Riksrevisor: Sjukehusa blir overbelasta om dagens bruk held fram
5.5.2026 13:00:00 CEST | Riksrevisjonen | Pressemelding
Mange pasientar som kunne vore behandla i kommunane blir i staden behandla i sjukehusa.

– Stortinget har lagt til grunn at pasientane berre skal få helsehjelp på sjukehus når kommunane ikkje kan gje eit forsvarleg tilbod, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Det var færre eldre over 80 år som fekk helsetenester i heimen og som var brukarer på sjukeheim i 2024 enn i 2015. I same periode brukte eldre sjukehusa stadig meir.
Det viser ei ny undersøking frå Riksrevisjonen om helsetenestenes samhandling om eldre.
Om berre sju år vil talet på eldre over 80 år ha auka med 50 prosent samanlikna med 2024. Den prosentvise veksten er størst i dei store kommunane.
– Dersom bruken av sjukehusa held fram som i dag, truar det berekrafta til spesialisthelsetenestene, seier riksrevisor Schjøtt-Pedersen.
Skilnad mellom kommunar med og utan sjukehus
Eldre over 80 år i vertskommunar til sjukehus, har både fleire akutte innleggingar og planlagde polikliniske konsultasjonar enn eldre i kommunar utan sjukehus.
Dei eldre frå vertskommunane blir også oftare liggjande på sjukehuset etter at dei er utskrivingsklare. Dette har store negative konsekvensar både for pasientane, dei tilsette og for drifta av sjukehusa.
Mangel på korttidsplassar er en viktig grunn til at kommunane ikkje kan ta imot desse pasientane.
– Det er verken rimeleg eller ønskjeleg at eldre frå vertskommunar blir liggande lenger på sjukehus enn eldre i andre kommunar. Desse kommunane bør sjølv kunne handtere ein større del av helsetenestene blant dei eldre. Det kan frigjere kapasitet i sjukehusa som kan brukast på å gi pasientar med større behov raskare behandling, seier Schjøtt-Pedersen.
Verkemidla har ikkje fungert godt nok
Dei statlege verkemidla som Helse- og omsorgsdepartementet forvaltar, og som skal bidra til at behandlinga skjer på rett nivå, har ikkje fungert godt nok.
– Dette er kritikkverdig. Det er også avgjerande at sjukehusa og kommunane i større grad samarbeider om å planlegge dei samla helsetenestene. Gode pasientforløp føreset at kapasiteten i dei kommunale og statlege tenestene er tilpassa kvarandre, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Nøkkelord
Kontakter
Sissel Elisabet HelminsenKommunikasjonsrådgjevar
Tel:977 27 237seh@riksrevisjonen.noStian FjelldalPressekontakt
Ta kontakt med meg på mobil eller epost. Jeg besvarer pressehenvendelser på hverdager mellom 08.00 og 15:45.
Om oss
Riksrevisjonen er det største og eldste kontrollorganet til Stortinget. Gjennom revisjon av rekneskap og undersøkingar kontrollerer vi korleis regjeringa og statsforvaltninga gjer jobben sin.
Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Svakheter i sikkerhetsarbeidet i departementenes IKT-satsing23.6.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Riksrevisjonen retter kritikk mot arbeidet med IKT-sikkerhet i Program Felles IKT-tjenester for departementsfellesskapet. Et hovedmål med å opprette programmet i 2021 var å styrke IKT-sikkerheten.
Etter 10 års skule: Urovekkjande mange elevar har ikkje lært å lese, skrive og rekne skikkeleg16.6.2026 13:00:00 CEST | Pressemelding
Trass i ei langvarig satsing og høg prioritet frå Stortinget, har svært mange elevar svake grunnleggjande ferdigheiter etter grunnskulen.
Pressekonferanse tysdag om elevar sine grunnleggjande ferdigheiter15.6.2026 12:16:38 CEST | Presseinvitasjon
Riksrevisjonen har undersøkt Kunnskapsdepartementet sitt arbeid for å styrkje lese-, skrive- og rekneferdigheitene hos elevane i grunnskulen. Velkommen til pressekonferanse tysdag kl. 13.
Riksrevisor: – Svake insentiver til å kutte i staten10.6.2026 12:30:00 CEST | Pressemelding
Nesten to tredjedeler av statlige virksomheter oppgir at de i liten grad har insentiver til å fremme innsparings- og kuttforslag i statsbudsjettprosessen.
Pressekonferanse i dag: Effektiv ressursbruk i offentlig sektor10.6.2026 07:45:00 CEST | Presseinvitasjon
Riksrevisjonen har undersøkt myndighetens arbeid med å sikre effektiv ressursbruk. Velkommen til pressekonferanse i dag kl. 12:30!
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom