175 aviser vil ha produksjonstilskott
17.4.2026 08:50:00 CEST | Medietilsynet | Pressemelding
175 aviser har i år søkt om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. 13 av desse har ikkje fått støtte tidlegare. Blant dei nye søkarane er det både lokalaviser og aviser med heile landet som nedslagsfelt.

I år skal 456,3 millionar kroner fordelast mellom avisene som har rett på støtte. 175 søkarar er to færre enn i fjor. I gruppa med nye søkarar finn vi fem lokalaviser og åtte nasjonale aviser.
– Dette viser at det framleis er stor aktivitet i avismarknaden, og at støtteordninga er viktig for aktørane og mediemangfaldet, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.
Dei nye lokalavisene som har søkt støtte er Salangen-nyheter, Sirdalmedia, Aukranytt, Nordmørsposten og RA Stavanger.
Salangen-nyheter søkte for første gong i fjor, men fekk da avslag på grunn av for få abonnentar.
Nasjonale medium som søker om støtte for første gong i 2026 er Din Bedrift, Energiteknikk.net og Kom24.
Altinget, Shifter.no, Watch Media, Motparten og Kampanje har søkt tidlegare år og fått avslag, men søker alle på nytt i år.
Grundig saksbehandling
Medietilsynet skal nå vurdere kvar enkelt søkar opp mot dei ulike kriteria i ordninga for å avgjere om avisa er kvalifisert for å få støtte. Vilkåra som må oppfyllast kjem fram av «Forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium», og blir vurdert etter objektive faktum, analysar og vurderingar.
– Forskrifta skal gi så stor grad av føreseielegheit som mogleg. Ein faktor som kan skape endringer i tilskuddet frå år til år, er antal nye kvalifiserte søkarar. Dette skyldes at tilskuddets totale størrelse er gitt, uavhengig av antal søkarar, seier Sekkelsten.
For nye søkarar som oppfyller dei objektive vilkåra til forskrifta skal det gjennomførast ei innhaldsvurdering av publikasjonen. Resultatet av denne innhaldsvurderinga vil bli tillagt stor vekt i vurderinga av om vilkåra til formål og innhald er oppfylte. I tillegg blir det lagt vekt på ulike eigenskapar ved publikasjonen. Det er ei samla vurdering som til sist avgjer om det enkelte nyheits- og aktualitetsmediet oppfyller vilkåra.
Kva aviser som får støtte og kor mykje kvar avis får, blir klart til hausten når alle søknadene er behandla.
Fakta om produksjonstilskottet
- Årleg tilskottsramme for ordninga blir fastsett i samband med Stortingets behandling av statsbudsjettet. I 2026 er totalramma på 456,3 millionar kroner.
- Medietilsynet fordeler produksjonstilskottet.
- I fjor blei støtta fordelt på 163 aviser. Årets fordeling og talet på tilskottsmottakarar blir klart til hausten.
Vilkåra for å få tilskott er beskrivne i Forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. - Tilskottet skal fremje uavhengig journalistikk karakterisert av høg kvalitet, særleg i nyheits- og aktualitetsmedium i marknader som er for små til å vere berekraftige eller som er alternativ til dei leiande nyheitsmedia i dei ulike mediemarknadene.
- Ordninga er plattformnøytral, og likestiller papir- og nettaviser.
Kategoriar i tilskottsordninga
- Aleinemedium: nyheits- og aktualitetsmedium som er aleine på utgivarstaden.
- Nummereinmedium: nyheits- og aktualitetsmedium som har det høgaste abonnementstalet på utgivarstaden.
- Nummertomedium: nyheits- og aktualitetsmedium som har ein konkurrent med høgare abonnementstal på utgivarstaden.
- Nasjonale nummertomedium: nummertomedium som har minst 500 av abonnementstalet fordelt på minimum fem av fylka i landet og minst 25 prosent av abonnementstalet utanfor utgivarfylket, og som har minst 20 redaksjonelle årsverk.
- Nasjonale nisjemedium: nummertomedium som har minst 200 av abonnementstalet fordelt på minimum fem av fylka i landet og minst 25 prosent av abonnementstalet utanfor utgivarfylket. Nasjonale nisjemedium har eit breitt innhald om politikk, økonomi eller samfunnsliv, men er smalare i innhaldsprofilen sin enn andre nyheits- og aktualitetsmedium.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil Ruudkommunikasjonsrådgiver
Tel:906 67 828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noHanne Nistad Sekkelstendirektør for juridisk og regulatorisk avdeling
Tel:48076123hanne.sekkelsten@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Lokal-tv-kanal ilegges gebyr av Medietilsynet3.7.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
TVH AS er ilagt sanksjon i form av gebyr av Medietilsynet for brudd på reglene om sponsoridentifikasjon. Aktøren må betale 20 000 kroner etter regelbruddene.
Betre lønnsemd for norske aviser i 202529.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Norske aviser auka brukarinntektene i 2025, og saman med god kostnadskontroll bidrog inntektsauken til betra lønsemd. Men den underliggjande økonomiske utviklinga er framleis krevjande, viser ein ny rapport frå Medietilsynet.
TV 2 oppfylte alle krava som kommersiell allmennkringkastar i 202526.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i 2025 i tråd med krava, viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet. Kanalen får full kompensasjon frå staten for sitt allmennkringkastaroppdrag dette året.
Medietilsynet fordeler nær 25 millioner til lokalkringkasting23.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet har fordelt 24,7 millioner kroner til lokalkringkasting gjennom ordningen for tilskudd til lokale lyd- og bildemedier. I år mottar til sammen 112 lokalkringkastere støtte fra ordningen.
TV Vest får advarsel av Medietilsynet18.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet gir TV Vest AS sanksjon i form av advarsel for brudd på kringkastingsloven. Kanalen brøt reglene om produktplassering i programmet «Våre ti beste gavetips».
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom