Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE gjev løyve til å byggje transformatorstasjonar i Vik kommune

8.6.2026 09:00:00 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del

Statnett SF og Sygnir AS får løyve til å byggje to nye transformatorstasjonar ved Refsdal kraftverk i Ovrisdalen. Sygnir får òg løyve til å overta og byggje om eksisterande Hove transformatorstasjon, medan Statkraft Energi AS får løyve til å byggje nye kraftleidningar frå Hove, Refsdal og Målset kraftverk til dei nye stasjonane.

Visualisering av dei to transformatorstasjonane i Ovrisdalen. Bilete er redigert av NVE ved bruk av KI for å fjerne kraftleidningane Statnett og Sygnir søkjer om som NVE ikkje vurderer no. Kjelde: Sygnir sin konsesjonssøknad.
Visualisering av dei to transformatorstasjonane i Ovrisdalen. Bilete er redigert av NVE ved bruk av KI for å fjerne kraftleidningane Statnett og Sygnir søkjer om som NVE ikkje vurderer no. Kjelde: Sygnir sin konsesjonssøknad.

Statnett sin transformatorstasjon vil auke overføringskapasiteten og styrkje forsyningstryggleiken inn til Bergensområdet, seier seksjonssjef Ingrid Myrtveit i NVE.  

Sygnir og Statkraft sine tiltak vil auke kapasiteten i det lokale kraftnettet og NVE meiner dei er nødvendige for å unngå at regionalnettet og dei tre kraftverka mistar tilknytinga til det overliggjande nettet i området. 

Vegar og masselager  

I samband med utbygginga får Statnett løyve til å etablere fem masselager til deponering av overskotsmasser for bygginga av stasjonane. Dei får òg løyve til å utbetre delar av fylkesveg 5601 og ein privat veg for transport av nye transformatorar til stasjonane.  

Statnett og Sygnir får i tillegg løyve til oreigning for naudsynte grunn og rettar til å byggje, eige og drive anlegga.  

NVE stiller krav for å redusere negative verknader 

For å redusere negative verknader for miljø og samfunn stiller NVE ei rekke krav til korleis utbygginga skal gjennomførast. Statnett og Sygnir må mellom anna utarbeide ein detaljplan der dei må beskrive korleis anleggsarbeidet skal gjennomførast for å redusere negative verknader for omgjevnadene.  

– Det må i detaljplanen beskrivast korleis anleggsarbeidet skal tilpassast andre brukare av vegane, òg korleis ein mogleg mellombels veg over Klyv kan etablerast. Før anleggsstart må Sygnir og Statnett i tillegg kartleggje om det er hekking av vipe og storspove ved dei nye stasjonane, seier Myrtveit. 

Detaljplanen må utarbeidast i kontakt med Vik kommune, grunneigarar og andre rettshavarar og godkjennast av NVE før anleggsarbeida kan starte. 

NVE har ikkje ferdigbehandla kraftleidningane  

Statnett og Sygnir har òg søkt om konsesjon for fleire kraftleidningar i Vik kommune. NVE fekk ei rekke innspel i høyringa, og fleire omhandla val av trasear for kraftleidningane som gav behov for nye utgreiingar. NVE vurderte det som mest formålstenleg å behandle tiltaka vi no gir løyve til først, i påvente av utgreiingane. NVE tek derfor ikkje no stilling til val av trasear for kraftleidningane Statnett og Sygnir søkjer om. NVE sin sakshandsaming av kraftleidningane vil fortsetje når vi har motteke endelege utgreiingar. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Visualisering av dei to transformatorstasjonane i Ovrisdalen. Bilete er redigert av NVE ved bruk av KI for å fjerne kraftleidningane Statnett og Sygnir søkjer om som NVE ikkje vurderer no. Kjelde: Sygnir sin konsesjonssøknad.
Visualisering av dei to transformatorstasjonane i Ovrisdalen. Bilete er redigert av NVE ved bruk av KI for å fjerne kraftleidningane Statnett og Sygnir søkjer om som NVE ikkje vurderer no. Kjelde: Sygnir sin konsesjonssøknad.
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye