E134 Etne: Opnar ikkje før neste veke
10.3.2026 14:06:03 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen kan ikkje opna E134 ved Fjæra i Etne før i neste veke.

Planen var å opne vegen onsdag, men arbeidet er forsenka.
– Det er meldt om kraftig nedbør dei neste dagane, og det betyr auka skredfare. På grunn av risikoen må oppryddingsarbeidet truleg stanse heilt torsdag og fredag. Sikkerheita for mannskapa må kome først, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.
Meir omfattande skader på veg
Han seier òg at skadane på vegkroppen er mykje større enn først rekna med, slik at oppryddingsarbeidet tek meir tid enn venta. No er planen å ta opp att arbeidet laurdag og søndag, og så gjere ei ny vurdering måndag.
– Vi ønskjer å opne vegen så snart som råd, og voner at det kan skje i byrjinga av neste veke. Men sikkerheita for trafikantane og dei som arbeider på vegen, kjem fyrst.
Sprenging og reinsking
E134 har vore heilt stengd ved Fjæra etter skredet som gjekk søndag 1. mars.
Etter skredet har geologane i Statens vegvesen 3D-skanna fjellsida. Det har òg vore taulag oppe i fjellet. Fredag 6. mars blei det gjort ei vellukka nedsprenging frå fjellet.
– Etter dette spylte vi restar ned frå fjellsida og reinska ho, før vi kunne byrja å få oversikt over skadane på vegen. Det viste seg at desse er så store at det likevel ikkje er mogleg å opne vegen denne veka, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.
Langvarig kolonnekøyring
– Når vi opnar, blir det med trafikkregulering i form av kolonnekøyring i lang tid. Opninga vil skje med berre eitt køyrefelt ope, og det er truleg snakk om fleire månader. Dette handlar om tryggleiken for dei som jobbar med å reparere dei store skadane på vegen, og at dei skal få mest mogleg effektive arbeidsperiodar, legg Finden til.
Statens vegvesen oppmodar som alltid alle trafikantar til å følgje med på trafikkmeldingane. Bruk appen Vegvesen trafikk eller 175.no. Det er òg tydeleg skilta på digitale infotavler langs vegen, i god avstand på begge sider av skredstaden.
Kontakter
Svenn Egil FindenAvdelingsdirektørStatens vegvesen Drift og vedlikehald Vest
Tel:951 48 614svenn.finden@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Bilder






Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Arbeid sør for E6 Kvenflogtunnelen21.4.2026 14:00:53 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal bytte ut ei stikkrenne sør for Kvenflogtunnelen ved Fauske.
Oppgraderer tre bussholdeplasser i Bjerkreim21.4.2026 11:48:05 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uken oppgraderingen av tre bussholdeplasser på E39 i Bjerkreim.
Før sommeren stenges Michelets vei under E1821.4.2026 09:49:03 CEST | Pressemelding
I slutten av mai stenges undergangen der Michelets vei i Bærum går under E18. Veien stenges for alle kjøretøy, fotgjengere og syklister.
Til helgen blir det kø og innsnevringer på E18 og i Fornebukrysset – la bilen stå20.4.2026 14:58:35 CEST | Pressemelding
24. – 26. april blir det innsnevringer på E18 som følge av arbeid i Fornebukrysset. Det vil bli ekstra køer. Denne helgen bør du la bilen stå.
Ny digital portal for gravesøknader20.4.2026 13:59:46 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har tatt i bruk en digital løsning for alle som søker om tillatelse til å grave på eller langs riksveger.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom