Medietilsynet må behandle søknad om tilskott på nytt
28.1.2026 14:02:17 CET | Medietilsynet | Pressemelding
Medieklagenemnda har gitt Altinget medhald i klaga si på avslaget om produksjonstilskott i 2024. Nemnda seier i vedtaket sitt at Altinget er ei avis og ikkje fleire, slik Medietilsynet la til grunn i avslaget sitt.

Nå skal søknaden tilbake til Medietilsynet for ny behandling.
Ei avis eller fleire nisjeaviser
Medietilsynet avslo søknaden om produksjonstilskott fordi tilsynet meinte Altinget AS ikkje oppfylte vilkåret i forskrifta om at selskap som skal få tilskott berre kan gi ut eitt nyheits- og aktualitetsmedium. Medietilsynet vurderte at Altinget AS gav ut seks nisjepublikasjonar.
Medieklagenemnda er altså ikkje einig i Medietilsynets vurdering på dette punktet. Nemnda skriv i vedtaket sitt at dei etter ei samla vurdering har komme til at Altinget.no skal reknast som eitt nyheits- og aktualitetsmedium.
Medietilsynet skal nå, så snart som moleg, behandle søknaden frå Altinget AS på nytt, med føringane frå nemnda.
Dei endelege føringane frå nemnda vil òg få betydning for søknaden til Altinget for 2025.
Slik er klage- og ankemoglegheitene ved avslag på søknad om produksjonstilskott:
- Det er mogleg å klage på Medietilsynets vedtak om produksjonstilskott.
- Det er Medieklagenemnda som er klageinstans.
- Om Medieklagenemnda opphever Medietilsynets vedtak, blir søknaden send tilbake til Medietilsynet for ny behandling.
- Det nye vedtaket frå Medietilsynet kan også klagast på.
- I så fall går saka tilbake til Medieklagenemnda for endeleg avgjerd.
Dette er produksjonstilskottet:
- Produksjonstilskottet er den største direkte mediestøtteordninga, og Medietilsynet forvaltar ordninga.
- I 2025 blei 440,6 millionar kroner fordelte i støtte.
- 163 aviser fekk produksjonstilskott i 2025, åtte av dei for første gong.
- Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av redaktørstyrte tekstbaserte nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Ordninga er plattformnøytral.
- Ordninga er særleg retta mot nyheitsmedium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og nyheitsmedium som er alternativ til dei leiande nyheitsmedia i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
- Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Krava gjeld blant anna innhald, talet på abonnentar og driftsøkonomi.
Kontakter
Bengt-Eigil Ruud
Tel:906 67 828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noFølg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Nær 25 millionar til innovasjonsprosjekt i media30.4.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet skal fordele 24 540 000 kroner i innovasjonsstøtte i 2026, og opnar nå for søknader.
Medietilsynet vil vedtektsfeste krav til NRK om samarbeid29.4.2026 09:58:20 CEST | Pressemelding
NRKs ansvar for å samarbeide med kommersielle redaktørstyrte medier bør inn i selskapets vedtekter, anbefaler Medietilsynet i en ny rapport. Det foreslås også å utrede NRKs framtidige regionale nyhetsoppdrag, med bakgrunn i at nyhets- og aktualitetstilbudet på nett har en svak posisjon i regionene.
Medietilsynet: Glad for at lov om aldersgrenser i sosiale medier er på vei24.4.2026 11:15:14 CEST | Pressemelding
– Det er bra at det varslede lovforslaget om aldersgrenser i sosiale medier legges fram for Stortinget i år. Norske barn og unge trenger økt beskyttelse på digitale flater, sier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
175 aviser vil ha produksjonstilskott17.4.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
175 aviser har i år søkt om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. 13 av desse har ikkje fått støtte tidlegare. Blant dei nye søkarane er det både lokalaviser og aviser med heile landet som nedslagsfelt.
Nå kan alle nominere til Ibelinprisen16.4.2026 14:00:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet har åpnet for nominasjoner til Ibelinprisen 2026. Nytt i år er at barn og unge selv kan foreslå spillere de mener er en god rollemodell.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom