruudkommunikasjonsrådgiver
Tel:906 67 828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
TV 2 oppfylte alle krava som kommersiell allmennkringkastar i 202526.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i 2025 i tråd med krava, viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet. Kanalen får full kompensasjon frå staten for sitt allmennkringkastaroppdrag dette året.
Medietilsynet fordeler nær 25 millioner til lokalkringkasting23.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet har fordelt 24,7 millioner kroner til lokalkringkasting gjennom ordningen for tilskudd til lokale lyd- og bildemedier. I år mottar til sammen 112 lokalkringkastere støtte fra ordningen.
TV Vest får advarsel av Medietilsynet18.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet gir TV Vest AS sanksjon i form av advarsel for brudd på kringkastingsloven. Kanalen brøt reglene om produktplassering i programmet «Våre ti beste gavetips».
Medietilsynet undersøker hvorfor noen unngår nyheter17.6.2026 09:59:55 CEST | Pressemelding
Medietilsynet kartlegger årsaker til at en økende andel av befolkningen kobler seg av nyheter. Fire av ti nordmenn unngår nyheter ofte eller av og til, ifølge årets Reuters Digital News Report. Dette er en økning på ni prosentpoeng fra året før.
Medietilsynet: NRK oppfyller framleis ikkje nynorskkravet12.6.2026 06:50:00 CEST | Pressemelding
NRK oppfylte i det store og heile allmennkringkastaroppdraget sitt i 2025. Men kravet om minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer blei verken oppfylt for radio eller nett, viser Medietilsynets årlege tilsyn med NRK.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom