Vil spare næringslivet for tid med nytt digitalt verktøy
7.6.2026 08:00:00 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding
I Noreg blir det målt for enorme verdiar kvart einaste år. Korrekte målingar er avgjerande for rettferdig handel, effektiv ressursbruk og tillit mellom aktørane. No vil regjeringa gjere det enklare for næringslivet å måle riktig og har bedt Justervesenet om å lage eit nytt digitalt verktøy.

– Dette er eit godt eksempel på regjeringa sitt arbeid med forenklingar for næringslivet. Eit nytt digitalt verktøy kan bidra til at bedriftene vil spare tid på tilsyn, samtidig som det blir lettare for dei å etterleve krava i regelverket. Arbeidet med forenkling er høgt prioritert i heile regjeringa, ikkje minst fordi det er så viktig for norsk konkurransekraft, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Justervesenet utvikler eit nytt digitalt tilsynsverktøy som skal forenkle dialogen med brukarane, gjere data lettare tilgjengeleg og fungere som støtte i bedriftene sin eigenkontroll og internkontrollsystem. Løysinga er utvikla i tett samarbeid med næringslivet, og den digitale brukarportalen har fått namnet Justerlink.
– Det er i alle si interesse at det blir målt riktig. Det skaper tillit til bransjane og bidrar til eit godt omdømme. For verksemdene inneber dette større valfrihet, meir føreseielegheit og moglegheita til å løyse kontrollbehov på ein betre og ofte rimelegere måte. Vi meiner dette er eit viktig skritt i retning av meir effektiv samhandling, seier Nils Magnar Thomassen, avdelingsdirektør for tilsynsavdelinga i Justervesenet.
Nærings- og fiskeridepartementet har sendt eit forslag på høyring. Høyringsfristen er 3. august 2026.
Nøkkelord
Lenker
Om oss
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Næringsministeren deltok på OECDs ministerrådsmøte i Paris5.6.2026 07:29:16 CEST | Pressemelding
Næringsminister Cecilie Myrseth deltok denne uken på OECDs ministerrådsmøte i Paris. Hvordan næringspolitikken kan bidra til økonomisk vekst var hovedtema for toppmøtet.
Næringsministeren til Italia for å styrke industrisamarbeidet2.6.2026 07:33:19 CEST | Presseinvitasjon
Næringsminister Cecilie Myrseth besøker Italia 6.–9. juni. Målet med reisen er å styrke industrisamarbeidet mellom Norge og Italia og fremme norsk næringsliv i et viktig europeisk marked.
Lågare marknadsavgift frå 1. juni31.5.2026 14:40:37 CEST | Pressemelding
Marknadsavgifta for pelagiske artar og konvensjonelle sjømatprodukt blir sett ned frå 1. juni 2026. Føremålet er å bidra til å lette situasjonen for sjømatnæringa i ein krevjande periode.
Fiskeri- og havministeren til Japan for å styrke sjømat-, og maritimt samarbeid29.5.2026 21:49:15 CEST | Pressemelding
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøker Japan sammen med Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon og digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung 1.–4. juni.
Kommuner kan innføre overnattingsavgift fra 202728.5.2026 11:26:43 CEST | Pressemelding
Et godt reiseliv skal skape verdi for både besøkende og lokalsamfunn. Nå som forskriften er klar, legger næringsminister Cecilie Myrseth til rette for at kommunene kan begynne å kreve inn overnattingsavgift fra neste år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom