Betre skredsikring er totalberedskap i praksis
2.3.2026 08:00:00 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
– Med nasjonalt beredskapslager for fanggjerde mot skred på plass, ynsker Statens vegvesen å bidra endå betre til totalberedskap i praksis.

Det seier seksjonssjef Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.
Han var den som tok initiativ til lageret som no er på plass på Bryggja i Nordfjord, på rv. 15 midtvegs mellom Nordfjordeid og Måløy.
Lageret skal setja ikkje berre Vegvesenet, men også andre vegeigarar, i stand til å bli enda betre på å handtera skred.
Ministeren: – Tek ansvar i totalforsvaret
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er nøgd med det nye tilbodet.
– Nasjonalt beredskapslager for fanggjerde er eit tydeleg eksempel på nasjonal beredskap i praksis. Vi har tidlegare sett nytta i at Vegvesenet har tilsvarande brulager til krisesituasjonar. Dette tiltaket viser at transportsektoren tek ansvar i totalberedskapsåret 2026, seier han.
Beredskapslager: Frå ide til praksis
Totalforsvarsåret 2026 har som mål å auka bevisstheita og beredskapen i hele samfunnet.
– Vi ynsker å vera budd til å gjera jobben vår så godt og raskt som mogleg på kort varsel til ei kvar tid, seier Engebø.
Initiativet kom i samband med eit steinsprang mellom Flåm og Aurland på E16 i september 2024. Her gjekk det tre veker frå steinspranget fann stad, til fanggjerde var sett opp.
Denne svært raske sakshandsamingstida skuldast at gjerdet tilfeldigvis var klart til eit anna prosjekt ikkje langt vekke, og så vart det flytta til Aurland og brukt der.
Det var under dette arbeidet Engebø, saman med geolog Jens Tveit, kom med ideen om eit beredskapslager for fanggjerde, til hjelp i akutte tilfelle for å stoppa steinsprang i utsette område.
– Med å ha gjerde i beredskap til ei kvar tid, kan vi bidra til raskt og effektivt å etablera sikring for å sikra folk, oppetid og framkomst i akutte situasjonar. Gjerda våre kan også vera beredskap for andre eigarar av infrastruktur. Dette viser kor effektivt det kan vera. Dette er totalberedskap i praksis, seier geolog Jens Tveit i Statens vegvesen.
To gjerde på 60 meter
Der er no to 60 meter lange gjerde på plass på lageret. Det eine er 5 meter høgt, det andre 6 meter. Det eine har ein kapasitet på 3000 kJ, og det andre på 5000 kJ.
Dette dekker dei fleste skredløp, og vil avhjelpa både framkomsten og tryggleiken i skredutsette område når det er behov på kort varsel.
Same prinsipp som beredskap for bruer
Gjerda er lagra i konteinar og kan enkelt transporterast til hele landet der det er bruk for dei.
Dette er same prinsipp som Statens vegvesen har med sitt nasjonale beredskapslager for bruer.
– I tillegg til å få dette beredskapslageret på plass, har vi ein avtale for kjøp av fanggjerde. Avtalen med sveitsiske Geobrugg er alt teken i bruk, seier Engebø og Tveit.
Betre beredskap på både kort og langt sikt
Lageret og rammeavtalen gir betre beredskap, både i akutte situasjonar og over tid.
Å få eit nytt fanggjerde levert kan ha leveringstid på opp til fleire månader.
– Med fanggjerde på lager kan vi no raskt få opp eit fullgodt gjerde i en kritisk situasjon. Og er det nødvendig, kan vi i tillegg bestilla eit nytt gjerde via rammeavtalen. Dette er totalberedskap i praksis, i totalforsvarsåret 2026, avsluttar Engebø og Tveit.
Nøkkelord
Kontakter
Jørn Kristian EngebøSeksjonssjefStatens vegvesen, Drift og vedlikehald
Tel:951 91 891jorn.engebo@vegvesen.noJens TveitGeolog, Statens vegvesen, Drift og vedlikehald
Tel:970 13 790jens.tveit@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder






Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E134 i Etne: Omfattande opprydding, ny vurdering onsdag1.3.2026 18:41:12 CET | Pressemelding
Det er eit stort og krevjande oppryddingsarbeid som skal til, både i fjellsida og i vegen, før vegen kan opnast att etter raset.
E134 i Etne blir ikkje opna i dag1.3.2026 13:31:41 CET | Pressemelding
E134 ved Fjæra i Etne kan bli stengd i lang tid etter det store steinskredet søndag formiddag. Geolog er på plass på rasstaden søndag.
17 trafikkdrepte så langt i år1.3.2026 06:30:00 CET | Pressemelding
Så langt i år har 17 personer mistet livet i trafikken. Seks av disse omkom i februar, tre av dem var fotgjengere. Det er syv flere drepte enn på samme tid i fjor. Dette viser Statens vegvesens foreløpige ulykkestall.
Settedirektør for vegdirektør27.2.2026 11:34:57 CET | Pressemelding
Konsernsjef Agnete Johnsgaard-Lewis trer inn som settedirektør for vegdirektør Ingrid Dahl Hovland for signeringen av en rådgiverkontrakt for Fellesprosjektet Arna–Stanghelle.
Stenger rv. 9 nord i Vennesla kommune i to uker27.2.2026 11:13:26 CET | Pressemelding
På grunn av grave- og sprengningsarbeid stenger Statens vegvesen rv. 9 ved Hornskilen i to uker fra mandag 9. mars.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom