Gjennombrot for forskarar frå Bergen - teknologi kan bli del av vaksine mot alvorleg diarésjukdom
23.6.2026 10:01:45 CEST | Universitetet i Bergen (UiB) | Pressemelding
Forsking leia frå Universitetet i Bergen (UiB) og NORCE kan bidra til utvikling av ein ny vaksine mot ein av verdas viktigaste årsaker til alvorleg diarésjukdom. No har teknologien blitt lisensiert til det internasjonale vaksineselskapet Valneva, som skal vidareutvikle forskinga mot ei mogleg framtidig vaksine.

– Dette er ein viktig milepæl for forskinga vi har drive saman med internasjonale samarbeidspartnarar gjennom mange år. Lisensavtalen viser at resultata våre har eit potensial som blir vurdert som relevant for vidare vaksineutvikling, seier professor Halvor Sommerfelt ved Det medisinske fakultet, UiB.
Bak forskinga står eit internasjonalt samarbeid mellom UiB, NORCE, Pasteur instituttet, Indian Institute of Science, Tulane University og South Dakota State University. Avtalen med Valneva er inngått gjennom Vestlandets Innovasjonsselskap (VIS), som forvaltar dei kommersielle rettane til teknologien på vegne av forskingsinstitusjonane.
Målet er å utvikle ein vaksine mot enterotoksigene E. coli (ETEC), ein bakterie som årleg er årsak til millionar av tilfelle med diarésjukdom verda over. Sjukdommen råkar særleg born i låg- og mellominntektsland, der alvorlege tarminfeksjonar kan få langvarige konsekvensar for helse og utvikling.
– Dette er eit viktig steg for å få forskingsresultat vidare frå laboratoriet og inn i konkret vaksineutvikling. Vi er spesielt glade for at avtalen også legg til rette for tilgang i låg- og mellominntektsland, der behovet er størst, seier administrerande direktør i VIS, Stine Fiksdal.
Mange års forsking bak avtalen
Den lisensierte teknologien byggjer på forsking som starta i 2009, og spring ut av eit ETEC-forskingsprogram leia frå Bergen sidan 1980-talet.
Eit sentralt mål har vore det humane varmestabile toksinet (STh), eit av ETEC bakteriene sine viktigaste sjukdomsframkallande molekyl og samstundes eit av dei mest krevjande måla for vaksineutvikling.
– Vi har ikkje leita etter eitt enkelt gjennombrot, men arbeidd systematisk med å løyse dei utfordringane som har gjort STh til eit vanskeleg vaksinemål. Gjennom målretta design og gradvis oppbygging av kunnskap har vi utvikla teknologi som no er klar for vidare utvikling, seier Puntervoll.
Gjennom lisensavtalen får Valneva eksklusive rettar til å vidareutvikle teknologien. Avtalen omfattar både kommersielle marknader og ein definert veg fram mot framtidige offentlege innkjøp i låg- og mellominntektsland.
Kan få global tyding
ETEC er ei av dei vanlegaste bakterielle årsakene til diarésjukdom globalt og representerer ei stor helseutfordring i mange delar av verda. Trass i omfattande forsking finst det framleis ikkje ei vaksine som gjev godt vern mot sjukdommen.
– Infeksjonar med ETEC er ein viktig årsak til diarésjukdom hos born i låg- og mellominntektsland. Særleg viktig er dei STh-produserande bakteriane, som gjev mesteparten av den alvorlege sjukdomsbyrda og som born i mindre grad utviklar naturleg immunitet mot. Difor har vi arbeidd målretta med å utvikle teknologi som kan bidra til vern mot diaré forårsaka av STh-produserande ETEC, seier Sommerfelt.
Den nye avtalen gjev eit godt grunnlag for å ta forskinga vidare frå universitet og forskingsinstitutt til industriell utvikling, med mål om å gjere teknologien tilgjengeleg for dei som treng han mest.
– Det langsiktige målet er å bidra til vaksinar som kan redusere den store sjukdomsbyrda ETEC påfører born i låg- og mellominntektsland. Lisensavtalen med Valneva er eit viktig steg på vegen mot dette målet, seier Sommerfelt og Puntervoll.
Fakta: ETEC
- ETEC står for enterotoksigene E. coli.
- Bakterien er ei av dei viktigaste årsakene til diarésjukdom globalt.
- Sjukdommen råkar særleg born i låg- og mellominntektsland.
- ETEC er òg ei vanleg årsak til såkalla «reisande-diaré».
- Det finst i dag ingen breitt tilgjengeleg vaksine som gjev godt vernmot sjukdommen.
- Forskarar ved UiB og NORCE har arbeidd med ETEC-forsking i fleire tiår i samarbeid med leiande internasjonale forskingsmiljø.
Kontakter
Professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, UiB, Halvor Sommerfelt - Halvor.Sommerfelt@uib.no
Forskar ved NORCE - Pål Puntervoll - papu@norceresearch.no
Communications Manager VIS - Susann Hellesnes - susann.hellesnes@visinnovasjon.no - +47 99 51 63 19
Bilder



Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
På sporet av Norges huleboere3.7.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
UiB-forskere har funnet en 4000 år gammel hodeskalle fra et lite barn i Vaksdal kommune på Vestlandet. – Dette er sjeldne spor etter den tidligste jordbruksbefolkningen i Norge. Nå håper vi å finne ut hvordan de så ut og hvor de kom fra, sier prosjektleder Knut Andreas Bergsvik.
Billig MS-medisin like effektiv – sparer Norge 500 millioner årlig2.7.2026 11:10:25 CEST | Pressemelding
En norsk-svensk studie som nå publiseres i New England Journal of Medicine viser at det rimelige legemiddelet rituksimab gir like god effekt som ocrelizumab, en av de mest effektive behandlingene for multippel sklerose. Samtidig sparer bruk av rituksimab det norske helsevesenet rundt 500 millioner kroner hvert år.
Klimaministeren opnar Rosendalsveko 202630.6.2026 13:53:06 CEST | Pressemelding
Korleis påverkar klimaendringane naturen, friluftslivet, fjord og fjell? For sjette år på rad strøymer politikarar og næringsliv til Rosendalsveko i august.
Ekspertliste – agurktid29.6.2026 13:38:26 CEST | Pressemelding
Universitetet i Bergen har flere eksperter som kan uttale seg om typiske sommersaker. Her er noen av dem.
Eksperter fra UiB: Hjernehelse25.6.2026 13:26:59 CEST | Pressemelding
UiB har flere eksperter som kan uttale seg om demens, alder og hjernehelse i forbindelse med regjeringens nye strategi.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom