Nye tal frå SSB gav store utslag i årets berekningar for jordbruksoppgjeret
16.4.2026 13:07:07 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
I dag legg budsjettnemda for jordbruket fram grunnlagstal for jordbruksoppgjeret for 79. gong. Årets tal syner store avvik frå i fjor.

Det er store avvik i grunnlagstala for jordbruksoppgjeret for i år og fjor. Men før vi går nærare inn på avvika, skal vi avsløra tre tal som er særskilt interessante for dei som jobbar med jordbruk: årsresultatet per familieårsverk inkludert effekt av jordbruksfrådraget for 2024, 2025 og 2026. For å finna årsresultatet reknar økonomane ut alle inntekter minus alle utgifter i norsk jordbruk delt på tal årsverk i jordbruket og inkludert eit særskilt skattefrådrag for dei som har jordbruksinntekt.
Årets utrekningar syner at årsresultatet for 2024 vart på 502 900 kroner og 600 500 for 2025. Budsjettet estimerer eit årsresultat på 628 700 kroner for 2026. Desse tala er grunnlaget for utrekninga av ei såkalla samanlikningsinntekt som skal syne om bøndene held tritt med lønsutviklinga i resten av samhellet.
Faktagrunnlag for viktige forhandlingar
Kva vert så desse tala nytta til vidare?
Landbruksøkonom Lars Johan Rustad i NIBIO er leiar for sekretariatet til budsjettnemnda og har leia utgreiingane i ei årrekkje. Han svarer fylgjande:
– Tala gir staten og bondeorganisasjonane eit grunnlag for å vurdera korleis det står til med økonomien i norsk landbruk. Utredninga vi har levert i dag gir partane det dei treng for at forhandlingane skal baserast på eit så objektivt og godt faktagrunnlag som mogleg.
Bak berekninga for årsresultatet og samanlikningsinntekta ligg eit betydeleg arbeid der nemda kvart år kartlegg inntekter og kostnadar på områda som har betydning for jordbruket. Produksjonsinntekter kjem til dømes frå mjølk, korn, kjøt, frukt og grønt, medan viktige kostnadar er innsatsfaktorar som til dømes gjødsel, kraftfôr, energi og vedlikehald.
Avvik mellom årets og fjorårets berekningar
I år er tala for 2024 berekna ut frå rekneskapstal og innrapportert statistikk. Tala for 2025 er førebelse rekneskapstal, medan det for 2026 er budsjetterte tal. Berekningane baserer seg på eit stort faktagrunnlag som vert henta inn frå eit høgt tal relevante aktørar, slik som SSB, Landbruksdirektoratet og ulike marknadsaktørar. Dette blir sett saman til ein heilheit av nemnda.
Arbeidet i budsjettnemnda har gått føre seg sidan 1948. Det kviler altså på akkumulert kunnskap, metodikk og faglege vurderingar over lang tid. Tala fangar opp både dei lange linjene og dagens situasjon for jordbruket.
– Kvart år samanliknar vi tala vi rekna ut året før med dei resultata me får i inneverande år. Det er betydeleg skilnad på resultata vi berekna for 2023 til 2025 i fjor og dei vi berekna i år. Årsresultat per familieårsverk, som vi kom fram til i år, syner eit resultat som er om lag 100 000 kroner lågare for desse åra, seier Rustad.
– Som alt anna i desse reknestykka, er forklaringa både kompleks og samansett, men det er nokre hovudårsaker som står tydeleg fram. SSB gjennomfører årlege landbruksundersøkingar på ulike tema frå år til år. Dei er basert på eit utval aktive jordbruksbedrifter, der økonomi er tema om lag kvart tredje år. Dei to åra imellom vert desse verdiane estimert av nemnda. For årets berekning hadde vi ei ny landbruksundersøking med økonomiske data frå SSB, og med det ny informasjon som viste at det har vore vesentleg høgare kostnadar enn det vi la til grunn i fjorårets arbeid, forklarar Rustad.
– I tillegg har energibruken vore høgare enn estimert og produksjonen av grønsaker og blomster har vore lågare, noko som gir lågare inntekter for jordbruket samla, legg han til.
No sender forskarene stafettpinnen vidare til partane i jordbruksoppgjeret og ynskjer dei lukke til med forhandlingane.
Nøkkelord
Kontakter
Lars Johan RustadNIBIO / Divisjon Kart og statistikk
Tel:(+47) 911 27 954lars-johan.rustad@nibio.noBilder





Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
CO₂ utslipp fra dyrket myr kan være lavere enn antatt16.4.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Dyrket myr regnes som en vesentlig kilde til klimagassutslipp i Norges rapportering til FNs klimakonvensjon. En ny studie viser imidlertid at dagens beregningsmetode kan overvurdere CO₂‑utslippene, særlig i områder med relativt høy grunnvannstand.
Matkveite er viktig for sjølvforsyninga, men det kan vere vanskeleg å lukkast med avlinga15.4.2026 11:30:00 CEST | Pressemelding
For at det skal lønne seg å dyrke haustkveite til mat, må bønder oppnå matkvalitet i minst tre av fem år. Samtidig er det store regionale forskjellar i kor lett det er å lukkast.
Biokull kan gi bedre jordhelse og lavere klimaavtrykk15.4.2026 10:07:15 CEST | Pressemelding
I et treårig prosjekt har forskere ved NIBIO testet hvordan biokull påvirker potetavlinger og jordkvalitet under norske forhold. Resultatene viser at biokull i liten grad øker avlingene, men at det kan ha andre fordeler.
Nytt prosjekt skal optimalisere beitebruken i Norge15.4.2026 09:10:32 CEST | Pressemelding
Det nye forskningsprosjektet TechGraze skal teste hvordan virtuelle gjerder og fjernmåling med droner kan gi bedre utnyttelse av norske beiteområder. Målet er å styrke både matsikkerhet, dyrevelferd og biologisk mangfold.
Nytt leksikon for løkdyrkere – lag på lag med kunnskap14.4.2026 11:52:28 CEST | Pressemelding
Produksjon av norsk løk av god kvalitet krever riktig dyrking, skånsom håndtering og gode lagringsforhold gjennom hele verdikjeden. Det nye løkleksikonet fra NIBIO oppsummerer kunnskapen du trenger for å lykkes som løkdyrker.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom