Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

EU-tilskot skal gi fart på klimasmart bygging i Europa

19.3.2026 12:44:25 CET | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding

Del

Til hausten lyser EU-prosjektet WoodStock ut støtte til innovative løysingar for trebasert bygging. Utlysinga rettar seg mot små og mellomstore verksemder i Europa og skal bidra til meir sirkulær bruk av tre og betre utnytting av underbrukte treressursar.

I september 2026 kjem WoodStock med ei utlysing som skal gi tilskot til fire prosjekt for å teste, vidareutvikle og skalere null‑avfalls‑løysingar for trekonstruksjonar utover teknologinivå (TRL) 5. Utlysinga er open for små og mellomstore verksemder, oppstartsbedrifter og ideelle organisasjonar, anten aleine eller i konsortium leia av éin av desse.
I september 2026 kjem WoodStock med ei utlysing som skal gi tilskot til fire prosjekt for å teste, vidareutvikle og skalere null‑avfalls‑løysingar for trekonstruksjonar utover teknologinivå (TRL) 5. Utlysinga er open for små og mellomstore verksemder, oppstartsbedrifter og ideelle organisasjonar, anten aleine eller i konsortium leia av éin av desse. Foto: WoodStock

Tre er eit fornybart materiale som lagrar karbon gjennom heile levetida. Likevel blir materialet lite brukt i byggenæringa i store delar av Europa.

Dette vil EU-prosjektet WoodStock gjere noko med.

I september 2026 kjem prosjektet med ei utlysing som skal gi tilskot til fire prosjekt for å teste, vidareutvikle og skalere nullavfallsløysingar for trekonstruksjonar frå teknologinivå (TRL) 5 og oppover. Kvart prosjekt kan få inntil 50 000 euro.

– Utlysinga er open for små og mellomstore verksemder, oppstartsbedrifter og ideelle organisasjonar, anten aleine eller i konsortium leia av éin av desse. Søkarane må vere etablerte i eit EU-land eller i eit land som deltek i Horisont Europa, til dømes Noreg, seier seniorforskar Gry Alfredsen, som koordinerer WoodStock-prosjektet frå NIBIO si side.

Meir bruk av tre som i dag går til spille

Byggesektoren er sentral arbeidet med å kutte klimagassutslepp i Europa. Samstundes blir store mengder trevirke lite utnytta, til dømes lauvtrevirke, restråstoff, virke av låg kvalitet og skadd trevirke.

Tilskota som skal delast ut til hausten, skal støtte prosjekt som tar i bruk sirkulær tenking, utnyttar ressursane betre og styrker samarbeidet på tvers av verdikjeda for bygging med tre.

– Prosjekta skal også fremje prinsippa i EU-initiativet New European Bauhaus (NEB), mellom anna fellesskap, berekraft og estetikk, seier Alfredsen.

– Utover teknologisk innovasjon bør forslaga vise evne til å engasjere lokalsamfunn, kunne skalere opp og ha potensial til å bidra til varige endringar i måten vi bygger på.

Kva kan støtta brukast til?

Midlane som blir delte ut kan brukast til å teste og demonstrere nye løysingar eller å dokumentere dei for vidare bruk og sertifisering. Midlane kan også brukast til samarbeid med lokale aktørar, eller til å dekke kurs, workshopar og andre tiltak for kompetansebygging, i tillegg til formidling og deling av resultat.

– Målet er å få fram løysingar som faktisk let seg ta i bruk i praksis, og som kan bli utvikla vidare og brukast i framtidige løysingar, seier Alfredsen.

– Som partnar i WoodStock oppmodar NIBIO små og mellomstore verksemder, innovatørar, designarar, arkitektar og aktørar innan skogbruk og bygg om å følge med og byrje å utvikle prosjektidéar allereie no.

Informasjon om søknadsprosessen og utlysinga vil bli publisert på WoodStock-prosjektet sine nettsider i løpet av sommaren.

Kontakter

Bilder

I september 2026 kjem WoodStock med ei utlysing som skal gi tilskot til fire prosjekt for å teste, vidareutvikle og skalere null‑avfalls‑løysingar for trekonstruksjonar utover teknologinivå (TRL) 5. Utlysinga er open for små og mellomstore verksemder, oppstartsbedrifter og ideelle organisasjonar, anten aleine eller i konsortium leia av éin av desse.
I september 2026 kjem WoodStock med ei utlysing som skal gi tilskot til fire prosjekt for å teste, vidareutvikle og skalere null‑avfalls‑løysingar for trekonstruksjonar utover teknologinivå (TRL) 5. Utlysinga er open for små og mellomstore verksemder, oppstartsbedrifter og ideelle organisasjonar, anten aleine eller i konsortium leia av éin av desse.
Foto: WoodStock
Last ned bilde
NIBIO er ein av 13 partnarar i WoodStock, som blir koordinert av Ghent University i Belgia. Her frå ei samling i Trondheim i 2025.
NIBIO er ein av 13 partnarar i WoodStock, som blir koordinert av Ghent University i Belgia. Her frå ei samling i Trondheim i 2025.
Foto: WoodStock
Last ned bilde
Partnarane i WoodStock kjem frå ein rekke europeiske land.
Partnarane i WoodStock kjem frå ein rekke europeiske land.
Illustrasjon: WoodStock
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye