Miljødirektoratet

Klima-støtte til 123 prosjekt i kommunar og fylke

28.4.2026 12:00:00 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding

Del

Kommunar i heile landet får til saman 130 millionar kroner for å kutte utslepp av klimagassar frå mellom anna avfallshandtering, anleggsplassar og transport.

bilde av tre personer som putter avfall i en avfallsdunk på en kirkegård.
Klimasats i kommunar landet rundt: Østfold fylkeskommune har fått støtte til å redusere klimagassutslepp frå drift av parkar og gravplassar. På biletet frå venstre: Anne-Grethe Larsen, kyrkjeverje ved Indre Østfold kirkelige fellesråd, Marit Lillegraven Haakas, dagleg leiar Klima Østfold, og Christian Lundsrud, driftsleiar Friluft og bymiljø, Indre Østfold kommune. Foto: Åshild Moen Arnesen, kommunikasjonsrådgivar ved Indre Østfold fellesråd.

Her kan du sjå kva kommunen eller fylkeskommunen din får støtte til:

Klimasats-prosjekt – sjå prosjekta som får støtte i 2026

− Skal vi klare å kutte klimagassutsleppa i Noreg, er det viktig at både stat og kommune jobbar saman. Dei nye Klimasats-tildelingane viser at kommunane framleis prioriterer klimaarbeidet høgt. Lokalt forankra klimatiltak gir ringverknader – dei bidreg til å kutte klimagassutslepp, omstille lokalsamfunn og skape løysingar som kjem innbyggjarane til gode. Dette er i tråd med Regjeringas plan for Noreg, som legg vekt på å redusere norske klimagassutslepp gjennom ei rettferdig omstilling, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Dei største summane frå Klimasats-tildelinga i år går til å kutte utslepp av klimagassar frå byggje- og anleggsplassar, og til klimavennlege materiale i byggjeprosjekt. Mange av desse prosjekta gir store og nokså umiddelbare utsleppsreduksjonar.

Det er også mange klimatiltak for ein meir sirkulær økonomi blant søknadene. Mange av desse prosjekta krev koordinert innsats på tvers av avdelingar i kommunen og dialog med andre samfunnsaktørar. Dette viser at kommunar og fylkeskommunar i aukande grad ønskjer å løyse komplekse utfordringar i klimaarbeidet.

Ordninga Klimasats gir kommunane høve til å redusere utslepp av klimagassar på måtar som er tilpassa kommunes behov og moglegheiter.

− Klimasats-ordninga som vart etablert i 2016, har sett fart på klimaarbeidet i kommunane. Nokon treng hjelp til konkrete klimavennlege anskaffingar, andre tek på seg større og meir langsiktige prosjekt som kuttar utslepp i fleire delar av kommuneverksemda, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Mindre avfall og ressursbruk

Bergen kommune får éin million kroner i støtte til å kutte klimagassutslepp frå avfall som mellom anna stammar frå kommunen si eiga drift. I prosjektet skal kommunen jobbe for å unngå at avfall oppstår i utgangspunktet, gjennom innovative anskaffingar og meir sirkulære verdikjeder. Dei skal ombruke og vinne tilbake meir av avfallet som elles ville gått til forbrenning, og dei skal utvikle rutinar og opplæring for å endre åtferd og bidra til lågare ressursbruk blant eigne tilsette. Kommunen har berekna at dette kan kutte utsleppa med over 1000 tonn CO2 berre i løpet av prosjektperioden på 1,5 år.

Klimatiltak for parkar og gravplassar

I Østfold skal nettverket Klima Østfold, fleire kommunar og kyrkjelege fellesråd redusere klimagassutslepp frå drift av parkar og gravplassar. Prosjektet skal mellom anna teste torvfrie jordtypar og redusere feilsortering av avfall på gravplassane, slik at meir jord kan komposterast. Dei vil også erstatte fossildrivne hagereiskapar med elektrisk utstyr.

Klimasats – støtte til klimatiltak - miljodirektoratet.no

Kommunar i Vestland får mest i støtte

Det har vore stor etterspurnad etter Klimasats-støtte i år. Kommunar og fylkeskommunar leverte søknader for 238,8 millionar kroner, medan potten er på 130 millionar kroner.

Klimasats-tildelingar

Fylke

Antall søknader

Søknadssum

Endelig tildeling

Vestland

31

50 263 965,00

31 487 140,00

Akershus

31

42 274 498,00

25 346 302,00

Buskerud

12

22 279 833,00

19 857 833,00

Trøndelag

16

21 946 806,00

13 776 500,00

Østfold

6

25 893 375,00

8 501 875,00

Oslo

8

9 316 812,00

7 795 438,00

Nordland

5

9 528 972,00

6 593 572,00

Agder

12

9 561 600,00

4 416 850,00

Innlandet

9

4 535 000,00

3 562 500,00

Vestfold

7

3 555 000,00

3 255 000,00

Rogaland

20

23 998 027,00

2 339 500,00

Møre og Romsdal

6

8 200 000,00

1 699 000,00

Troms

3

1 000 000,00

600 000,00

Telemark

5

6 001 800,00

480 000,00

Finnmark

1

400 000,00

400 000,00

Totalt

172

238 755 688,00

130 111 510,00

Figur 1: Søknader, søknadssum og tildelingar av Klimasats-støtte fordelt fylkesvis. Figur: Miljødirektoratet

Mange ulike tiltakstypar

Det er stor variasjon i kva kommunar og fylke søkjer Klimasats-støtte til. I figuren under er prosjekt sorterte i 16 kategoriar baserte på kvar kvart enkelt prosjekt høyrer mest naturleg heime.

Oversikt etter type tiltak

Type tiltak

Søknadssum

Endelig tildeling

Bygge- og anleggsplasser

46 912 248,00

34 616 780,00

Byggematerialer

52 816 590,00

21 505 140,00

Sirkulær økonomi

31 935 550,00

14 138 000,00

Klimaledelse, nettverk og næringslivssamarbeid

17 787 900,00

10 555 000,00

Varedistribusjon/bylogistikk og tungtransport

11 181 000,00

9 001 000,00

Kartlegging i bygge- og anleggsprosjekter

10 028 427,00

8 205 552,00

Mobilitet og reisevaner

16 804 306,00

7 900 000,00

Renovasjon, avfall, deponi og avløp

10 384 027,00

5 095 000,00

Ladeinfrastruktur og energistasjoner

5 565 000,00

4 910 500,00

Arealplanlegging etter PBL

6 327 500,00

4 675 000,00

Energi

6 040 000,00

2 622 750,00

Maskiner og kjøretøy

15 638 790,00

2 417 438,00

Matsvinn og matvalg

3 286 350,00

2 108 850,00

Biogass

1 400 000,00

1 362 500,00

Masseforvaltning

2 348 000,00

698 000,00

Sjøtransport

300 000,00

300 000,00

Totalt

238 755 688,00

130 111 510,00

Figur 2: Søknadssum og tildelingar av Klimasats-støtte fordelt etter kategoriar. Figur: Miljødirektoratet

Nøkkelord

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye