Publikum meir fornøgde med museumsbesøket
16.6.2026 12:00:00 CEST | Kulturdirektoratet | Pressemelding
Andelen fornøgde har auka frå 43 prosent i 2019 til 61 prosent i 2025, og dei besøkande speglar i større grad mangfaldet i befolkninga, viser ei ny brukarundersøking.

Dei besøkande er aller mest tilfreds med korleis dei blir møtte av tilsette ved musea, noko som peikar seg ut som ein viktig del av publikumsopplevinga.
– Arbeiderparti-regjeringa ønskjer at alle i Noreg skal kunne besøke og nyte godt av dei fantastiske musea vi har i Norge, uavhengig av bakgrunn og storleik på lommeboka. Difor er det veldig gledeleg at denne undersøkinga ser ut til å vise at fleire no tek turen, og at folk samtidig er meir nøgde med besøka, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Undersøkinga viser også at dei besøkjande i større grad enn før speglar befolkninga. Andelen besøkande med innvandrarbakgrunn har auka, medan andelen besøkande med høgare utdanning er lågare enn i 2019. Dette kan vere eit teikn på at undersøkinga fangar opp eit meir representativt utsnitt av dei besøkande enn før.
Brukar- og bruksundersøkinga ved musea i Noreg i 2025 er gjort av Ipsos på oppdrag frå Kulturdirektoratet. Undersøkinga omfattar 56 museum og 160 arenaer, og gir ny kunnskap om kven som besøker musea, kva som motiverer besøket, og korleis publikum vurderer museumsopplevinga.
Musea har styrkt rolla si som sosial arena
Eit av hovedfunna er at musea i aukande grad fungerer som sosiale møteplassar. Fleire oppgir at dei besøkjer museum saman med familie eller venner, og det sosiale ved besøket veg tyngre enn i den førre undersøkinga.
– Undersøkinga stadfestar at musea ikkje berre er stader for kunnskap og opplevingar, men også viktige møteplassar. Det har noko å seie både for publikumsarbeidet til musea og for den vidare utviklinga av sektoren, seier Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet.
Store forskjellar mellom grupper og museumstypar
Sjølv om brukarane samla settt er tilfreds, viser undersøkinga at opplevinga av musea varierer. Yngre besøkande er mindre tilfredse og mindre aktive enn andre besøksgrupper. Personar med funksjonsnedsetjingar opplever plasseringa av musea som mindre tilgjengeleg, og kunsthistoriske museum skårar lågare på tilgjengelegheit og relevans enn andre museumstypar.
– Det er framleis område der musea må leggje inn ekstra innsats, undersøkingar som dette er viktig for å avdekkje kunnskap om kvar sektoren har utfordringar, seier Inga-Lill Sundset, seksjonsleiar for kulturarv og museum i Kulturdirektoratet.
Kontakter
Inga-Lill SundsetSeksjonsleder kulturarv og museum
Tel:902 12 095inga-lill.sundset@kulturdirektoratet.noSiri BrockmeierKommunikasjonsrådgiver
Tel:93658705siri.charlotte.brockmeier@kulturdirektoratet.noLenker
Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet
1069 kunstnere får Statens kunstnerstipend18.3.2026 10:19:39 CET | Pressemelding
Dette gir flere kunstnere mulighet til å skape, og flere opplevelser til publikum over hele landet.
Janne Stang Dahl er ny avdelingsdirektør for kunstnarisk produksjon og formidling i Kulturdirektoratet4.2.2026 13:21:47 CET | Pressemelding
Ho har brei leiarerfaring frå offentleg forvaltning og ser fram til å komme tilbake til kultursektoren.
Kulturtilbudet vokser, men blir dyrere og mer klassedelt29.1.2026 09:18:23 CET | Pressemelding
Hvem som bruker kulturtilbudet, preges i økende grad av lommebok, bosted og utdanning, viser en ny rapport fra Kulturdirektoratet.
Kunst i tall 2024: Høye inntekter – men økende usikkerhet17.12.2025 08:30:09 CET | Pressemelding
Kunstbransjen i Norge hadde høye inntekter i 2023 og 2024 sammenlignet med årene før pandemien. Samtidig melder flere kunstfelt om økte kostnader, lavere marginer og større usikkerhet fremover.
Kulturrådet tilbakekaller midler2.12.2025 09:19:24 CET | Pressemelding
Kulturrådet tilbakekaller ubrukte prosjektmidler fra Impure Company og trekker tilbake tilskudd for ny periode.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom