Øving i rv. 13 Butunnelen
10.3.2026 10:00:00 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Tysdag 17. mars held Statens vegvesen brannvernøving i rv. 13. Butunnelen i Eidfjord.

Tunnelen vil i samband med øvinga vera stengd frå klokka 18.30-20.00.
Det er ingen omkøyring for privatbilistar i området. Nødetatar vil sjølvsagt sleppa igjennom.
Det blir styrt trafikkavvikling i periodane 17.30-18.30 og 20.00-21.00
– Gjer dette for trafikantane sin tryggleik
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av arbeidet med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.
Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vi skal halda slike beredskapsøvingar, legg han til.
Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesen sitt kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett.
Totalberedskap
Statens vegvesen er en del av den totalberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
Vegdrift handlar om konsekvens. Vegvesenet gjer derfor alt som er mogleg for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg.
– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudd den dagen ein situasjon skulle inntreffa, legg Amundsen til.
Naudetatar frå Eidfjord deltek også i øvinga.
Det vil bli brukt røykmaskin under øvinga, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Etter øvinga kjem røyken ut av tunnelen. Røyken vil vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt.
Kontakter
Ove Edgar AmundsenBrannvernleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehald
Tel:417 50 782ove.amundsen@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Arbeid sør for E6 Kvenflogtunnelen21.4.2026 14:00:53 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal bytte ut ei stikkrenne sør for Kvenflogtunnelen ved Fauske.
Oppgraderer tre bussholdeplasser i Bjerkreim21.4.2026 11:48:05 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uken oppgraderingen av tre bussholdeplasser på E39 i Bjerkreim.
Før sommeren stenges Michelets vei under E1821.4.2026 09:49:03 CEST | Pressemelding
I slutten av mai stenges undergangen der Michelets vei i Bærum går under E18. Veien stenges for alle kjøretøy, fotgjengere og syklister.
Til helgen blir det kø og innsnevringer på E18 og i Fornebukrysset – la bilen stå20.4.2026 14:58:35 CEST | Pressemelding
24. – 26. april blir det innsnevringer på E18 som følge av arbeid i Fornebukrysset. Det vil bli ekstra køer. Denne helgen bør du la bilen stå.
Ny digital portal for gravesøknader20.4.2026 13:59:46 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har tatt i bruk en digital løsning for alle som søker om tillatelse til å grave på eller langs riksveger.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom