Statens vegvesen

E134 i Etne: Omfattande opprydding, ny vurdering onsdag

1.3.2026 18:41:12 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Det er eit stort og krevjande oppryddingsarbeid som skal til, både i fjellsida og i vegen, før vegen kan opnast att etter raset.

Det vil ta fleire dagar før E134 kan opnast att etter skredet i Etne.
Det vil ta fleire dagar før E134 kan opnast att etter skredet i Etne. Foto: Statens vegvesen

Det er klart etter at Statens vegvesen sin geolog har gjort ei første vurdering av situasjonen på rasstaden søndag ettermiddag.
- Det står att eit fjellparti høgt oppe i fjellsida som vi må få undersøkt stabiliteten i, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Omfattande arbeid

- I tillegg må heile det lange og breie skredløpet undersøkast grundig for ytterlegare rasfare. Dersom det blir vurdert som trygt å sende eit klatrelag opp vil det bli gjort nærare undersøkingar av dette partia i morgon. Det er eit omfattande arbeid, der sikkerheita til mannskapa våre må stå i høgsetet. Det vi kan seia no er at oppryddingsarbeidet vil ta fleire dagar. På onsdag veit vi meir om når vi kan rekne med å kunne opne vegen, seier Finden.

Ser på ferjekapasiteten

Gjennom søndagen har det vore stor trafikk, ikkje minst på grunn av at det for mange er siste dag i vinterferien. Trafikkdirigentar har vore ute på fleire trafikknutepunkt for å dirigere og rettleie trafikantane.
- Vi undersøker også moglegheitene for å auke kapasiteten på ferjesambandet Nesvik-Hjelmeland på riksveg 13, seier Svenn Finden.

-Finn andre køyreruter

- Situasjonen vil gje utfordringar for trafikkavviklinga så lenge E134 er stengd. Vi rår alle trafikantar, ikkje minst tungbilane, til å vurdere andre køyreruter. E18 og E39 om Sørlandet bør vera aktuelt for mange. For trafikken som kjem nordfrå vil det vera mest aktuelt å køyre E16 til Bergen og deretter E39.

Sjå vegvesen.no/trafikk (175.no) eller appen Vegvesen Trafikk for oppdaterte trafikkmeldingar.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.
Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.
Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye