Nærings- og fiskeridepartementet

Lågare marknadsavgift frå 1. juni

31.5.2026 14:40:37 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

Del

Marknadsavgifta for pelagiske artar og konvensjonelle sjømatprodukt blir sett ned frå 1. juni 2026. Føremålet er å bidra til å lette situasjonen for sjømatnæringa i ein krevjande periode.

Dei nye satsane blir:

  • Konvensjonelle produkt: frå 0,75 % til 0,4 %
  • Pelagiske artar: frå 0,5 % til 0,3 %

Endringa er gjort etter innspel frå næringa og ei gjennomført høyring tidlegare i år.

– Reduksjonen gir næringa eit etterlengta pusterom i møte med mellom anna lågare kvotar og auka råvareprisar. Samstundes vil det innebere ei meir målretta prioritering av ressursane i Sjømatrådet, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Marknadsavgifta finansierer Norges sjømatråd sitt arbeid med å styrkje etterspurnaden etter norsk sjømat internasjonalt. Styresmaktene vil fortløpande vurdere avgiftsnivået i lys av marknadssituasjonen og behova i næringa.

Om marknadsavgifta for sjømat:

  • Marknadsavgifta er ei avgift på eksport av sjømat, rekna ut frå eksportverdien.
  • Avgifta blir betalt av eksportørar av sjømat og går til å finansiere Norges sjømatråd sitt arbeid med å auke etterspurnaden etter norsk sjømat gjennom marknadsføring og marknadsinnsikt.
  • Avgifta er delt inn i fem kategoriar: laks og aure, kvitfisk, pelagisk fisk, konvensjonelle produkt, samt reker og skaldyr.
  • Det er berre avgifta for pelagiske artar og konvensjonelle produkt som no blir justert.
  • Døme på pelagiske artar: sild, makrell, lodde, kolmule og makrellstørje.
  • Døme på konvensjonelle produkt: saltfisk, klippfisk og tørrfisk.

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye