Samferdselsdepartementet

Finnmark: Endeleg oppstart for E45 Kløfta

10.2.2026 14:03:45 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

Del

10. februar sette samferdselminister Jon-Ivar Nygård det første spadetak for utbygginga av E45 Kløfta Finnmark.

Fra venstre: Ordfører i Alta Jan Martin Rishaug, samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, direktør for økonomi og virksomhetsstyring i Statens vegvesen Ove Myrvåg, prosjektleder i Anlegg Nord AS Ståle Kjellmann.
Fra venstre: Ordfører i Alta Jan Martin Rishaug, samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, direktør for økonomi og virksomhetsstyring i Statens vegvesen Ove Myrvåg, prosjektleder i Anlegg Nord AS Ståle Kjellmann. Kristin Bentdal Larsen/SD

– Prosjektet skal gi tryggare og meir føreseieleg framkome på ei rasutsett og trafikktryggleiksmessig krevjande strekning. Vegen er ei viktig transportåre for tungtrafikk mellom Finnmark og utlandet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Ny veg betrar beredskapen i nord

Den endelege utbygginga omfattar totalt ein 4,2 kilometer lang tunnel, 2,2 kilometer ny veg i dagen og ei 105 meter lang bru over Eibyelva. Når prosjektet står ferdig, vil eit rasfarleg parti bli erstatta med ei moderne og robust løysing som styrkjer både trafikksikkerheita, beredskapen og transportmoglegheitene for næringslivet.

Prosjektet er ein del av regjeringa si strategiske satsing på riksvegnettet i nord, og bidreg til auka samfunnstryggleik, betre framkome for utrykkingskøyretøy og trygg transport av livsviktige varer – både innalands og til utlandet.

– Med utbygginga ved Kløfta får vi ein tryggare og meir føreseieleg veg som styrkjer beredskapen, næringslivet og sambandet til nabolanda våre, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Kontrakt E1 er tildelt Anlegg Nord AS frå Alta, som skal utføra førebuande arbeid nord i prosjektområdet. Vidare entreprisar for tunnel og bru er under prosjektering og er planlagde lyst ut i 2026 og 2027.

Nøkkelord

Om oss

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye