Nærings- og fiskeridepartementet

Korleis kan Noreg styrkje posisjonen sin vidare som romnasjon

12.6.2026 11:43:21 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

Del

Nærings- og fiskeridepartementet arbeider med ei ny stortingsmelding om romverksemd som skal leggjast fram neste år. Meldinga skal peike ut retninga for norsk romverksemd i åra som kjem.

Næringsminister Cecilie Myrseth inviterer aktørar i romnæringa til innspelsmøte torsdag 18. juni kl. 09.00–11.30.
Næringsminister Cecilie Myrseth inviterer aktørar i romnæringa til innspelsmøte torsdag 18. juni kl. 09.00–11.30. Foto: David Tvetene/NFD

Som ein del av arbeidet inviterer næringsminister Cecilie Myrseth saman med Direktoratet for romverksemd, NIFRO og Abelia aktørar i romnæringa til innspelsmøte torsdag 18. juni kl. 09.00–11.30. Møtet går føre seg på Sjølyst Møtesenter i Drammensveien 165, og det blir kaffe og lett servering frå 8:30. 

Målet er å få innspel til korleis Noreg kan leggje til rette for vidare vekst, innovasjon og verdiskaping i romsektoren, og korleis romverksemd kan bidra til å løyse viktige samfunnsutfordringar. 

Vi ser fram til gode diskusjonar og innspel frå næringa.

Påmelding innen utgangen av 12. juni.  

Presse som ønskjer å delta på innspelsmøtet, kan melde seg på ved å sende e-post til dtv@nfd.dep.no.

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på LinkedIn og Flickr, og regjeringa på X/Twitter og Facebook 

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye