Riksantikvaren

8,7 millionar kroner til kulturmiljø på kysten og i landbruket

Del

Havnene langs norskekysten og områda frå landbruksnæringane fortel viktige delar av historia om Noreg. No gir Riksantikvaren 8,7 millionar kroner i tilskot for å vidareutvikle desse kulturmiljøa.

Henningsvær i Lofoten
Henningsvær i Lofoten Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren. Fri bruk mot kreditering

– Bruk er det beste vern for kulturminne og kulturmiljø. Det er fantastisk å sjå at det er så mykje aktivitet langs kysten og i landbruket, og det er gode prosjekt som no får støtte gjennom denne tilskotsordninga. Det styrkjer kulturarven vår, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Tilskota skal auke bruk, samarbeid, kunnskap, formidling og heve kompetanse. Prosjekt som støttar opp om bevaringsstrategiane til regjeringa for kulturmiljøet på kysten og kulturmiljøet i landbruket har vorte prioritert i tildelinga. Riksantikvaren har fått 107 søknader på til saman 49,2 millionar kroner til denne tilskotsposten for verdiskaping i denne omgangen.

–  Søknadene er oppfinnsame og opnar for å samle kunnskap om korleis vi kan vareta og formidle kulturarven framover. Tilskota skal leggje til rette for å løfte i flokk og få ein samla effekt som kjem fellesskapen til gode. Vi vil ta vare på område med historisk sus som alle i Noreg skal kunne oppleve, seier riksantikvar Hanna Geiran.


Gir 5,4 millionar til kulturmiljø på kysten

– I år gir vi 5,4 millionar til totalt 19 prosjekt blant mange gode søknader frå kysten, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Riksantikvaren har fått 72 søknader om tilskot på til saman 36 millionar kroner til prosjekt knytte til kysten. Det er stor variasjon i prosjekta som får tilskot, både i storleik og tematikk.

– Naust og sjøhus er prioritert. Det er også prosjekt som tek for seg arkeologi. Dette er kulturminne som er trua, og det er derfor gledeleg at vi har fått så mange gode søknader som sørgjer for ny bruk og kompetanseutvikling. Nivået på søknadene i år var svært høgt, seier Geiran.


Gir 3,3 millionar til kulturmiljø i landbruket

Riksantikvaren har fått 35 søknader om tilskot til kulturmiljø i landbruket, på til saman 13,2 millionar kroner som samla søknadssum.

Nær 3,3 millionar kroner er fordelte til 13 ulike prosjekt som dreier seg om å vareta historiske kulturmiljø frå både landbruk, skog og seterdrift.

Prosjektet «Til Vipetangen!» i Trøndelag skal flytte heile landbrukseigedommar frå Ørlandet til Brekstad, som ein del av ein ny bydel.

Det landsdekkjande prosjektet «Lys i gamle hus» får støtte til arbeidet med alle typar bygningar som er gått ut av tidlegare bruk.

–Kulturarv kan vere nøkkelen til nyutvikling! Det kan gi gode ringverknader når gamle kulturminne får nytt liv, seier riksantikvar Hanna Geiran.

–Vi har prioritert fleire prosjekt som samlar kunnskap om mogleg ny bruk av bygningar frå ei anna tid, og prosjekt som legg til rette for samhandling. Det opnar for å bevare heilskapen i kulturmiljø i landbruket. Til dømes er materiale i tre av kvalitetsvirke på sikt avgjerande for å ta vare på dei historiske bygningane våre, seier Geiran.

 

Kulturmiljø som ressurs

Tilskuddsmidlene for næringar og industriars kulturmiljø, og for bygder og byars kulturmiljø, blir lyste ut i løpet av våren 2026.

Verdiskapingsmidlane er tilskot frå Riksantikvaren, som skal støtte prosjekt der kulturmiljø blir brukt som ein ressurs for lokal utvikling, næring, kunnskapsbygging og berekraft.

Tilskotet i statsbudsjettet for 2026 er på 20,4 millionar kroner.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tildelingar:

Tilskot til kulturmiljøet i landbruket

Prosjekt Tilskot i kroner Søkar Fylke
Til Vipetangen 500 000 Trøndelag fylkeskommune Trøndelag
Lys i gamle hus 800 000 Fortidsminneforeningen Landsdekkende
All den steinen - tørrmuring 58 000 Stiftinga Stemnebø Ting Vestland
Skjøtsel Havrå 165 000 Museumssenteret i Hordaland (MUHO) Vestland
Regionale lagre for tremateriale i bygningsvernet 300 000 Innlandet fylkeskommune Innlandet
Materialbank trevirke Kaupangerskogene 300 000 Kaupanger Hovedgård Vestland
Ormobstad arveskog 200 000 Ormbostad samlingar STI Møre og Romsdal
Fjordens grønne arv 74 000 Verdsarven Urnes, Luster kommune Vestland
Levende seterkultur på Grøset 130 000 Hans Tore Ulberg, lokalisert i Sigdal kommune Buskerud
Setre i soloppgang 300 000 Indre Fosen kommune Trøndelag
Førsvoll sauehus 125 000 Myrveien Vekst AS Rogaland
Besøksstrategi skogbrukets kulturmiljø 200 000 Innlandet fylkeskommune Innlandet
Liastølen som kulturmiljø og formidlingsarena 100 000 Øystre Slidre kommune Innlandet
SUM: 3 252 000

Tilskot til kulturmiljøet på kysten

Prosjekt Tilskot i kroner Søkar Fylke
Veileder for bærekraftig bevaring, bruk og ombruk av sjøbruksmiljø i strandsoner og byer 450 000 Rogaland fylkeskommune Rogaland
Leidangens kulturmiljø 1 200 000 Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger (AM-UiS) Rogaland
Kolbeinsensjøhusene i Haugesund - pilot for nye  boliger i eldre sjøhusbebyggelse 300 000 Haugesund kommune Rogaland
Sammen om kysten 400 000 Norske arkitekters landsforbund
Kystkulturkvartalet i Langesund 400 000 Bamble kommune Telemark
Handelssteder og gjestgiverier langs kysten 200 000 Forbundet Kysten
Kystens fangstanlegg 250 000 Norsk Maritimt museum Vestland
Satsing på felles kulturarv i Nord 250 000 Sametinget
Forlist! Destinasjon Missingene 100 000 Norsk Maritimt museum Østfold
Videre arbeid med prosjektstøtteordning for kystkultur, uthavner og europeisk kulturell rute 400 000 Agder fylkeskommune Agder
Framtid for kulturhistoriske sjøbruksbygningar i Sunnhordland 300 000 Sveio kommune Vestland
Kirken og båten 85 000 Salten Veteranbåtlag Nordland
Kystarv under press: Klima, kultur og verdiskaping på ytterkysten av Øygarden og på Sunnmøre 300 000 Universitetsmuseet i Bergen Vestland
Kulturminneregistrering Oksval-Ursvik 300 000 Nesodden kommune Akershus
Kulturopplevingsturar med veterandampskipet  «Stord I» i  Indre farlei, Vestland 80 000 Stiftelsen D/S Stord I Vestland
Kystkultur som et strategisk virkemiddel i utviklingen av Risør som et helårlig reisemål 200 000 Arnesen & Rhein Utvikling AS Agder
Redningshytta på holmen Heia 14 000 Heias venner Østfold
Utvidelse av kultursti Henningsvær 110 000 Vågan kommune Nordland
Bryggehus Mortenhals 100 000 Nordnorsk fartøyvernsenter Troms
SUM 5 439 000

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

Havråtunet på Osterøy utanfor Bergen.
Havråtunet på Osterøy utanfor Bergen.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren. Fri bruk mot kreditering
Last ned bilde
Riksantikvar Hanna Geiran
Riksantikvar Hanna Geiran
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren. Fri bruk mot kreditering
Last ned bilde
Lille Bøle i Rollag kommune i Buskerud. Det landsdekkjande prosjektet "Lys i gamle hus" får tilskot frå  Riksantikvarens verdiskapingsmidler til kulturmiljø.
Lille Bøle i Rollag kommune i Buskerud. Det landsdekkjande prosjektet "Lys i gamle hus" får tilskot frå Riksantikvarens verdiskapingsmidler til kulturmiljø.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren. Fri bruk mot kreditering
Last ned bilde
Lille Bøle i Rollag kommune i Buskerud. Det landsdekkjande prosjektet "Lys i gamle hus" får tilskot.
Lille Bøle i Rollag kommune i Buskerud. Det landsdekkjande prosjektet "Lys i gamle hus" får tilskot.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren Fri bruk mot kreditering
Last ned bilde
Stord 1
Stord 1
Foto: Erik Småland, Riksantikvaren. Fri bruk mot kreditering
Last ned bilde
Arbeid med tørrmur.
Arbeid med tørrmur.
Foto: Jonas Adriansen. Fri bruk mot kreditering
Last ned bilde
Prosjektet "Til Vipetangen!" dreiar seg om flyttinga av landbruksbygningar frå Ørlandet til Brekstad.
Prosjektet "Til Vipetangen!" dreiar seg om flyttinga av landbruksbygningar frå Ørlandet til Brekstad.
Foto: Spætt film / Trøndelag fylkeskommune Fri bruk mot kreditering
Last ned bilde

Lenker

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye