NVE gir løyve til ny kraftleidning mellom Stryn og Volda
16.6.2026 07:00:00 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Linja får løyve til å byggje ein ny 132 kV kraftleidning mellom kommunane Volda og Stryn. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon i Stryn.

Linja arbeidar med å auke kapasiteten i straumnettet i Nordfjord til 132 kilovolt (kV).
– Tiltaka NVE no gir løyve til, vil auke overføringskapasiteten og styrkje forsyningstryggleiken i Nordfjord, seier seksjonssjef Ingrid Myrtveit i NVE.
NVE stiller krav for å redusere negative verknader
For å redusere negative verknader for miljø og samfunn stiller NVE ei rekke krav til korleis utbygginga skal gjennomførast. Linja må mellom anna utarbeide ein detaljplan der dei må beskrive korleis anleggsarbeidet skal gjennomførast for å redusere negative verknader for omgjevnadene.
– Det må i detaljplanen beskrivast korleis Linja skal ta omsyn til hekkande fugl i anleggsperioden. Dei må òg beskrive korleis dei skal ivareta naturtypen gammal fattig sumpskog i anleggsperioden, seier Myrtveit.
Detaljplanen må utarbeidast i kontakt med dei råka kommunane, grunneigarar og andre rettshavarar og godkjennast av NVE før anleggsarbeida kan starte.
Her skal den nye leidninga gå
På strekninga mellom Tomasgard transformatorstasjon og Geitskaret i Volda kommune, skal Linja spenningsoppgradere eksisterande kraftleidning. Det betyr at dei vil gjenbruka mesteparten av dagens master. Vidare frå Geitskaret og til Bø transformatorstasjon, skal kraftleidninga byggast i ein ny trasé, og leidninga vil difor ikkje lenger gå via Markane IL sin skistadion på Ullsheim.
Mellom Lundasætra og Vinsryggsætra har Linja fått løyve til å bygge kraftleidninga i eksisterande trasé som dagens leidning går i. Dei siste 200 meterane inn til Bø transformatorstasjon skal byggast som jordkabel. Sør for Bø transformatorstasjon, skal leidning òg byggast som jordkabel dei siste 300 meterane.
Linja får samstundes spenningsoppgradere transformatorstasjonane Drageset, Reed, Sandane og Tomasgard.
Riving av eksisterande anlegg
Når den nye kraftleidninga er satt i drift, kan Linja rive dagens leidning som går mellom Geitskaret, Markane og Bø. Dei har òg fått løyve til å rive dagens kraftleidning på 66 kV mellom Sandane og Øksenelvane.
Nøkkelord
Kontakter
Ingrid MyrtveitSeksjonssjef
Tel:95 17 27 25inmy@nve.noLenker
Om oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE fastsetter utredningsprogram for flytende gasskraftverk i Trøndelag12.6.2026 10:31:10 CEST | Pressemelding
Ocean Power AS ønsker å bygge et flytende gasskraftverk med karbonfangst i Nærøysund kommune. Nå har Norges vassdrags- og energidirektorat fastsatt et utredningsprogram som beskriver hvilke temaer som må utredes før de kan søke om konsesjon.
NVE fastsetter utredningsprogram for Garbergselva kraftverk12.6.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Garbergselva kraftverk i Selbu kommune. Programmet beskriver ulike temaer Clemens Kraft AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE gir konsesjon til Store Nøkleberg solkraftverk9.6.2026 13:50:35 CEST | Pressemelding
Energeia får tillatelse til å bygge Store Nøkleberg solkraftverk i Østre Toten kommune. Solkraftverket skal bygges for samdrift mellom energiproduksjon og landbruk.
NVE gjev løyve til å byggje transformatorstasjonar i Vik kommune8.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Statnett SF og Sygnir AS får løyve til å byggje to nye transformatorstasjonar ved Refsdal kraftverk i Ovrisdalen. Sygnir får òg løyve til å overta og byggje om eksisterande Hove transformatorstasjon, medan Statkraft Energi AS får løyve til å byggje nye kraftleidningar frå Hove, Refsdal og Målset kraftverk til dei nye stasjonane.
NVE i gang med skredsikring i Honningsvåg5.6.2026 09:54:01 CEST | Pressemelding
NVE har startet arbeidet med å sikre bebyggelsen i Honningsvåg mot snøskred og steinsprang. Prosjektet i Storfjellet over sentrum skal bedre sikkerheten for innbyggerne, og vil pågå over tre år. Dette er et av Norges største skredsikringsprosjekter.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom