Slik blir NM i bruk av gjetarhund når det kommer til Etne
8.4.2026 12:45:17 CEST | Norsk Sau og Geit (NSG) | Aktuelt
I oktober kjem gjetarhundeliten frå heile landet til Etne. Frå 9. til 11. oktober arrangerer Haugaland Gjetarhundnemnd Noregs Meisterskap i bruk av gjetarhund, og alt tyder på at dette skal bli ei storhelg for bygda.

Det er Gjetarhundnemnda i Hordaland Sau og Geit og Haugaland Gjetarhundnemnd som har stått bak søknaden og det innleiande planleggingsarbeidet. No er ei eiga hovudkomité og ein lokal arrangementkomité på plass, og førebuingane er godt i gang.
– Vi er stolte over å få dette til i Etne, og dugnadsgjengen er allereie i full sving, seier Audun Seilen som er en av arrangørane bak.
Kjend arena for gjetarhundfolket
NM skal haldast på same stad som finalen i Norgesserien i 2023, ein gard som tidlegare husa vidaregåande skule, og som no er i drift med både kjøt- og mjølkeproduksjon. Bana er open og oversiktleg, noko som gjer det lett å følgje med for både deltakarar og tilskodarar.
Det blir sett opp eit telt med god utsikt over arenaen, kiosk og servering. Parkering blir lagt til området like ovanfor. For dei som ikkje kan møte opp, blir det livestreaming etter same opplegg som dei siste åra, og ein erfaren speaker vil forklare og kommentere prøvane undervegs.
Stort nedslagsfelt
Haugaland Gjetarhundnemnd dekkjer søre del av Hordaland og nordre del av Rogaland, og heile 14 lokallag i Norsk Sau og Geit er tilknytt nemnda. Regionen er kjend for eit aktivt gjetarhundmiljø, og arrangørane har både erfaring og kapasitet til å ta imot deltakarar og gjester frå heile landet.
Til NM blir det brukt om lag 150 dyr, krysningsau av villsau og pelssau. Sauen er godt handtert og van med prøver, og blir fortløpande køyrd tilbake og blanda inn att gjennom helga.
Overnatting og festmiddag
Etne og omland har fleire overnattingstilbod: Fugl Fønix hotell, Etne Camping og Kyrping Camping tek imot dei som kjem langvegsfrå.
Fredag kveld, rett etter at prøvane for dagen er ferdige, blir det NM-møte i teltet på arenaen. Festmiddagen blir halden på Skakkatunet i Etne, eit triveleg forsamlingslokale med god plass og god stemning.
Dommarar og oppmann blir annonserte så snart namna er klare.
Ei god moglegheit for lokalsamfunnet
NM i bruk av gjetarhund trekkjer kvart år deltakarar, familiar og entusiastar frå heile landet. For Etne er dette ein god sjanse til å vise fram bygda, både som arrangør og som reisemål. Planlegginga er godt i gang, og arrangørane er klare på at dei vil levere eit meisterskap som både deltakarar og publikum vil hugse.
No er det berre å håpe at vestlandsvêret speler på lag.
-Alle, både tilskodarar, deltakarar, dommarar, og frivillige, er alle hjarteleg velkomne til Etne 9.–11. oktober 2026, avslutter Audun.
Nøkkelord
Kontakter
Jo Jørgen StordalKommunikasjonssjefNSG
Tel:93261332jjs@nsg.noAudun SeilenGjetarhundnemnda i NSG
Tel:995 63 949Tel:995 63 949audusei@online.noBilder





Følg pressemeldinger fra Norsk Sau og Geit (NSG)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk Sau og Geit (NSG) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk Sau og Geit (NSG)
Generalen trår til i fjøset: Hvem skal mette Norge når krisen kommer?15.4.2026 07:48:00 CEST | Presseinvitasjon
Tidligere generalinspektør i Hæren og Røde Kors-president Robert Mood er mandag 20. april på gårdsbesøk i Gjerdrum for å hjelpe til med lamminga i fjøset. Han, bonden Marit og lederen av Norsk Sau og Geit stiller til intervju om vår egen selvforsyning i Totalforsvarsåret 2026.
Hunden er et større problem for sauebønder enn mange tror – viser ny undersøkelse25.3.2026 12:47:06 CET | Pressemelding
Fredet rovvilt topper fortsatt problemlisten for norske sauebønder. Men bildet er mer sammensatt: Løshunder er en av de mest utbredte truslene, og jernbanen kan i verste fall ødelegge hele beiteområder. Samtidig er det én ting turgåere gjør – som bøndene virkelig setter stor pris på.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom