Statens vegvesen

E134 Etne: Vegen vert tidlegast opna neste veke

3.3.2026 17:28:53 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Statens vegvesen reknar med at E134 ved Fjæra i Etne kommune vert stengd fram til onsdag i neste veke.

Statens vegvesen reknar med at E134 ved Fjæra i Etne kommune vert stengd fram til onsdag i neste veke.
Statens vegvesen reknar med at E134 ved Fjæra i Etne kommune vert stengd fram til onsdag i neste veke. Foto: Emil Solbakken, Statens vegvesen.

– Det er eit omfattande og krevjande arbeid som må gjerast før me kan opna E134 for trafikk att, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Komplisert arbeid

Sidan skredet gjekk på søndag, har geologar vore til stades for å kartlegga risiko i fjellområdet. Losneområdet ligg 400 høgdemeter over havet i ei bratt fjellside, og det har vore krevjande å etablera tilkomst ned til losneområdet.

– Geologane våre har fått 3D-skanna skredområdet og fått laga 3D-modellar som me brukar i vurderingane våre. Me har òg hatt taulag oppe i fjellet, fortel Finden.

Finden skildrar arbeidet som komplisert.

– Dette er ein komplisert arbeidsoperasjon. Sikkerheita er det viktigaste, både for dei som jobbar i området og for vurderingane av tryggleiken for vegen og bebuarar i framtida.

Geologane har kartlagt fjellet og me ser det naudsynt å ta ned nokre usikra parti på staden.

– Dette for å tryggja trafikantane som ferdast på E134 og lokalmiljøet, seier avdelingsdirektøren.

Liv og helse er det viktigaste

Skredet som gjekk i Fjæra på E134 er eit stort skred, også i vestnorsk målestokk. Dette medfører at vegen vert stengd i fleire dagar. Det går ut over både trafikantar og næring. At vegen er stengt er sjølvsagt uheldig, men sikkerheita under oppryddingsarbeidet er no det viktigaste.

– Me har diskutert ulike løysingar og av omsyn til tryggleik har me konkludert med at dette er den beste løysinga. Me har stor forståing for ulempene dette fører med seg, men eg vil òg forsikra alle om at me jobbar på spreng for å opna vegen så snart det er mogleg, seier Finden.

Arbeidet med fjellreinsk og sikring av fjellet held fram. Sidan noko meir fjell må fjernast, kan det vera fare for at infrastruktur, som vatn, straum og avløp vert påverka lokalt.

– Me gjer det me kan for å unngå det, men liv og helse er det viktigaste. Me kan ikkje sikra materielle verdiar med menneskeliv som risiko.  

Medan E134 ved Fjæra er stengd, er rv. 13 omkøyringsveg.

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.
Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.
Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Last ned bilde
Statens vegvesen reknar med at E134 ved Fjæra i Etne kommune vert stengd fram til onsdag i neste veke.
Statens vegvesen reknar med at E134 ved Fjæra i Etne kommune vert stengd fram til onsdag i neste veke.
Foto: Emil Solbakken, Statens vegvesen.
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye