Utfordrande arbeidsmarknad gir utslag i søkjartala til AHO
23.4.2026 11:01:11 CEST | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo | Pressemelding
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) har fått 2131 søknader, ein nedgang på 15 prosent frå i fjor. Samtidig har konkurransen om studieplassane i landskapsarkitektur auka.

Torsdag 23. april 2026 offentleggjorde Samordna opptak årets søkjartal til universitet og høgskular etter søknadsfristen 15. april.
AHO har fått 2131 søknader til dei tre femårige masterprogramma sine i arkitektur, design og landskapsarkitektur. Det er 377 færre enn i fjor, tilsvarande ein nedgang på 15 prosent. Nedgangen gjeld alle dei tre studieprogramma.
Framleis høg konkurranse om arkitekturstudiet
Arkitektur har fått 1193 søknader, ein nedgang på 16 prosent frå i fjor. Av desse har 536 studiet som førstevalet sitt. Det utgjer ein konkurranse på 8,9 søkjarar per studieplass, basert på 60 planlagde plassar.
Blant dei 370 søkjarane til Master i landskapsarkitektur har 56 prioritert studiet som førstevalet sitt. Det utgjer ein konkurranse på 2,8 søkjarar for kvar av dei 20 planlagde studieplassane. Med dette er konkurransen større enn han var i fjor.
Master i landskapsarkitektur har fått 370 søknader. 56 søkjarar har studiet som førsteval, noko som gir 2,8 søkjarar per studieplass ved 20 planlagde plassar. Konkurransen er dermed høgare enn i fjor (2,6).
Master i design har fått 568 søknader, 18 prosent færre enn i fjor. 141 har sett studiet øvst på prioriteringslista, og konkurrerer med det mot 4,7 andre søkjarar om studieplassane.
Dei nasjonale tala peikar i hovudsak mot ein nedgang i både søknader og førstevalsøkjarar til studium innan arkitektur, design og landskapsarkitektur. Samtidig viser tala at enkelte utdanningar går mot straumen og opplever auka interesse.
Fleirtal kvinnelege førstevalsøkjarar
Blant førstevalsøkjarane til AHOs studiar er det eit fleirtal kvinner. Dette gjeld alle dei tre studieprogramma, men er særleg tydeleg innan design og landskapsarkitektur. Ved søknadsfrist i år er nær to tredelar av førstevalsøkjarane til master i arkitektur kvinner, medan kvinneandelen blant førstevalsøkjarane til design og landskapsarkitektur er endå høgare. Kvinneandelen har auka noko over tid.
AHOs ansvar i møte med ein krevjande arbeidsmarknad
Fleire undersøkingar peikar mot ein meir krevjande arbeidsmarknad innan arkitektur- og designfaga. Ei arbeidsløyseundersøking frå Arkitektenes fagforbund viser at arkitektbransjen blir prega av tøffe tider, særleg for unge og nyutdanna, med noko høgare arbeidsløyse blant landskapsarkitektar enn i andre faggrupper. Dette kan sjåast i samanheng med Navs arbeidsløysestatistikk, som viser at bygg- og anleggssektoren har den høgaste registrerte arbeidsløysa i arbeidsmarknaden, trass i enkelte teikn til auka etterspurnad etter arbeidskraft.
Samtidig teiknar Grafills bransjekartlegging eit bilete av ein designbransje i omstilling, der uvisse i oppdragsmarknaden, sterk konkurranse og teknologiske endringar pregar arbeidskvardagen. Kandidatundersøkinga for høgare utdanning peikar også på høg arbeidsløyse blant nyutdanna innan samfunns- og estetiske fag. Samla sett kan dette gi eit bakteppe for korleis dagens søkjarar vurderer utdanningsval og framtidige jobbmoglegheiter – sjølv om dei ytre faktorane som påverkar vala til søkjarane er mange og samansette.
– I ein arbeidsmarknad prega av uvisse og rask omstilling er det AHOs ansvar å tilby framtidsretta utdanningar med både sterk fagleg forankring og rom for kritisk tenking og eksperimentering. Overfor søkjarane skal me vera tydelege på at det er nettopp dette som kjenneteiknar utdanningane våre. AHO utdannar kandidatar med kompetanse som er relevant og robust i eit arbeidsliv i endring, seier rektor Irene Alma Lønne.
Kontakter
Jeppe Sophus LaiFagansvarlig for kommunikasjon
AHOs stab og støttefunksjoner
Bilder

Om Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO)
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) er en ledende, internasjonal vitenskapelig høgskole som gir utdanning innen arkitektur, design, landskapsarkitektur og urbanisme. AHOs kunnskapsfelt har formgiving som fokus og virksomheten omfatter alle skalaer; gjenstander, systemer, bygninger, by- og landskapsforming. Skolen er organisert i tre institutter, og har crika 800 studenter og 270 ansatte.
Følg pressemeldinger fra Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
Kronprins Haakon markerte milepæl i arbeidet med å gjøre Norge verdensledende i maritim design15.4.2026 15:22:56 CEST | Pressemelding
Kronprins Haakon og prins Sverre Magnus dro i hendelen for å lansere kodene til et fritt og åpent designsystem som skal skape tryggere og mer klimasmarte arbeidsplasser i maritim industri. Systemet er utviklet ved AHO.
H.K.H. Kronprinsen besøker AHO for å markere innovasjonsløft for tryggere arbeidsplasser i maritim industri13.4.2026 09:55:42 CEST | Presseinvitasjon
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon og prins Sverre Magnus besøker forskningssenteret Ocean Industries Concept Lab ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) onsdag 15. april 2026.
Irene Alma Lønne fortsetter som rektor ved AHO23.3.2026 12:00:05 CET | Pressemelding
Irene Alma Lønne er ansatt som rektor ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) i en ny åremålsperiode på fire år.
Anne Romme blir instituttleder for arkitektur ved AHO18.3.2026 13:03:59 CET | Pressemelding
Førsteamanuensis Anne Romme (52) er ansatt som instituttleder for Institutt for arkitektur ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO). Hun kommer fra Det Kongelige Akademi i København.
AHO doblet inntektene fra Forskningsrådet. Inntar en 6. plass per faglige årsverk.2.3.2026 08:27:46 CET | Pressemelding
AHO hentet inn 15, 2 mill. kroner fra Norges Forskningsråd i 2025, mer enn dobling fra nivået årene før. AHO inntar en 6. plass blant statlige universiteter og høgskoler for mest bidragsinntekter per faglige årsverk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom