Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Slik lukkast du med skjering av epletre

25.2.2026 11:16:14 CET | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding

Del

Beste tida for skjering av epletre er no! Å skjera frukttre er ein kunst som berre få meistrar fullt ut, men det finst nokre enkle prinsipp som alle kan læra seg. 

Silje Glømmen og Jard Opedal i gang med skjering i eplefelt på Lofthus i Ullensvang.
Silje Glømmen og Jard Opedal i gang med skjering i eplefelt på Lofthus i Ullensvang. Foto: Hege Ulfeng

Når dagane vert kortare og temperaturen søkk, går epletrea inn i vinterdvale. Trea stansar veksten, mistar blada og knoppane går i kvile. Det er i denne perioden, vanlegvis mellom november og mars, at det er best å skjera epletrea.

– Når treet kviler, ser du betre kva du gjer, og inngrepa blir mindre stressande for treet, forklarar Signe Glømmen, lærling ved NIBIO Ullensvang i Hardanger.

– Det er mogleg å skjera andre tider på året og, men i bløminga skal ein absolutt ikkje skjera! understrekar ho.

Hovudstamme og veksekraft

Glømmen forklarar at det finst nokre hovudprinsipp som gjeld for dei fleste epletre, uavhengig av alder, storleik og sort.

– Eit godt utgangspunkt er å gi treet ein tydeleg leiar, eller topp. Det hindrar at fleire sterke greiner konkurrerer om å vera hovudstamme og nyttar mykje av energien i treet. Har du eit tre som veks kraftig, bør du velja ein noko svakare leiar. Er treet svakt, kan du la ein litt kraftigare leiar få dominera, seier Glømmen.

– Hugs òg at det er du som avgjer høgda på treet – hald treet lågt nok til at du rekk all frukta frå ein låg stige.

Ta vare på dei beste greinene

Målet er eit ope, lyst og friskt tre som er nokon lunde symmetrisk. For å koma dit er det viktig å kunna skilja mellom gode og mindre gode greinar. Svært forenkla vil me ha unge, friske greiner som veks utover.

– Tenk «personal space», oppmodar Glømmen.

– Greiner som veks innover i krona, står tett på stamma, har skarp vinkel (mindre enn om lag førti grader) eller kryssar andre greiner, bør fjernast. Då slepp meir lys og luft inn i krona, og frukta får betre kvalitet. Eit luftig tre er dessutan mindre utsett for sjukdom, forklarar Glømmen.

For å halda treet ungt bør ikkje greinene verta for gamle og tjukke. Nedst i treet bør greiner som er tjukkare enn halve stamma vekk. Lenger oppe bør dei helst ikkje verta tjukkare enn ein tredel av stamma på staden der dei veks ut.

– For å fornya treet, kan du korta inn gamle greiner tilbake til ein «tapp» eller til eit årsskot. Ny, yngre ved gir friskare tre og betre frukt. Rotskot og veldig låge greiner kan òg fjernast – ryggen din vil takka deg når du skal plukka frukta!

Samstundes er det viktig å ikkje verta alt for ivrig. Jo større greiner du fjernar, desto meir energi må treet bruka for å reparera såra. Fjern maksimalt to til tre store greiner per år.

Kjenn treet ditt

Det er ein fordel å ha litt kunnskap om korleis treet veks. Årsskota er dei greinene som vart danna sist sesong. Dei reagerer sterkast på skjering, medan eldre ved gir mindre ny skotvekst.

Blomsterknoppar er gjerne meir runde og flate, medan bladknoppar er spisse. I dei fleste sortar sit blomsterknoppane på toårig og eldre ved. Dersom ein vil ha vekst i ei ung grein, er det viktig at knoppen i enden av skotet er ein bladknopp.

– I epletre er det vanleg å nytta det ein kallar safttrekkingssnitt (STS). Det er litt komplisert, men for dei som vil ta skjeringa eitt steg vidare frå nybyrjarnivå, vil eg rå til å lesa meir om dette på sidene til Norsk landbruksrådgiving, seier Glømmen.

Det er òg viktig å sjekka trea for sjukdom og skade. Frukttrekreft er ikkje uvanleg i norske hagar. Ein kan sjå raude sporehus i barken, på greiner og stamme. Slike parti bør fjernast, og både greiner og lauv frå smitta tre bør fjernast frå hagen. Dersom heile treet er i dårleg forfatning, bør det fjernast.

Øving gjer meister

Det kan kjennast vrient første gong du står under epletreet med greinsaksa i handa, men kvart kutt er god læring. Start forsiktig, følg nokre få og klare prinsipp, og sjå korleis treet svarar gjennom sesongen.

– Etter kvart får du ein eigen «teft» for kva som fungerer, og både du og epletrea blir betre for kvar vinter. Øving gjer meister! avsluttar Glømmen.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Silje Glømmen og Jard Opedal i gang med skjering i eplefelt på Lofthus i Ullensvang.
Silje Glømmen og Jard Opedal i gang med skjering i eplefelt på Lofthus i Ullensvang.
Foto: Hege Ulfeng
Last ned bilde
I biletet til venstre ser ein fleire leiargreiner som konkurrerer. Til høgre har Signe Glømmen latt berre eitt stå att. Også dette vert klypt tilbake slik at treet ikkje vert for høgt. Biletet er av eit pæretre. Prinsippa for skjæring i eple er nesten like.
I biletet til venstre ser ein fleire leiargreiner som konkurrerer. Til høgre har Signe Glømmen latt berre eitt stå att. Også dette vert klypt tilbake slik at treet ikkje vert for høgt. Biletet er av eit pæretre. Prinsippa for skjæring i eple er nesten like.
Foto: Hege Ulfeng
Last ned bilde
Fruktforskar Darius Kviklys i eit av eplefelta til NIBIO Ullensvang. Trea er planta på svak grunnstamme.
Fruktforskar Darius Kviklys i eit av eplefelta til NIBIO Ullensvang. Trea er planta på svak grunnstamme.
Foto: Hege Ulfeng
Last ned bilde
Greiner som veks innover i krona, står tett på stamma, har skarp vinkel (mindre enn om lag førti grader) eller kryssar andre greiner, skal vekk.
Greiner som veks innover i krona, står tett på stamma, har skarp vinkel (mindre enn om lag førti grader) eller kryssar andre greiner, skal vekk.
Foto: hege Ulfeng
Last ned bilde
Frukthage på Ås.
Frukthage på Ås.
Foto: Dag Aamlid
Last ned bilde
Blomeknoppar og bladknoppar på eplegrein.
Blomeknoppar og bladknoppar på eplegrein.
Foto: Hege Ulfeng
Last ned bilde
Unge, nyplanta tre skal som hovudregel skjerast varsamt.
Unge, nyplanta tre skal som hovudregel skjerast varsamt.
Foto: Hege Ulfeng
Last ned bilde
Eplegrein med tydeleg skilje mellom årsskot og toårig ved.
Eplegrein med tydeleg skilje mellom årsskot og toårig ved.
Foto: Hege Ulfeng
Last ned bilde
Grein med sporehus frå frukttrekreft. Slike greiner er det viktig å skjera vekk og få ut av hagen.
Grein med sporehus frå frukttrekreft. Slike greiner er det viktig å skjera vekk og få ut av hagen.
Foto: Hege Ulfeng
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye