12 millionar til brannsikring av viktige trehus
23.2.2026 07:00:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
I 2026 deler ni fylke 12 millionar til brannsikring av våre verdifulle trehusområde.

I Noreg er det rundt 220 område på Riksantikvarens liste over tette trehusmiljø. Dei gamle husa står tett i tett, og brannsikringa av dei byr derfor på ekstra utfordringar for nabolaga.
– Trehusområda er kulturskattar, og vi finn dei over heile landet. Dette er populære bustadområde som mange trivst i, og derfor er det viktig at vi gir eigarane ei handstrekning for eit tryggare bumiljø, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
I 2026 fekk 10 fylke 39 søknader på 31.1 millionar kroner. Det er ein nedgang på ca. tre millionar frå 2025. Vestfold har ubrukte midlar frå i fjor, og har derfor ikkje søkt vidare til Riksantikvaren om midlar for 2026.
–Brann er ei av dei største bekymringane vi har for kulturminna våre, konstaterer riksantikvar Hanna Geiran.
– Når eit kulturminne er borte, så er det borte for alltid. I 2025 såg vi fleire alvorlege brannar i gamle verneverdige trehus, mellom anna i Lærdal, Arendal, Kristiansand og i Drammen, som viser betydninga av at både brannvesenet og nabolaga har gode planar for sikringa.
I dei tette trehusområda kan ein brann i eit hus fort spreie seg til nabohusa. Dette betyr at nabolaga må samarbeide, fordi manglande sikring i ein bygning kan i verste fall bety ein større bybrann der fleire hus går med.
Færre kommunar har søkt om midlar til brannsikringsplanar
Fylkeskommunane har fått færre søknader frå kommunane om midlar til brannsikringsplanar for 2026. Det er mogleg å søkje til både nye planar og oppdatering av eldre planar.
– Gode planar er uvurderleg når det brenn, og vi prioriterer alltid brannsikringsplanar først, seier Geiran.
– Nedgangen i søknader om planar kan vere svært positivt, dersom nedgangen betyr at mange kommunar har gode planar på plass, seier Geiran.
– Dersom det er andre grunnar til at færre søkjar, slik som manglande kapasitet og ressursar til å lage planar, lovar det dårleg. Dette vil vi finne ut meir om.
Agder fylkeskommune har vist til at auken i søknader frå fylket deira botnar i auka medvit på grunn av fleire brannar på Sørlandet.
Bybrannar er ein trussel også i dag
Noreg har hatt fleire bybrannar, og den siste store var i Lærdal i 2014, der over 40 hus vart rov for flammane.
Bybrannar er ikkje berre eit historisk fenomen. Trondheim hadde større brannar i 2007 og 2004, i Bergen brann fleire av Skuteviksbodene i 2008, Harstad hadde ein bybrann der fem hus gjekk med i 1992, og Tromsø mista 24 bygningar i 1969.
Tabell med oversikt
| Fylke | Søknadssum | Tilskudd |
| Agder | kr 2 022 815,00 | kr 830 000,00 |
| Akershus | kr 1 466 081,00 | kr 675 000,00 |
| Buskerud | kr 2 200 000,00 | kr 1 000 000,00 |
| Innlandet | kr 2 000 000,00 | kr 865 000,00 |
| Møre og Romsdal | kr 3 328 704,00 | kr 1 280 000,00 |
| Nordland | kr 4 187 266,00 | kr 1 880 000,00 |
| Telemark | kr 1 900 000,00 | kr 440 000,00 |
| Trøndelag | kr 7 248 441,00 | kr 3 300 000,00 |
| Vestfold | kr 1 790 000,00 | kr 0,00 |
| Vestland | kr 4 943 188,00 | kr 1 730 000,00 |
| Samlet | kr 31 086 495,00 | kr 12 000 000,00 |
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder





Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Åpner vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug - som knyttes til Harald Hårfagres tid - skal undersøkes 124 år etter forrige utgraving.
Opnar vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug, som er knytt til tida til Harald Hårfagre, skal undersøkjast 124 år etter førre utgraving.
3,5 millioner til kulturmiljø over hele landet22.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ser rekordstor interesse for å søke om midler til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
3,5 millionar til kulturmiljø over heile landet22.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ser ei rekordstor interesse for å søke om midlar til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
Dampbåten D/S Bjoren blir freda13.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren fredar no dampbåten D/S Bjoren, eit unikt og levande kulturminne frå den tidlege samferdsla i Noreg.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom