Låge laksefangstar også i 2025
6.2.2026 09:24:27 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
Fangsten av villaks i 2025 var lågare enn vanleg. Dette tyder på at lakseinnsiget også i 2025 var svakt.

– Den ville atlantiske laksen er under stort press av mellom anna klimaendringar, lakselus og rømd oppdrettsfisk, og det har vore svært få laks i elvane dei siste åra. Fangsttala for 2025 gir dessverre ikkje noko grunnlag for optimisme, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har i dag publisert ny nasjonal statistikk for fangst av laks, sjøaure og sjørøye i elv. Den viser at det i 2025 vart fanga 67 064 laks i elv og 23 208 laks i sjø. Til saman utgjer det 90 272 laks, som er dei nest dårlegaste fangsttala dei siste ti åra. Lågast fangst var det i 2024 då 33 elvar vart heilt eller delvis stengde på grunn av lite fisk.
Mange laksebestandar i Noreg er reduserte eller har gått tapt. Her kan du lese om status og tiltak for å ta vare på vill laksefisk:
Laks og laksefiske - miljodirektoratet.no
Færre fiskarar
Dei siste åra har det komme færre laks tilbake til norske elvar enn venta. I 2024 var lakseinnsiget på ca. 323 000 laks, det lågaste som nokon gong er registrert. Dette er ein tredel av det historiske innsiget tidleg på 1980-talet.
Som eit føre var-tiltak innførte Miljødirektoratet tidenes strengaste fiskerestriksjonar frå fiskesesongen 2025. Fangsttala er derfor ikkje direkte samanliknbare med tidlegare år. Fleire elvar melder at det var færre fiskarar i fjor, og talet som betaler fiskaravgifta er no femten prosent lågare enn i 2023.
Med normalt fisketrykk ville antakeleg fangsttala vore noko høgare.
– Dei låge fangsttala tyder likevel på at lakseinnsiget også i 2025 var svakt og at dei strenge reguleringane er nødvendige. Når rapporten frå Vitskapleg råd for lakseforvaltning i år kjem vil me få svar på kor mange laks som kom til elvane i 2025, seier miljødirektør Singsaas.
Er trua av lakselus og klimaendringar
I rapporten Status for norske laksebestandar i 2025 peikar Vitskapleg råd for lakseforvaltning (VRL) på lakselus, rømd oppdrettslaks, sjukdommar og klimaendringar som dei viktigaste påverknadsfaktorane på dei norske laksebestandane. I nokre område vurderer dei at effektane av havbruk åleine er nok til at det det ikkje finst noko haustbart overskot av laks.
Klimaendringar påverkar både havområda og elvane laksen bruker, og desse endringane er i stor grad uopprettelege. På lengre sikt kan klimaendringar derfor vera ein endå større trussel mot laksebestandar enn det som kjem fram i dagens vurderingar. Klimaendringar aukar derfor behovet for det blir gjort tiltak mot resten av faktorane som påverkar laksebestandane negativt.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.nobilder.miljodirektoratet.no/fotoweb/Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Villreinarbeidet styrkes med nye stillinger5.2.2026 09:49:58 CET | Pressemelding
Flere statlige stillinger etableres i distriktene for å forbedre tilstanden for villreinen og ta vare på naturområder med mye ferdsel.
Villreinarbeidet blir styrkt med nye stillingar5.2.2026 09:49:58 CET | Pressemelding
Fleire statlege stillingar blir etablerte i distrikta for å forbetre tilstanden for villreinen og ta vare på naturområde med mykje ferdsel.
91 millioner kroner til nitrogenfjerning ved avløpsrenseanlegg4.2.2026 13:31:25 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet deler nå ut 91 millioner kroner til å fjerne nitrogen ved avløpsrenseanlegg i nedbørsfeltet til Oslofjorden. 32 prosjekter får støtte gjennom tilskuddsordningen.
102 fremmede arter kan bli forbudt - Truer norsk natur4.2.2026 12:08:22 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår forbud mot 102 fremmede arter som kan skade norsk natur.
102 framande artar kan bli forbodne - truar norsk natur4.2.2026 12:08:22 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår forbod mot 102 framande artar som kan skade norsk natur.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom