Totalforsvarsåret 2026: Slik bidreg Sjøfartsdirektoratet til trygg og føreseieleg sjøtransport
20.2.2026 10:09:34 CET | Sjøfartsdirektoratet | Pressemelding
Samarbeid mellom styresmakter og næringsliv blir løfta fram som avgjerande for nasjonal beredskap i Totalforsvarsåret 2026. For maritim næring spelar trygg og føreseieleg sjøtransport ei nøkkelrolle. Sjøfartsdirektoratet arbeider for at skip kan operere – også når samfunnet er under press.

TOTALFORSVARSÅRET 2026: Totalforsvaret handlar om at heile samfunnet må bidra – styresmakter, næringsliv og befolkning – for å sikre motstandskraft i møte med kriser og alvorlege hendingar. For eit land som er heilt avhengig av sjøtransport, er maritim næring ein sentral del av denne beredskapen.
Sjøfartsdirektoratet har ansvar for at skip er trygge, at regelverket er føreseieleg, og at rammevilkåra gjer det mogleg å halde hjula i gang – også når situasjonen er krevjande. Arbeidet med tryggleik, tilsyn og regelverksutvikling er derfor ikkje berre viktig i kvardagen, men også ein del av Noreg sitt totalforsvar.
– Totalforsvaret handlar ikkje berre om ekstraordinære situasjonar, men om å vere førebudd i det daglege. Vi bur og arbeider i eit trygt land, men utviklinga i verda gjer det nødvendig å tenkje beredskap og sikkerheit også i fredstid, seier sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.
Sikrar drift og forsyningslinjer
Ein sentral del av Sjøfartsdirektoratet si rolle i totalforsvaret er å bidra til at forsyningslinjene ikkje stoppar opp. Det inneber mellom anna å leggje til rette for at skip kan seile trygt også i krise og krig, og å sikre at regelverk og tilsyn ikkje blir ei unødvendig hindring når samfunnet er under press.
Erfaringane frå pandemien viste kor sårbare globale forsyningslinjer kan vere – og kor avgjerande sjøtransporten er. Maritim næring stod for ein stor del av varetransporten, og behovet for raske avklaringar og tett samarbeid mellom styresmakter og næring vart tydeleg.
– Under pandemien vart det klart kor viktig det var at skip kunne operere, og at vi saman med næringa og andre styresmakter fann løysingar på nye problemstillingar. Mange reiarar fekk også erfare kor trygt det var å segle under norsk flagg, med støtte frå styresmakter både i Noreg og i utlandet, seier Sørheim.
Samhandling og beredskap
Sjøfartsdirektoratet deltek aktivt i totalforsvaret og er mellom anna ein del av leiinga i Nortraship-ordninga. Direktoratet samarbeider tett med andre etatar og aktørar, som til dømes Kystverket, Forsvaret og Norges Rederiforbund si beredskapsavdeling. Samarbeidet omfattar mellom anna beredskap, informasjonsdeling og arbeid med cybertryggleik i maritim sektor.
Direktoratet fastset også sikringsnivå for norskflagga skip. Sikringsnivået skal førebyggje og hindre ulovlege handlingar mot skip, der tiltaka blir tilpassa trusselbiletet og den aktuelle situasjonen.
– Maritim næring er ein viktig del av totalforsvaret. Eg vil gi ros til reiarane på norsk flagg, som kvar dag bidreg til trygg drift og god beredskap. Mange skip kan også spele ei viktig rolle utover den ordinære verksemda dersom situasjonen krev det, seier Sørheim.
Gjennom Totalforsvarsåret 2026 ønskjer styresmaktene å styrkje forståinga for korleis offentlege og private aktørar er avhengige av kvarandre. For Sjøfartsdirektoratet handlar dette om å vere ein aktiv og tydeleg aktør – og ein føreseieleg samarbeidspartnar for maritim næring.
Kontakter
Dag Inge AarhusKommunikasjonsdirektørSjøfartsdirektoratet
Tel:95741729Tel:95741729dia@sdir.noBilder

Følg pressemeldinger fra Sjøfartsdirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sjøfartsdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sjøfartsdirektoratet
Lasteskip under den internasjonale lupen5.8.2026 09:42:00 CEST | Aktuelt
Paris MoU og Tokyo MoU gjennomfører i høst en inspeksjonskampanje (Concentrated Inspection Campaign, CIC) om lastsikring. Den vil pågå i tidsrommet 1. september til 30. november.
Næringsfartøy: Tre omkom i første halvår9.7.2026 10:13:36 CEST | Pressemelding
Tre personer omkom i to dødsulykker med næringsfartøy i første halvår 2026. Ulykkesbildet har endret seg noe, men det totale antallet ulykker fortsetter å øke. – Alvorlig, sier sjøfartsdirektøren.
Redningsdykker Adrian Willyson Brask hedres av IMO7.7.2026 18:42:03 CEST | Pressemelding
Adrian Willyson Brask tildeles IMOs hederspris for eksepsjonell tapperhet til sjøs. Brask var redningsdykker og overstyrmann i Redningsselskapet, og omkom i forsøket på å redde livet til en ung jente som var savnet i Nappstraumen i Lofoten.
Norge på topp tre over kvalitetsflagg3.7.2026 10:20:04 CEST | Pressemelding
Norge befester posisjonen som et kvalitetsflagg, og er igjen rangert som verdens tredje beste flaggstat på Paris MoUs White List. Samtidig leverer norske skip sterke resultater i både Tokyo MoU og US Coast Guards Qualship 21-program - internasjonale havnestatskontrollsystem.
Alle de 17 omkomne var menn1.7.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
I løpet av første halvår 2026 registrerte Sjøfartsdirektoratet 17 omkomne fordelt på 15 ulykker med fritidsfartøy i norske farvann. Alle de omkomne var menn, de fleste var over 40 år, og nesten alle ulykkene skjedde i små åpne fartøy.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom