Avinor sine trafikktal for mars: Fleire flyr – utanlandstrafikken driv veksten i mars
10.4.2026 12:10:00 CEST | Avinor | Pressemelding
I mars reiste om lag 4,43 millionar passasjerar gjennom Avinor sine lufthamner. Det er ein auke på 4 prosent samanlikna med same månad i fjor. Utviklinga heng saman med at fleire flyr til og frå utlandet, medan talet på innanlandsresande óg hadde ein moderat vekst.

Talet på utanlandsreisande auka med 6,4 prosent i mars samanlikna med fjoråret, medan talet på innanlandsreisande steig med rundt 2 prosent. Totalt viser tala at fleire reiser både innanlands og til utlandet.
Høgare passasjertal og færre flyrørsler
Sjølv om passasjertala for alle Avinor sine lufthamner auka i mars, gjekk talet på flyrørsler noko ned. I mars blei det registrert om lag 58 400 flyrørsler, ein reduksjon på rundt 2,4 prosent samanlikna med fjoråret. Dette indikerer at flya i gjennomsnitt hadde fleire passasjerar per avgang enn tidlegare og dermed høgare kabinfaktor.
– Tala for mars viser ei vidare utvikling i passasjertala, særleg driven av internasjonale reiser. Flygingar til Midtausten har vore sterkt påverka i mars, men i dei overordna tala er ikkje dette synleg, noko som tyder på at trafikken til dels har flytta seg. Samstundes ser vi at innanriksmarknaden har ei jamn utvikling, seier Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.
Passasjertala førebels lite påverka av krig i Midtausten
Passasjertala for mars synes å vere lite påverka av krigsutbrottet i Midtausten. Samstundes må vi legge til grunn at mykje av trafikken og billettsalet var gjort før krigshandlingane starta og drivstoffsituasjonen endra seg dramatisk. Avinor følgjer utviklinga tett. Me legg til grunn at både uavklart sikkerheitspolitisk situasjon og potensielt høge drivstoffprisar framover, vil kunne påverke reiseaktiviteten.
Bergen lufthamn med sterkaste vekst blant dei største lufthamnene
Bergen lufthamn Flesland hadde i mars den sterkaste passasjerveksten blant landets største lufthamner. Over 541 000 passasjerar reiste via Bergen i løpet av månaden, noko som er nær 6 prosent fleire enn i mars i fjor.
Veksten var særleg høg blant utanlandsreisande, som auka med meir enn 13 prosent, medan talet på innanlandsreisande òg hadde ein tydeleg oppgang. Dermed styrkjer Bergen si rolle som ei sentral lufthamn for både Vestlandet og internasjonale reiser.
– Utviklinga i Bergen speglar både auka internasjonal etterspurnad og jamn aktivitet i innanriksmarknaden. Det gir eit godt bilete av trafikkmønsteret i regionen, seier Skallerud Riise.
Her er tal frå dei største lufthamnene (DSL) og dei regionale lufthamnene (DRL):
|
Mars |
Hittil i år |
|||||
|
Lufthamn |
2025 |
2026 |
Endring |
2025 |
2026 |
Endring |
|
Oslo |
2 104 000 |
2 166 000 |
3 % |
5 654 000 |
5 827 000 |
3 % |
|
Bergen |
511 000 |
535 000 |
5 % |
1 368 000 |
1 415 000 |
3 % |
|
Trondheim |
366 000 |
354 000 |
-4 % |
941 000 |
932 000 |
-1 % |
|
Stavanger |
322 000 |
325 000 |
1 % |
862 000 |
868 000 |
1 % |
|
Sum DSL |
3 302 000 |
3 380 000 |
2 % |
8 825 000 |
9 041 000 |
2 % |
|
Tromsø |
294 000 |
307 000 |
5 % |
838 000 |
934 000 |
11 % |
|
Andre DRL |
671 000 |
714 000 |
6 % |
1 789 000 |
1 896 000 |
6 % |
|
Sum DRL |
965 000 |
1 021 000 |
6 % |
2 627 000 |
2 829 000 |
8 % |
|
Avinor sum |
4 267 000 |
4 402 000 |
3 % |
11 452 000 |
11 871 000 |
4 % |
Flyselskapa startar opp sommaren med kjente og fleire nye destinasjonar
Siste helga i mars markerer overgangen til flyselskapa sine sommarprogram, noko som medfører auka aktivitet ved flyplassane våre. I tillegg til fleire avgangar og tilbakekomst av kjente sommardestinasjonar, byr sommarprogrammet i år også på fleire nye destinasjonar. Det er gledeleg å sjå at ruteprogrammet blir utvida til glede for privatpersonar, reise- og næringsliv i heile landet, held Skallerud Riise fram.
|
Fra |
Til |
Flyselskap |
Oppstart |
|
Alta |
Kittilä /Helsinki |
Finnair |
April |
|
Bergen |
Gran Canaria |
Norwegian |
April |
|
Bergen |
Wien |
Austrian Airlines |
Juni |
|
Bergen |
Palanga |
Norwegian |
April |
|
Bergen |
Szczecin |
Wizz Air |
April |
|
Bergen |
Budapest |
Wizz Air |
April |
|
Bergen |
Warszawa Modlin |
Wizz Air |
April |
|
Bodø |
Frankfurt |
Discover Airlines |
Mai |
|
Harstad/Narvik |
München |
Discover Airlines |
Mai |
|
Oslo |
Vlore |
Sunclass |
Juli |
|
Oslo |
Tangier |
Norwegian |
Juni |
|
Oslo |
Cluj-Napoca |
Norwegian |
Juni |
|
Oslo |
Lamezia Terme |
Norwegian |
Mai |
|
Oslo |
Bratislava |
Wizz Air |
April |
|
Oslo |
Szczecin |
Wizz Air |
April |
|
Stavanger |
Gran Canaria |
Norwegian |
April |
|
Stavanger |
Warszawa |
LOT- Polish Airlines |
April |
|
Stavanger |
Stockholm /Helsinki |
Finnair |
April |
|
Tromsø |
Rovaniemi |
Icelandair |
April |
|
Trondheim |
Frankfurt |
Lufthansa |
Mai |
Droneflyging aukar om våren
I mars vart 2316 droneplanar registrerte. Dette er ein auke på 2 prosent frå mars i fjor, og heile 800 fleire enn i februar.
– Fleire flyg drone når veret blir betre, difor ser ein at tala aukar rundt påske. Vi veit òg at sommaren er høgsesong for droneflyging, seier Mats Gjertsen, leiar for Avinor sitt droneprogram.
– Vi er glade for at mange flyg drone lovleg, og oppmodar alle om å halde fram med dette når vi går mot lysare dagar og endå betre droneforhold, avsluttar Gjertsen.
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Fuglesang FramholtKommunikasjonssjefAvinor
Tel:+47 976 22 141cathrine.framholt@avinor.noBilder



Dokumenter
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Bunadsslusa opnar igjen på Oslo lufthamn 16. og 17. mai12.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Som tradisjonen tilseier, opnar Oslo lufthamn eiga bunadssluse i tryggleikskontrollen 16. og 17. mai. Slusa er pynta med norske flagg og er open for alle reisande i bunad, kofte og andre tradisjonelle festdrakter.
Stabil april - vekst så langt i år11.5.2026 14:30:00 CEST | Pressemelding
Talet på passasjerar ved Avinor sine lufthamner heldt seg stabilt i april. Totalt reiste 4,3 millionar passasjerar, om lag på same nivå som i fjor, medan tala for årets fire første månader viser ein tydeleg vekst.
Eirik Wæraas blir direktør for trafikkutvikling i Avinor11.5.2026 12:56:09 CEST | Pressemelding
Avinor har ansatt Eirik Wæraas som ny direktør for trafikkutvikling. Ansettelsen styrker Avinors arbeid med å videreutvikle rutenettet og Norges tilgjengelighet mot verden.
Ny direkterute fra Trondheim til Frankfurt4.5.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Den 1. mai åpnet Lufthansa sin nye direkterute mellom Trondheim og Frankfurt. Ruten vil ha tre ukentlige avganger hele året.
Nå starter sommerrushet: - En av våre travleste måneder30.4.2026 11:00:00 CEST | Pressemelding
Det ventes stor utfart i forbindelse med de røde dagene i mai, med over fire millioner reisende gjennom Avinors lufthavner. Flere røde dager og ikke minst 17. mai, gjør mai til en av de travleste reisemånedene i året.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom