Utlysing av ny konkurranse om regional flyrutedrift i Sør-Noreg
23.4.2026 12:00:00 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har i dag lyse ut ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg. Tilbodsfristen er 23. juni 2026.
– Dei regionale flyrutene er avgjerande for å sikre god transport for folk og næringsliv i distrikta, og speler ei viktig rolle for å styrke økonomien og konkurransekrafta i desse områda. No lysar vi ut ny konkurranse om drift av dei regionale flyrutane i Sør-Noreg for å sikre eit godt tilbod vidare, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Alle ruteområda i Sør-Noreg videreførast som FOT-ruter
Alle ruteområda i Sør-Noreg i inneverande avtaler vidareførast som FOT-ruter i denne utlysinga.
– Regjeringa prioriterer å vidareføre gjeldane flytilbod på FOT-rutane i Sør-Noreg inn i neste kontraktsperiode. Dette er ei god nyheit for reisande ved dei regionale lufthavnene på Vestlandet og på Røros, seier Nygård.
Justering i maksimaltakster og FOT-krav
Det er for tida sterk prisauke på blant anna flydrivstoffkostnader for operatørane. For å unngå at løyvingane stig ytterligare, vil regjeringa videreføre låge flyprisar i Sør-Noreg, men med ein oppjustering av maksimaltakstane på 20 prosent utover indeksjustering. På den måten blir det det viktige tilbodet oppretthaldt.
Løyvinga til flyrutekjøp auka betydeleg frå 962 millionar kroner i 2023 til 2,5 milliardar kroner i 2026. Maksimaltakstane på alle FOT-rutene blei halvert før oppstart av gjeldande kontrakter 1. april 2024, og dette er ei viktig årsak til aukinga.
Krav til nattparkert fly på Røros lufthamn bli fjerna, og tidskrav som tilrettelegger for dagsreiser frå Oslo og Bergen til lufthavner på Vestlandet og Røros vil ikkje videreførast som FOT-krav i neste kontraktsperiode. Med bakgrunn i nye etterspørselsprognoser reduserast samla krav til setekapasitet noko fra 1. november 2027 på rutene i Sør-Noreg.
– FOT-krava vurderast nøye mellom kontraktrulleringane. Tilbodet til dei reisande skal være godt og forutsegeleg. Samtidig skal våre krav til tilbodet være tilpassa endringar i etterspørsel og veiast opp mot andre hensyn som statens utgifter. Dei endringane vi no gjer i FOT-krava må sjåast i samanheng med dette, seier Nygård.
Fakta om FOT-rutane
Konkurransen i Sør-Noreg omfattar følgjande ruteområde (v.v. er en forkortelse for vice versa):
- Røros–Oslo v.v.
- Florø–Oslo v.v.
- Stord–Oslo v.v.
- Ørsta-Volda–Oslo v.v.
- Førde–Oslo v.v.
- Sogndal–Oslo v.v.
- Sandane–Oslo v.v.
- Ørsta-Volda–Bergen v.v.
- Sogndal–Bergen v.v.
- Sandane–Bergen v.v.
For å sikre eit tilbod på dei flyrutene der det ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt å drifte med eit tilfredsstillande rutetilbod, kjøper staten flytransport etter ein konkurranse blant flyselskapa, ofte kalla FOT-ruter (Forpliktingar til offentleg tenesteyting). Flyselskapet som vinn konkurransen får einerett til drift av eitt eller fleire ruteområde, i eit gitt tidsrom. Samferdselsdepartementet kan setje krav til drifta av flyrutene. Dette omfattar krav som setekapasitet, ruteføring og maksimalpris på billettar.
Reglane for flyrutekjøp opnar for ein avtaleperiode på inntil fire år i Sør-Noreg, og fem år i Nord-Noreg. Inneverande avtalar løp ut 31. oktober 2027 i Sør-Noreg, medan avtalane i Nord-Noreg løp ut 31. oktober 2028.
Utlysinga av ny konkurranse finn du her
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
75 millioner kroner til nytt forskningssenter for kunstig intelligens innenfor transport25.9.2026 08:02:41 CEST | Pressemelding
NTNU skal lede et nytt forskningssenter for bruk av kunstig intelligens innenfor transport. Målet er at KI skal bidra til å utvikle et trygt, bærekraftig og effektivt transportsystem og gi bedre transportløsninger for pengene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom